Morfem er ei grammatisk eining som er mindre enn ordet. Det er til dømes vanleg å seie at vi kan dele ordet ubrukbar i morfema u, bruk og bar og ordet inhabil i morfeme in og habil, men det trengst ein del presiseringar.

Ordet morfem, i den tyske forma Morphem, blei laga i 1880 av den polske lingvisten Jan Baudouin de Courtenay (1845–1929), etter mønster av ordet fonem, og han definerte det som ein del av eit ord som er «psykologisk autonomt» – det vil seie at det har si eiga sjølvstendige tyding – og som ikkje kan delast opp vidare. Han la til at termen omfatta både røter og affiks.

Den amerikanske lingvisten Leonard Bloomfield (1887–1949) definerte morfemet (engelsk morpheme) som ei språkleg form som ikkje har nokon delvis fonetisk-semantisk likskap med noko anna form. Morfemet måtte med andre ord ikkje innehalde delar som er fonetisk og semantisk identiske med delar av andre former – då ville det vere fleire morfem, og ikkje eitt. I praksis er dette den same definisjonen som den til Baudouin de Courtenay, som han også var påverka av. Vi kan ikkje seie at brukbar er eitt morfem, for vi kjenner att bruk i verbet bruke og bar i adjektivet brennbar.

For Bloomfield hadde morfemet (i) ei fast tyding og (ii) ei relativt fast form. Dei engelske fleirtalsformene /ˈbɔɪz/ (boys) ‘gutar’, /ˈkæts/ (cats) ‘kattar’ og /ˈbʌsɪz/ (buses) ‘bussar’ kan analyserast som sekvensar av to morfem (kvart morfem står mellom krøllparentesar, {…}):

  • {/ˈbɔɪ/ ‘gut’} + {/z/ ‘fleirtal’}
  • {/ˈkæt/ ‘katt’} + {/z/ ‘fleirtal’}
  • {/ˈbʌs/ ‘buss’} + {/z/ ‘fleirtal’}

Morfemet {/z/ ‘fleirtal’} er realisert fonetisk som /z/, /s/ eller /ɪz/, tre realiseringar som liknar kvarandre sterkt i form. Variasjonen mellom dei kan forklarast ut ifrå den fonologiske omgjevnaden, til dømes slik at /z/ må endrast til /ɪz/ etter ein sibilant (/s z ʃ ʒ ʧ ʤ/), fordi to sibilantar ikkje kan kome rett etter kvarandre i eit ord. Derimot rekna Bloomfield med eit anna fleirtalsmorfem, {/ǝn/ ‘fleirtal’}, i /ˈɒksǝn/ (oxen) ‘oksar’, og atter eit anna, {/aɪ/ ‘fleirtal’}, i /ˈkæktaɪ/ (cacti) ‘kaktusar’:

  • {/ˈɒks/ ‘okse’} + {/ǝn/ ‘fleirtal’}
  • {/ˈkækt/ ‘kaktus’} + {/aɪ/ ‘fleirtal’}

For Bloomfield representerte u i ubrukbar og in i inhabil forskjellige morfem, {u ‘negativ’} og {in ‘negativ’}.

For nordamerikanske lingvistar etter Bloomfield, frå Charles F. Hockett (1916–2000) til Noam Chomsky (fødd 1928), var morfemet ei eining som (i) har ei fast leksikalsk eller grammatisk tyding og (ii) er realisert gjennom ei eller fleire fonologiske former som ikkje treng å likne kvarandre. På grunn av den sterke stillinga til amerikansk lingvistikk har denne bruksmåten blitt vanleg over det meste av verda, også i Noreg.

Dei engelske fleirtalsformene /ˈbɔɪz/ (boys) ‘gutar’, /ˈkæts/ (cats) ‘kattar’, /ˈbʌsɪz/ (buses) ‘bussar’, /ˈɒksǝn/ (oxen) ‘oksar’ og /ˈkæktaɪ/ (cacti) ‘kaktusar’ utgjer då morfemsekvensane {gut} + {fleirtal}, {katt} + {fleirtal}, {buss} + {fleirtal}, {okse} + {fleirtal} og {katus} + {fleirtal}. Morfemet {fleirtal} har då mellom anna realiseringane /z/, /s/, /ɪz/, /ǝn/ og /aɪ/.

Kvar ulik realisering av eit morfem blir kalla ein variant eller ein allomorf. For nordamerikanske lingvistar etter Bloomfield kunne u i ubrukbar og in i inhabil reknast som det same morfemet. Dei blir begge allomorfar av morfemet {negativ}.

Ein lingvist som utforskar morfologien eit språk, må fyrst finne fram til kvar morf i eit ord. Ein morf er ei eining som (i) har ei fast leksikalsk eller grammatisk tyding og (ii) er realisert gjennom ein særskild sekvens av morfem. Til dømes er /z/, /s/, /ɪz/, /ǝn/ og /aɪ/ i på slutten av engelske fleirtalssubstantiv (jamfør ovanfor) morfar. Neste steg for lingvisten er å finne fram til dei morfema som ein morf er ein allomorf av: Morfen /ǝn/ er ein allomorf av morfemet {fleirtal}.

Den franske lingvisten Antoine Meillet (1866–1936) nytta termen morfem (fransk morphème) om formativar, det vil seie morfologiske element med grammatisk tyding – i hovudsak affiks. Denne terminologien blei vidareutvikla av ein annan fransk lingvist, André Martinet (1908–1999). Han nytta morfem på same måten som Meillet, men innførte i tillegg termen monem (fransk monème), med same tyding som morfem hos Baudouin de Courtenay og Bloomfield. Dessutan nytta han termen leksem (fransk lexème) om monem med leksikalsk tyding, slik at rota kjær i kjærleik var eit leksem, medan suffiksa leik og en var morfem. Både rota kjær og suffiksa leik og en var monem.

Den svenske språkforskaren Adolf Noreen (1854–1925) nytta termen morfem om eit uttrykk med ei særskild tyding, frå røter og affiks til heile ord og frasar, slik at både kjær, leik, en, kjærleiken og den gode kjærleiken var morfem. Noreen la i termen morfem om lag det same som det ein i moderne konstruksjonsgrammatikk kallar ein konstruksjon.

Teorien om at ord kan delast opp i morfem og at ein på denne måten kan gjennomføre ein uttømmande og plausibel morfologisk analyse av orda i alle språka i verda, blir kalla morfembasert morfologi. Sentralt i denne teorien står ideen om at morfologisk komplekse ord kan delast i fleire morfem som følgjer etter kvarandre som perler på ei snor og at morfema er minimale saussurske teikn; Ferdinand de Saussure (1857–1913) analyserte det språklege teiknet i tyding (signifikant) og form (signifikatum). Teorien byggjer såleis på dei fem grunnleggjande prinsippa i (1).

(1) Fem grunnleggjande prinsipp for morfembasert morfologi

  1. Morfem er einsarta, udelelege språklege einingar med ei fast tyding som er uttrykt gjennom eit sett med gjensidig utelukkande allomorfar.
  2. Ord er samansette av morfem, og ingenting anna.
  3. Kvart morfem i eit ord er representert i denne ordet med berre éin allomorf.
  4. Kvar allomorf i eit ord representerer berre eitt morfem.
  5. Morfema i eit ord gjev ein uttømmande leksikalsk og grammatisk karakteristikk av dette ordet.

Desse fem prinsippa er drøfte kort nedanfor.

Infiks og sirkumfiks bryt dette prinsippet. Frå det arabiske verbet نفض nafadˤa ‘han rista’ kan ein avleie verbet انتفض ʔintafadˤa ‘han rista av seg’, der infikset t er sett inn etter n, som er fyrste konsonanten i rota, som då blir delt i to.

Frå det indonesiske adjektivet merdeka ‘fri’ kan ein avleie substantivet kemerdekaan ‘fridom’, der ke–an er eit sirkumfiks, eit morfem som er realisert med éin del, ke, føre rota og ein annan del, an, etter rota.

Norske adjektiv som barnsleg og fiendsleg / fiendtleg har ein s eller ein t mellom rota og avleiingssuffikset leg som ikkje har ei tyding og som det er vanskeleg eller umogeleg å rekne som allomorfar av kjende morfem.

Dei norske orda glo, glitter, glimt, glans, glore liknar kvarande semantisk ved at dei alle har å gjere med lys frå ei særskild kjelde, og dei tek alle til med gl. Men dersom vi reknar gl som eit morfem, blir det i alle tilfella att ein rest – o, itter, imt, ans, ore – som ikkje er morfem. Det same fenomenet ser vi i orda klappe, klabbe, klaske, klapse, som uttrykkjer ulike måtar å slå på og alle tek til med kla.

Ein har innført termen tom morf (engelsk empty morph) for morfar som berre har form og ikkje tyding. Slike morfar kan ikkje representere saussurske teikn.

Dette prinsippet blir brote i tyske perfektum partisipp av typen gelacht ‘ledd’ (av lachen ‘le’) der både prefikset ge og suffikset t må reknast som realiseringar av morfemet {perfektum partisipp}. Endå meir kompliserte er tilhøva i gefunden ‘funne’ (av finden ‘finne’), der ikkje berre ge og en er realiseringar av {perfektum partisipp}, men også vokalen u i stamma, sidan andre bøyingsformer har andre stammevokalar, jamfør finden ‘finne’ og fand ‘fann’.

Dei norske preteritumsformene kasta og tenkte kan analyserast som sekvensar av to morfar, kast+a og tenk+te, som representerer morfem-sekvensane {kaste} + {preteritum} og {tenkje} + {preteritum}. Men preteritumsformene beit og skaut bryt prinsippet om at kvar allomorf i eit ord representerer berre eitt morfem. Dei har ikkje meir enn éin morf kvar, men representerer to morfem: Beit representerer morfema {beit} + {preteritum} og skaut representerer {skyte} + {preteritum}.

Ein har innført termen samlemorf (engelsk portmanteau morph eller cumulative morph) som namn på morfar som representerer to eller fleire morfem.

Sidan det engelske ordet /ˈbɔɪz/ (boys) ‘gutar’ er fleirtal av substantivet boy ‘gut’, gjev morfemsekvensen {boy} + {fleirtal} ein uttømmande leksikalsk og grammatisk karakteristikk av dette ordet. Vi deler med andre ord /ˈbɔɪz/ i to morfar, /ˈbɔɪ+z/, der /ˈbɔɪ/ representerer morfemet {boy} og /z/ representerer morfemet {fleirtal}.

Men det engelske substantivet sheep ‘sau’ heiter /ˈʃiːp/ i både eintal og fleirtal. Difor må fleirtalsforma /ˈʃiːp/ (sheep) ‘sauer’ representere morfemsekvensen {sheep} + {fleirtal}, som er ein uttømmande leksikalsk og grammatisk karakteristikk av dette ordet. Men denne analysen føreset at nokre morfem har allomorfar utan fonologisk form. Vi lyt seie at fleirtalsforma /ˈʃiːp/ (sheep) ‘sauer’ er ein sekvens av to morfar, /ˈʃiːp+Ø/, der Ø står for “null”, det vil seie ein morf utan fonologi.

Ein har innført termen null-morf (eller null-allomorf; engelsk zero (allo)morph) for morfar som berre har tyding og ikkje fonologisk form. Null-morfar kan ikkje representere saussurske teikn.

Mange lingvistar meiner at alle desse brota på dei grunnleggjande prinsippa i (1) falsifiserer den morfembaserte morfologien: 

  • Morfema er ikkje udelelege; jamfør prinsipp 1.
  • Ordet kan ikkje delast uttømmande i morfem; jamfør prinsipp 2.
  • Morfem er ikkje alltid representerte i eit ord med berre éin allomorf; jamfør prinsipp 3.
  • Morfane i eit ord representerer ikkje alltid berre eitt morfem; jamfør prinsipp 4.
  • Morfema i eit ord gjev berre ein uttømmande leksikalsk og grammatisk karakteristikk av dette ordet dersom vi postulerer morfem som ikkje kan observerast, såkalla null-morfem; jamfør prinsipp 5.

Det finst andre teoriar som ikkje er i konflikt med dei faktiske morfologiske tilhøva i ulike språk. Viktigast er ordbasert morfologi, som byggjer på den ideen at ordet er det minimale saussurske teiknet – i samsvar med det Ferdinand de Saussure sjølv truleg gav uttrykk for. Denne alternative teorien dannar grunnlaget for framstellinga i artikkelen morfologi.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.