Lånord er ord som på eit gitt tidspunkt er overteke frå eit anna språk, og som ikkje er nedarva frå den eldste tilgjengelege eller rekonstruerte forma av språket. Lånord kjem gjerne inn i eit språk saman med den tingen eller det forholdet ordet beskriv. Det kan også skje på grunn av språklege motar, til dømes fordi det er prestisje knytt til eit framandt språk, på kostnad av eldre, innfødde ord.

Når eit lånord i form eller bøying skil seg ut frå vanlege, innfødde ord, kallar ein det ofte framandord, til forskjell frå lånord i snevrare forstand, der orda er tilpassa strukturen i språket det er lånt inn i. Slike lånord kan ofte berre skiljast frå det nedarva ordtilfanget ved språkvitskaplege eller historiske metodar. Dette gjeld eit svært stort tal av dei mest alminnelege orda i norsk, som herre, frue, skute, klok, bruke, begynne, betale og så vidare. Alle desse orda er lånte frå tysk gjennom dansk.

Lånord i norsk

I norsk finn vi grupper av lånord som står i samband med ulike historiske storhendingar opp gjennom tidene. Med kristendommen fekk vi mange angelsaksiske og latinsk-greske ord, med hanseatane mange nedertyske, med reformasjonen tyske og på 1700-talet særleg franske lånord. I nyare tid har ei mengd engelske og svenske ord kome inn i norsk. Vi har heile tida også teke opp mange latinsk-greske lånord, særleg gjennom vitskapleg fagspråk.

Ein eigen type lånord er omsetjingslåna, det vil seie at eit ord frå eit framandt språk ikkje blir lånt direkte, men blir omsett. Norsk samvit/samvittighet kjem via dansk, som ei omsetjing av det latinske conscientia, som igjen er ei omsetjing av det greske syneidesis. Eit nyare døme er bjørnemarknad (marknad med fallande konjunkturar), som er eit omsetjingslån av det engelske bear market.

Nokre språk har forholdsvis få lånord, ofte fordi ein har vilja erstatte dei med heimlege og ofte nylaga ord. Dette blir kalla purisme. Desse språka har likevel ofte mange omsetjingslån. Døme på slike språk er islandsk, finsk og ungarsk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg