Finitt er namnet på ei verbform som aleine kan fungere som verbal i ei sjølvstendig setning.

Faktaboks

Uttale
finˈitt
Etymologi
av latin fīnītum ‘avgrensa, avslutta’, perfektum partisipp av fīnīre 'avgrense, fastsetje, avslutte'

I desse norske døma er finitte verbformer kursiverte:

  • Eli har kjøpt seg bil.
  • Marius las den boka i går.
  • Likar du fårikål?
  • Kom hit!

Finitt og infinitt

Verbformer som ikkje er finitte, er infinitte. I norsk skil dei finitte verbformene seg frå dei infinitte ved at dei er bøygde i modus (indikativ, imperativ). I dei fleste variantar av norsk har verbet seks bøyingsformer – tre finitte og to eller tre infinitte (mange reknar ikkje presens partisipp som ei infinitt verbform, men som ein type adjektiv):

Type Modus og tempus Eksempel
finitt indikativ, presens byggjer, kastar, kjem, har, er
finitt indikativ, preteritum bygde, kasta, kom, hadde, var
finitt imperativ bygg, kast, kom, ha, ver
infinitt infinitiv byggje, kaste, kome, ha, vere
infinitt presens partisipp byggjande, kastande, komande, havande, verande
infinitt perfektum partisipp bygd, kasta, kome, hatt, vore

I tillegg har norsk nokre marginale former med modusen konjunktiv, som leve i Leve kongen!

Er berre finitte verbformer verb?

Det finst lingvistiske teoriar som definerer verbet slik at denne ordklassen berre omfattar det som har er kalla finitte verbformer.

I kognitiv grammatikk er verbet definert semantisk som ein ordklasse som viser til ein prosess. Ein prosess er definert som eit fenomen med eit tidsperspektiv. Infinitiv og partisipp deler ikkje denne karakteristikken. Til dømes har infinitiven substantiviske eigenskapar, mens partisippa har adjektiviske eigenskapar.

Finitte og infinitte verbformer i andre språk

Skiljet mellom finitte og infinitte verbformer finst ikkje i alle språk. Det føreset at verbet blir bøygt.

I språk utan verbbøying, som mandarin, finst det ikkje noko morfologisk skilje mellom finitte og infinitte verbformer.

Nokre språk, mellom anna latin, har fleire finitte verbformer, til dømes fordi verbet blir bøygt i person og tal, eller fordi dei har fleire modusar (modi), som konjunktiv og optativ, eller andre bøyingskategoriar, som aspekt og diatese.

Andre språk, til dømes moderne gresk og romanés, har færre infinitte former. Dei manglar infinitiv og har berre partisipp.

Atter andre, som cree, har berre finitte verbformer.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg