Halvdan Koht

Faktaboks

Halvdan Koht
Født
7. juli 1873, Tromsø
Død
12. desember 1965, Bærum
Halvdan Koht

Halvdan Koht var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet. Han kom tidleg i kontakt med målrørsla, og vart etter kvart den framste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål. Som utanriksminister frå 1935 til 1941 førte han ein nøytralitetspolitikk, og etter andre verdskrigen ga mange han skulda for at Noreg vart okkupert. Seinare historikarar har gitt eit meir nyansert syn på saka. Foto frå 1938. Frå Norsk biografisk leksikon.

Halvdan Koht
Av /Gyldendal Norsk Forlag.
Halvdan Koht
Halvdan Koht på arbeidsrommet, ukjent dato.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Halvdan Koht var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet. Frå 1910 til 1935 var han professor i historie, og frå 1935 til 1941 var han utanriksminister. Han var utanriksminister då Nazi-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940 og var ein omstridd mann både under og etter andre verdskrigen.

Koht var ein av dei mest framståande personane i norsk akademisk og politisk liv i første halvdel av 1900-talet. I 1900 vart han universitetsstipendiat, i 1908 dr.philos. og dosent i historie. I 1910 vart han professor i historie ved Universitetet i Kristiania, og han var ei markant røyst i historikarmiljøet. Han var språkmektig og hadde eit omfattande internasjonalt nettverk.

Koht kom tidleg i kontakt med målrørsla. Han vart òg etter kvart den fremste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål.

Koht vart utanriksminister i Johan Nygaardsvolds Arbeidarpartiregjering i 1935 (frå 1940 kalt Londonregjeringa). Då den norske nøytralitetspolitikken mislukkast og Noreg vart okkupert av Tyskland i 1940, fekk Koht av mange hovudskulda for at Noreg var dårleg førebudd på krig. I 1941 måtte han gå av som utanriksminister, men han gav aldri opp kampen for ettermælet sitt.

Koht som historikar

Historiesyn

Koht hadde eit materialistisk historiesyn. Han meinte at økonomiske tilhøve og kamp mellom klassar er dei viktigaste historiske drivkreftene. I mellomalderforskinga var han kritisk til å leggje for stor vekt på Snorres kongesoger og andre sogeskrifter.

Koht bygde opp ein overordna teori om den norske historiske utviklinga, der først bøndene og deretter arbeidarane gjennom kamp vann fram til samfunnsmakt. Slik vart den norske nasjonen rikare og meir demokratisk. Her skilde han seg frå ein del andre representantar for den marxistiske materialismen (dialektisk materialisme). Medan mange i arbeidarrørsla meinte at det var ein djup motsetnad mellom klassekamp og nasjonal strid, var det for Koht to sider av same sak, og dette synet tok han med seg inn i politikken.

Utgjevingar

Koht var ein uvanleg arbeidsam historikar. Spesialfeltet hans var norsk mellomalderhistorie, men han trekte gjerne linjer framover til vår tid og utover i verda. I hovudverket Norsk bondereising, frå 1926, følgjer han såleis bøndene sin kamp frå opprøra på 1400-talet fram til den organiserte bonderørsla på 1800-talet.

I sitt emneval spenner Koht vidare enn nokon annan norsk historikar. Han var den første som konsekvent nytta moderne kjeldekritikk på sagalitteraturen. Koht såg norsk mellomalderhistorie som ein parallell vekst av kongens, herredømmet til aristokratiet og kyrkja på bekostning av det gamle ættesamfunnet. Sine arbeid om norsk mellomalderhistorie gav Koht ut i 1921 under tittelen Innhogg og utsyn i norsk historie.

Om 1814 gav Koht ut fleire arbeid, og han behandla 1800-talet i ei rekkje biografiar, blant dei Johan Sverdrup (3 bind, 1918–1925), Kohts største arbeid, og Henrik Ibsen (2 bind, 1928–1929 og seinare utgåver). Til Norsk biografisk leksikon var han stor bidragsytar. Alt som nybakt kandidat hadde han fullført Halvorsens forfattarleksikon.

I Norsk bondereising (1926) trekkjer Koht ei linje mellom dei to periodane han framfor alt interesserte seg for: mellomalderen og 1800-talet. Han finn heile tida spenningar av same art, sosiale folkereisingar som også får nasjonale mål fordi dei er retta mot eit framandherredømme. Det same motivet påviser han i tysk og i amerikansk historie (Genesis of American Independence, 1910). Dette synet gjorde Koht til målmann; han står som ein sentral figur i nynorsk kulturreising. Seinare skreiv han serien Kriseår i norsk historie (6 bind 1950–1959).

Verv og roller

Koht spelte ei framståande rolle i internasjonal forsking og forskingsorganisasjon. Han var æresdoktor ved fleire utanlandske universitet. Staten brukte han som forhandlar med Danmark i Grønlands- og arkivsaka.

Koht var ein av grunnleggjarane av den internasjonale historikarkomiteen Comité International des Sciences Historiques (CISH), der han var den første presidenten, frå 1926 til 1933. Han var æresdoktor ved fleire utanlandske universitet. I periodane 1912–1927 og 1932–1936 var han formann i Den norske historiske forening.

Politikaren Koht

Regjeringen Nygaardsvold
Regjeringa Johan Nygaardsvold, 1935. Utanriksminister Halvdan Koht er nummer tre fra venstre, til høgre for han står statsminister Nygaardsvold.

Språkpolitikar

Koht voks opp i ein politisk engasjert heim. I 1885 flytta familien frå Tromsø til Skien, der faren, læraren Paul Koht, vart vald til ordførar og stortingsrepresentant for Venstre. Alt som student gjorde Koht seg gjeldande som samfunnsdebattant. Han støtta ivrig opp om Venstre si linje i unionsstriden og gjekk inn for republikk i forbindelse med unionsoppløysinga i 1905. Eit opphald i USA gjorde han meir kritisk til kapitalismen, og i 1911 melde han seg inn i Arbeidarpartiet.

Koht la mest arbeid ned i språkpolitikken, og arbeidde aktivt for at Arbeidarpartiet skulle ta opp målsaka. Han hadde begynt å skrive landsmål (nynorsk) med ei svært personleg rettskriving alt i 1890-åra. Han var redaktør i tidsskriftet Syn og Segn i åra 1901–1908, og han redigerte i fleire år utanriksstoffet i nynorskavisa Den 17de Mai.

I Arbeidarreising og målspørsmål (1921), skrive på oppmoding frå partiet, gjorde Koht greie for den kulturpolitiske draumen sin, samlinga av dei to skriftspråka på folkeleg grunnlag, som også innebar ein djupare nasjonal solidaritet og integrasjon. I den samanhengen skreiv han at «sosialisme er den høgste form for nasjonaltanke».

Frå 1921 til 1925 var han leiar i Noregs Mållag. Det langsiktige målet hans var å få dei to skriftmåla til å vekse saman på norsk folkemåls grunn, og denne linja – samnorsk – fekk han gjennomslag for i Arbeidarpartiet. Koht følgde dermed opp tanken om ein «nasjonal samvokster» av bønder og arbeidarar også på det språklege området.

I 1936 fekk han Arbeidarpartiet til å programfeste språkreform bygd på folkemålet, og to år etter var han med på å føre den nye rettskrivingsnorma og det radikale samnorskprosjektet i hamn. Språkreforma i 1938, der Koht stod sentralt, var det mest konkrete uttrykket for språksynet til Koht. Reforma opna for ei rekkje nye former og la til rette for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Men den nye rettskrivinga møtte motstand både i delar av målrørsla og frå riksmålshald, og samnorsken vart berre utvikla eit stykke på veg, først og fremst som språket til byråkratiet. Etter andre verdskrigen vart samnorskpolitikken gradvis lagd til side.

Element av Kohts tankegods, som ideen om tilhøvet mellom klassekamp og nasjonal utvikling, gjekk likevel inn i den sosialdemokratiske ideologien som var ein av grunnpilarane til Fellesprogrammet av 1945.

Utanriksminister (1935–1941)

Halvdan Koht

Noregs utanriksminister Halvdan Koht (til venstre) talar i radio frå Washington D.C. i 1937. Kohts utanrikspolitikk var først og fremst ein streng nøytralitetspolitikk.

Av /Library of Congress.

Koht vart utanriksminister i 1935. Han kom til Utanriksdepartementet med bakgrunn frå internasjonalt fredsarbeid, og med ei målsetjing om å halde Noreg utanfor krig og konflikt. Han var ein sterk tilhengjar av nøytralitetspolitikken, som landet hadde ført med hell under første verdskrigen, og han var skeptisk til at Noreg skulle møte den auka spenninga i Europa med opprusting. Han prøvde å unngå å provosere stormaktene. Såleis gjekk han ut av Nobelkomiteen, som han hadde vore medlem av sidan 1919, då fredsprisen i 1936 vart gitt til den tyske Adolf Hitler-motstandaren Carl von Ossietzky.

Koht vart utanriksminister på eit tidspunkt då forholdet mellom stormaktene for alvor byrja å spisse seg til. Han ville halde fram med å føre utanrikspolitikken innanfor ramma av Folkeforbundet. Men nederlaget for Folkeforbundet i Etiopia-krigen (1935–1936) førte til ei omvurdering. Koht meinte no at Noreg måtte seie seg laus frå sanksjonsreglane i Folkeforbunds-pakta, men utan å gå ut av sjølve Forbundet. Etter dette vart Kohts utanrikspolitikk først og fremst ein streng nøytralitetspolitikk, sjølv om han ikkje ville gå så langt som til å halde Noreg utanfor alle moglege Folkeforbunds-aksjonar.

Koht prøvde å bidra positivt til freden gjennom ulike framstøytar som likevel fekk lite å seie under den aukande stormaktsspenninga. Han var redd for å understreke for sterkt den stigande uvissa i internasjonale forhold fordi det kunne gi grunnlag for ein forsterka forsvarsagitasjon. Her var han på linje med eit fleirtal i det tradisjonelt antimilitaristiske Arbeidarpartiet, men ikkje med alle av den yngre garden i partiet. Koht tenkte først og fremst på eit forsvar som skulle hindre nøytralitetskrenkingar, ikkje føre full krig mot ein erobrar. Etter at andre verdskrigen var brote ut, prøvde Koht å hevde norsk nøytralitet til begge sider. Sidan den offisielle pågangen frå vestmaktene var sterkast, kom han til å bli mest oppteken av trusselen deira mot nøytraliteten, og han undervurderte faren frå Tyskland.

Koht heldt fast ved nøytralitetslinja heilt fram til det tyske overfallet. Balansegangen var vanskeleg, og til sjuande og sist var det eitt omsyn som talde mest for Koht og regjeringa: Noreg måtte i alle tilfelle ikkje kome i krig med Storbritannia.

Det tyske angrepet i 1940 sette sluttstrek for nøytraliteten. Natt til 9. april 1940 var det Koht som på vegner av regjeringa sa nei til det tyske kravet om å overgi seg, og under krigshandlingane i Noreg gjorde han mykje for å halde motstandsviljen oppe.

Då regjeringa etablerte seg i eksil i London (Londonregjeringa), kom Kohts stilling under press. Han vart oppfatta som altfor nølande til eit meir forpliktande samarbeid med Storbritannia. Det vart også brukt mot Koht – ikkje utan grunn – at han var sta og eigenrådig av natur.

Koht gjekk snart av, reelt den 22. november 1940, formelt den 21. februar 1941. Årsaka var ikkje minst at han vart identifisert med nøytralitetspolitikken i førkrigstida og vart vurdert som for tilbakehaldande i forholdet sitt til Storbritannia. Han var skeptisk til at Noreg, som låg i skjeringspunktet mellom aust og vest, knytte seg for einsidig til dei vestallierte og på den måten kunne risikere å øydeleggje forholdet til Sovjetunionen. Koht tok deretter, så lenge krigen vara, opphald i USA, der han var oppteken med litterært arbeid.

Kritikk

Familieportrett
Halvdan Koht og kona Karen med datteren Åse i 1907.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

Stortingets Undersøkingskommisjon av 1945 etter krigen gav Koht kritikk, først og fremst for at han ikkje hadde teke varsla om eit tysk angrep alvorleg nok. Han ba då om å bli stilt for riksrett, men det fann Stortinget unødvendig. Kohts utanrikspolitikk har elles ofte vore kritisert hardare enn det Undersøkingskommisjonen fann grunnlag for å gjere. Kohts eigne vurderingar kan ein finne i Norsk utanrikspolitikk fram til 9. april 1940, Frå skanse til skanse (begge 1947) og For fred og fridom i krigstid (1957).

Etter krigen heldt Koht fram den historiske produksjonen sin og skreiv ei rekkje bøker med historiske emne.

Så lenge han levde, vart Koht likevel aldri heilt kvitt stempelet som syndebukk for 9. april. Seinare historikarar har imidlertid teikna eit meir nyansert bilete av rolla hans.

Familie

Halvdan Koht var gift med Karen Elisabeth Grude Koht, far til Åse Gruda Skard og Paul Gruda Koht, og svigerfar til Sigmund Skard. Han var morfar til Målfrid Grude Flekkøy, Torild Skard og Halvdan Skard.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bjørnsen, Bjørn: Det utrolige døgnet. Oslo 1977
  • Dahl, Ottar: Historisk materialisme : historieoppfatningen hos Edvard Bull og Halvdan Koht, 2. utg., 1974, isbn 82-03-06036-6, Finn boken
  • Grimnes, Ole Kristian: Norge i krig, bd. 1: Overfall. Oslo 1984
  • Haukaas, Kaare: Halvdan Koht : ein bibliografi, 1964, Finn boken
  • Hoel, Oddmund Løkensgard: Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011
  • Riste, Olav: London-regjeringa I–II. Oslo 1973 og 1979
  • Skard, Halvdan: Halvdan Koht : ein bibliografi, b. 2, 1974, isbn 82-521-0261-1, Finn boken
  • Skard, Sigmund: Mennesket Halvdan Koht, 1982, isbn 82-574-0169-2, Finn boken
  • Svendsen, Åsmund: Halvdan Koht. Veien mot framtiden, 2013, isbn 82-02-41394-1, Finn boken

Kommentarer (4)

skrev Axel Scheel

I min begrunnelse for å få oppført i litteraturlisten Axel Scheel: "Utenriksminister Halvdan Kohts hemmeligholdte brev til Unni Diesen i Canada 29. august 1940 - 14. januar 1941", har jeg kommet i skade for å skrive, at "omslagets fotografi av Koht er hentet fra Sigmund Skards biografi 'Mennesket Halvdan Koht'av 1982, s. 64/64." Det skulle ha stått: s. 64/65! (Det finnes en mengde med fotografier samlet mellom sidene 64 og 65.) - Med vennlig hilsen, Axel Scheel

skrev Åsmund Svendsen

Hei!
Det synes merkelig at den siste utgitte biografien om Halvdan Koht ikke er nevnt i litteraturlisten. Jeg vil foreslå at dere setter opp følgende tittel:
Svendsen, Åsmund: Halvdan Koht. Veien mot framtiden. En biografi, 2013. isbn 978-82-02-41394-1

skrev Bjørn Otter Skåret

Følgende avsnitt om Midtskogen er udokumentert og bør strykes: "Trass i dette ga han telefonisk ordre til generalstabssjef Rasmus Hatledal om å avblåse den forestående kampen på Midtskogen, der det var satt opp veisperringer og en provisorisk kampstyrke for å hindre tysk fremrykning og anholdelse av Kongen og regjeringen i Elverum. Begrunnelsen var at han ventet å møte en tysker neste dag for å ta opp videre forhandlinger. Dette skapte bekymring hos generalstabssjefen, men ordren ble ikke effektuert, og fremrykningen ble effektivt stoppet, slik at Kongen og regjeringen klarte å flykte."
Det fins mange versjoner, mer eller mindre udokumenterte, men akkurat denne har jeg aldri sett tidligere.
Hatledal snakket aldri med Koht på Elverum. Hele historien har sin bakgrunn i politimester Haavies samtale med Koht og hans påstand om at Koht hadde "gitt ordre" om å avblåse kampen. Som NS-medlem hadde Haavie sin egen agenda - kanskje etter direkte påtrykk fra Quisling.
Skal denne historien tas med, foreslår jeg Lars Borgersruds versjon

svarte Ida Scott

Hei! Tusen takk for innspill, jeg skal sørge for at en fagperson får sett på dette. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg