Artikkelstart
Johan Nygaardsvold var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, stortingsrepresentant i over tretti år og statsminister frå 20. mars 1935 til 25. juni 1945.
Som reformpolitikar før andre verdskrigen og som regjeringssjef ved krigsutbrotet i 1940 er Nygaardsvolds ettermæle todelt.
Meir enn nokon har han æra for at viktige velferdsordningar vart vedtekne og gjennomførte. Prisen var at det militære forsvaret i landet vart forsømt. Nygaardsvold er derfor i auga til mange gjort ansvarleg for at Noreg vart eit lett byte for okkupasjonsmakta i 1940.
I krigsåra, derimot, var han saman med kong Haakon 7 ein samlande figur i den norske motstandskampen, og leiia Londonregjeringa.
Undersøkingskommisjonen av 1945 fann ikkje å kunne frita Nygaardsvold for ein del av ansvaret for den manglande forsvarsberedskapen før og ved krigsutbrotet, men ytte han anerkjenning for arbeidet i London.
Johan Nygaardsvold var ein av Arbeidarpartiets sterkaste og mest samlande krefter både som talar og agitator. Ved sida av Einar Gerhardsen har han vorte ståande som den mest ruvande leiarskikkelsen i Arbeidarpartiet i det tjuande hundreåret. Nygaardsvold var også personleg populær innan alle politiske parti.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.