Karen Grude Koht

Faktaboks

Karen Grude Koht

Karen Elisabeth Grude, Karen Elisabeth Grude Koht

Født
16. november 1871, Høyland i Sandnes kommune, Rogaland
Død
10. juli 1960, Bærum, Viken

Karen Grude Koht, ukjent år.

Av /Nasjonalbiblioteket .

Artikkelstart

Karen Grude Koht var ein norsk pedagog og essayist. Ho var ei av dei mest boklærde kvinnene i si tid. Ho var ein ihuga føregangsfigur i den framveksande kvinnerørsla og var med og meisla ut ei ny kvinnerolle for det tjuande hundreåret.

Karen Grude Koht var fødd på Jæren. Ho gjekk mellomskulen i Egersund i 1887. Etter nokre år som huslærar og guvernante drog ho til Kristiania, der ho i 1894 tok examen artium, noko berre 12 ungdomar av bondeætt hadde gjort før henne. I 1896 tok ho lærarprøva for studentar og tok til å studere realfag ved universitetet. Seinare vende ho den faglege interessa mot psykologi, språk og kultur, som ho mellom anna studerte ved Sorbonne og Oxford. Hun var gift med Halvdan Koht og mor til Åse Gruda Skard.

Alt frå ungdomsåra heime på Jæren ivra Grude Koht for kvinnene sin rett til utdanning. Etter kvart tok ho offentleg til orde for lik løn for manns- og kvinnearbeid. I lærartida si på Eidsvoll 1908–1909 førte ho opp «Kvendesoge» som undervisningsemne, og 1908 gav ho ut Kvinnearbeid, der ho rettleier unge jenter som skal velje yrke.

Frå 1911 var ho i tjue år med og bygde opp Statens lærarinneskule i husstell på Stabekk i Bærum og var lærar der, samtidig som ho arbeidde for Norske Kvinners Nasjonalråd.

Frå hundreårsskiftet var Grude Koht ei drivkraft i målrørsla. I 1909 gav ho ut Mi fyrste bok, ein ABCnynorsk. Ho var medarbeidar i Syn og Segn, der ho både skreiv eigne artiklar og omsette frå andre språk, ofte om tema frå kunst og kultur.

Grude Koht engasjerte seg i fredssak og for kvinneleg røysterett. Ho gav ut bøker om barneoppseding, og i 1937 Pedagogisk psykologi, saman med dottera, Åse Gruda Skard.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Antoin Aure: Nynorsk boklista. Skrifter i bokform paa norsk – bygdemaal og landsmaal – 1646-1915. Kristiania 1916
  • Sigmund Skard: Karen Grude Koht. Oslo 1987
  • Torild Skard: «Karen Grude Koht», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg