Faktaboks

Sverre Steen
Fødd
1. august 1898, Bergen
Død
23. juni 1983, Oslo
Verke
Historiker
Familie

Foreldre: Handelsborger Johan Martin Nilsen Steen (1863–1955) og Bertha Kathrine Hopland (1858–1927).

Gift 19.4.1933 med senere professor Ellisiv Andrea Buch (1908–2001; se Ellisiv Steen).

Svoger til Ada Polak (1914–).

Sverre Steen

Foto 1959. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Sverre Steen
Av /NTB Scanpix ※.

Sverre Steen var ein norsk historikar. Han var historieprofessor og skreiv om norsk historie frå mellomalderen til si eiga samtid. Med eineståande formidlingsevne og blikk for dei lange linjene førte han historieforskinga ut til det norske folk.

I 1924 vart Steen cand.philol., i 1927 universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo (UiO). Frå 1933 var han dosent ved UiO, frå 1938 til 1965 professor i historie same staden. Han var gift med Ellisiv Steen, som òg var professor ved UiO.

Politisk historie i Noreg, frå høgmellomalderen til 1900-talet, var emnet for Steen si forsking. Kollegaar anerkjente tidleg dei vide kunnskapane og den stilsikre pennen hans, til dømes i dei fire banda han skreiv for ellevebindsverket Det norske folks liv og historie gjennom tidene (1930–1938). Historiske overgangar var særleg viktige hos Steen, som uttrykk for langsiktige sosiale og kulturelle omformingar. Det frie Norge (1951–1972) var storverket hans, i seks band. Her tolka Steen hendingane i 1814 konservativt, og meinte at fridomen hadde kome utanfrå, som ei gåve.

Forteljinga var Steens metode. Han skreiv teoretiske artiklar i Historisk tidsskrift, men ville ikkje skrive «for en sekt av fagfolk» og brann mest for den breie formidlinga. Ofte skreiv han om historiske emne i avisene. I den populære radioforelesinga «Langsomt ble landet vårt eget», som seinare kom i bokform, nådde han øyra til folk flest.

Steen var redaktør for fleire tidsskrift og sentrale bokverk: Norsk kulturhistorie (1938–42), Norges krig 1940–1945 (1947–50) og Det norske Storting gjennom 150 år (1964). Dei pedagogiske evnene hans gjorde han høgt skatta hos studentane. Kunnskapane og dei menneskelege eigenskapane hans gjorde han òg høgt verdsett som kollega og opponent. Steen vart arrestert under andre verdskrigen. Etter krigen sat han i Undersøkingskommisjonen, som granska dei sivile og militære styresmaktene sine handlingar før og etter 9. april 1940.

Steen var viseformann i Noregs allmennvitskapelege forskingsråd i 1949–1953 og vart kommandør av St. Olavs Orden i 1965. Den norske historieforening sin pris for formidling ber namnet til Sverre Steen.

Utvalde utgivingar

  • Ferd og fest. Reiseliv i norsk sagatid og middelalder (1929)
  • Det norske Folks Liv og Historie, bind 4–7 (1930–1935)
  • Kristiansands historie 1–2 (1941–1948)
  • Riksrådsforhandlingene 1940 (1947)
  • Det frie Norge 1814 (1951)
  • På fallittens rand (1953)
  • Krise og avspenning (1954)
  • Det gamle samfunn (1957)
  • Konge og Storting (1962)
  • Grev Wedels stattholdertid (1972)
  • Drømmen om frihet (1973)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kobberrød, Jan Thomas: Sverre Steen : sosialdemokratiets historieforteller, 2004 (Avhandling dr. art.), isbn 82-7765-050-7
  • Rian, Øystein (red.): Historiske perler. Norsk historieskrivning gjennom 800 år. Oslo 1998
  • Steen, Sverre: Tusen års norsk historie. Artikler og avhandlinger av Sverre Steen. Oslo 1958

Faktaboks

Sverre Steen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036708032483

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg