Artikkelstart
Samnorsk var eit tenkt framtidig skriftspråk bygd på sameining av bokmål og nynorsk. Tanken om samnorsk vart for alvor lagd fram av Moltke Moe i 1906 i eit foredrag i Bymålslaget, «Norsk og dansk sprogdragt», og vart ført vidare i artikkelen «Nationalitet og kultur» i Samtiden i 1909. Tanken om å redusere skilnadene mellom dei to skriftspråka bokmål og nynorsk slik at dei etter kvart kunne vekse saman til eitt, hadde vore framme alt i 1880-åra.
Tanken kom til å prege rettskrivingsreformene til og med læreboknormalen av 1959. Bokmålsreforma i 1981 gjekk i motsett lei, og i 2002 vart tilnærmingspolitikken formelt oppheva.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.