Noregs Mållag

Logo
Av .

Artikkelstart

Noregs Mållag er ein samlande organisasjon for dialektane og det nynorske skriftspråket. Noregs Mållag vart stifta i Oslo i 5. februar 1906 med Marius Hægstad som første formann. Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen.

Hovudkontoret ligg i Oslo. Noregs Mållag gir ut medlemsbladet Norsk Tidend. Laget deler ut Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og Nynorsk næringslivspris.

Organisasjonen har rundt 13 000 medlemmer i omlag 160 lokallag og 19 fylkeslag (2019).

Historie

Marius Hægstad var første formann i Noregs Mållag
Marius Hægstad
Av /※.

Då Noregs Mållag vart stifta i på målstemnet i 1906 var namnet Norigs Mållag, det vart endra til Noregs Mållag i 1922.

Hovudkravet på skipingsmøtet i 1906 var «den eine skriftlege prøva til artium skal vera på nynorsk (landsmål)». Kravet fekk fleirtal på landsmøtet i Venstre dagen etter, og førte til at det vart innført obligatorisk sidemålsstil til artium frå 1907.

Noregs Mållag vart raskt den viktigaste organisasjonen i målrørsla.

Det hadde vorte stifta mållag i Oslo, Bergen og Trondheim i 1861-1862. I 1868 vart dei to eldste nolevande mållaga stifta: Vestmannalaget i Bergen og Det Norske Samlaget i Oslo. I åra etter 1906 vart det etablerte mållag i dei fleste andre byane.

Organisasjonen

Laget er inndelt i fylkeslag og lokallag. Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har status som fylkeslag. I tillegg er det fleire yrkesmållag.

Fylkeslag

  • Østfold Mållag
  • Fylkesmållaget Vikværingen (Oslo, Akershus, Vestfold)
  • Austmannalaget (Hedmark og Oppland, unntatt Valdres)
  • Buskerud Mållag
  • Valdres Mållag
  • Telemark Mållag
  • Aust-Agder Mållag
  • Vest-Agder Mållag
  • Rogaland Mållag
  • Karmsund Mållag (Haugalandet, deler av Rogaland og Hordaland)
  • Hordaland Mållag
  • Sogn og Fjordane Mållag
  • Sunnmøre Mållag
  • Romsdal Mållag
  • Nordmøre Mållag
  • Trønderlaget
  • Naumdøla Mållag (Namdalen)
  • Nordland Mållag
  • Troms og Finnmark Fylkesmållag

Yrkesmållag

Dei største særlaga for yrkesgrupper er:

  • Noregs Lærarmållag
  • Noregs Forretningsmållag
  • Medisinsk Mållag
  • Juristmållaget
  • Teologisk Mållag
  • Mediemållaget

Leiarar

Leiarar (fram til 1982 «formann») for styret i Noregs Mållag:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Almenningen, Olaf m.fl., red.: Målreising i 75 år : Noregs mållag 1906-1981, 1981, isbn 82-513-0070-3, Finn boken
  • Venås, Kjell: Mål og med : Noregs mållag i 1980-åra, 1991, isbn 82-7339-013-6, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg