Refleks
Refleks laga av Noregs Mållag, truleg som ein del av ein kampanje på 1990-talet.
Av /Nynorsk kultursentrum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Målrørsla er i Noreg den rørsla som arbeider for nynorsk. Det finst tilsvarande rørsler i andre land, som arbeider for reising av minoritetsspråk.

Målreisinga i Noreg starta med arbeidet til Ivar Aasen (1813–1896) midt på 1800-talet og blei gradvis organisert i det vi kallar målrørsla. Målrørsla har hatt som mål å reisa det nynorske skriftmålet til full respekt og fulle rettar på alle område av samfunnet. Dei viktigaste målorganisasjonane er Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Som eit eksempel på målreising utanfor Noreg kan ein nemna katalansk i Spania. På 1800-talet fekk språket katalansk ein renessanse som tale- og skriftspråk hos den kulturelle eliten i blant anna Barcelona, etter at det hadde overlevd sidan mellomalderen på landsbygda og i lågare sosiale lag i byane. I dag er katalansk hovudspråket i dei katalanske regionene nord-aust i Spania.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg