Norsk biografisk leksikon, avbildet: Bind 1–5
Den første utgåva (NBL1) kom ut i åra 1921–1983, med i alt 19 bind og 5102 artiklar.
Norsk biografisk leksikon, avbildet: Bind 1–5
Av .

Norsk biografisk leksikon er det største norske biografiske oppslagsverket. Det har kome i to papirutgåver: NBL1 som vart gjeve ut 1921–1983, og NBL2 som vart gjeve ut 1999–2005. I tillegg har den digitale utgåva nbl.snl.no vore tilgjengeleg sidan 2009.

Andelen biograferte kvinner var 5 prosent i NBL1, 14 prosent i NBL2 og rundt 18 prosent i internettutgåva.

Første utgåve (NBL1, 1921–1983)

Den første utgåva (NBL1) kom ut i åra 1921–1983, med i alt 19 bind og 5102 artiklar. Utgivar var Aschehoug, og verket vart gjeve ut med økonomisk støtte frå staten.

Andre utgåve (NBL2, 1999–2005)

Kunnskapsforlaget overtok rettane til NBL1 frå Aschehoug i 1995, og etter eit forprosjekt 1996–1997 byrja arbeidet med ei ny utgåve av verket i 1998. Prosjektet fekk økonomisk støtte frå institusjonen Fritt Ord og Kulturdepartementet, og andreutgåva av verket – NBL2 – kom ut i 10 bind og 5850 artiklar i åra 1999–2005.

Då det redaksjonelle arbeidet med ny utgåve av NBL tok til i 1995, var utgangspunktet å velje ut 6000 personar frå dei 11 000 som hadde artikkel i Store norske leksikon. Lista vart gjennomgått av eit hundretal fagkonsulentar, før lista over biografiverdige personar vart gjennomgått av forlagsredaksjonen og redaksjonsrådet. Dessutan kom det òg forslag frå dei 1330 forfattarane til verket. Redaksjonsrådet vart leidd av Knut Helle. Av økonomiske og plassmessige omsyn vart lengda på biografiane standardisert.

Hovudredaksjonen i NBL bestod av:

Utgivingstidspunkt for dei ulike binda, kronologisk rekkjefølgje:

  1. Abel−Bruusgaard: 1999
  2. Bry−Ernø: 2000
  3. Escholt−Halvdan: 2001
  4. Halvorsen−Ibsen: 2001
  5. Ihlen−Larsson: 2002
  6. Lassen−Nitter: 2003
  7. Njøs−Samuelsen: 2003
  8. Sand−Sundquist: 2004
  9. Sundt−Wikborg: 2005
  10. Wilberg−Aavik: 2005

Den digitale utgåva (2009–)

I 2006 byrja arbeidet med ei elektronisk utgåve av NBL2. Dette prosjektet fekk òg støtte frå Fritt Ord og Kulturdepartementet. Den digitale utgåva av NBL vart lansert i 2009. Den var basert på NBL2, men med ei rekkje tillegg. Fleire biografiar som ikkje fekk plass i NBL2 vart til dømes lanserte på nbl.snl.no; blant anna korte biografiar om alle norske dronningar. Verket er frå 2009 ein gratis nettstad, som ein del av snl.no. Denne utgåva inneheld nesten 5840 artiklar.

Biografiane vart gjorde tilgjengelege i den forma dei hadde ved lansering av NBL2, og vart i lita grad oppdatert. I 2023 starta redaksjonen i Store norske leksikon eit arbeid for å flytte alle NBL-biografiane inn i SNL, slå dei saman med eksisterande biografiar og oppdatere dei. Så å seie alle NBL-forfattarar takka ja til at artiklane deira kunne bli overførte og oppdaterte. Når arbeidet er sluttført vil artiklane frå NBL vere ein integrert del av SNL, og nettstaden nbl.snl.no vil avviklast.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg