Artikkelstart
Rettskrivingsreforma av 1938 var ei rettskrivingsreform som kom til å representere høgdepunktet på den statlege innsatsen for å fremme ei gjensidig tilnærming mellom bokmål og nynorsk med tanke på ei framtidig samansmelting i ei samnorsk målform. Reforma var eit forsøk på å gå vidare i den språkpolitiske retninga som var staka ut gjennom dei såkalla valfrie endringane i 1917-rettskrivinga.
Tanken var å basere seg på språkdrag med grunnlag i austnorsk folkemål både i bokmål og nynorsk. Rettskrivinga skulle ha to «normnivå»: Kjernen, også kalla læreboknormalen, bestod av hovudformer, som skulle brukast i lærebøker, og dei skulle supplerast med sideformer, som skulle vere tillatne for skuleelevar i deira skriftlege arbeid, men ikkje brukast i lærebøker.
Den viktigaste endringa i bokmål var innføringa av den bestemte artikkelen -a i mange hokjønnsord. Han var obligatorisk i ei rekke ord med folkeleg og kvardagsleg preg. I andre ord som på nynorsk var hokjønn, vart det tillate å bruke a-ending på bokmål ved sida av den tradisjonelle endinga -en. Også i verb vart -a no tillaten i mange fortidsformer ved sida av det tradisjonelle -et (kasta i tillegg til kastet). Endeleg vart skriftform og lydform i mange enkeltord endra i retning av den nynorske forma, enten obligatorisk (stein, fram, etter) eller valfritt (mjølk i tillegg til melk, vatn i tillegg til vann). Diftongen øi vart endra til øy i alle ord.
Den viktigaste endringa i nynorsk var gjennomføringa av endinga -a i sterke hokjønnsord og i fleirtal av inkjekjønnsord i læreboknormalen (boka, husa), men dei tradisjonelle formene på -i (boki, husi) vart sideformer og dermed tillatne for skuleelevar. Kløyvd infinitiv vart no gjort til jamstilt hovudform (kaste, men vera) ved sida av a-infinitiv (kasta, vera). Infinitiv på -e vart sideform (kaste, vere). I supinum av sterke verb (forma etter har/hadde) vart endinga -i hovudform mens det tradisjonelle -e vart sideform (har/hadde vori [vore] og funni [funne]). Også i nynorsk fekk mange enkeltord ein meir «austnorsk» skrivemåte (for eksempel mellom og mørk i staden for millom og myrk).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.