Codex Frisianus, AM 45 fol., 1va
Opningsorda i Ynglinga saga, «Kringla heimsins», i Codex Frisianus
Av .
Snorre Sturlason

Forfattaren Snorre Sturlason, teikna av Christian Krohg

Snorre Sturlason
Av .

Heimskringla er ei samling av norrøne soger om norske kongar i vikingtid og tidleg mellomalder. Sogene vart skrivne ned og sette saman på 1200-talet. Ein reknar med det er islendingen Snorre Sturlason som står bak Heimskringla.

Faktaboks

Etymologi
Namnet kjem av dei første orda i Ynglingesoga, Kringla heimsins, «verdens krets», etter latin orbis terrarum.
Også kjend som

Noregs/Norges kongesagaer, Snorres kongesoger/kongesagaer, Snorre

Heimskringlas innhald

Heimskringla inneheld ein prolog og ei rekkje soger, éi om dei førhistoriske og mytologiske Ynglingekongane i Uppsala, og deretter soger om norske kongar fram til og med Magnus Erlingsson. I prologen blir det gjort greie for kjelder og historisk metode.

Dei einskilde tekstane i Heimskringla er:

Heimskringla endar ved slaget på Re i 1177. På denne tida kom kongsemnet Sverre Sigurdsson frå Færøyane. Forteljinga om kampen mellom Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson held fram i Sverressoga, som allereie var skriven då Heimskringla vart sett saman. Det må vere grunnen til at Heimskringla endar her.

Tredeling

Verket blir vanlegvis delt i tre: Sogene fram til og med Soga om Olav Tryggvason utgjer den første delen, Soga om Olav den heilage den andre, og sogene om kongane etter Olav den heilage den tredje.

Det er usikkert om verket opprinneleg var sett saman til den heilskapen vi kjenner i dag, eller om dei tre delane er sette saman seinare. Handskriftet Kringla er det einaste av dei bevarte handskriftene som inneheld alle tre delane (men ikkje prologen). Tre handskrifter inneheld berre den første og siste delen, medan tre inneheld berre den siste.

Ein annan grunn til at delar av verket manglar i somme handskrifter, kan vere at den som skreiv eller bestilte handskriftet, allereie hadde ein annan versjon av det som vart utelate. Det var kostbart og tidkrevande å få i stand eit handskrift, og det var neppe mange som kunne ta seg råd til fleire versjonar av same tekst.

Overlevering

Heimskringla

Heimskringla. Faksimile av eit avsnitt av det einaste bevarte bladet av handskriftet Kringla. Teksten er frå Soga om Olav den heilage

Av /※.

Heimskringla er kjend frå sju handskrifter frå mellomalderen. Det viktigaste handskriftet blir kalla Kringla, og det vart skrive på 1250- eller 1260-talet. Kringla og fleire andre handskrifter gjekk tapt i bybrannen i København i 1728, men teksten vart skriven av fleire gonger føre brannen og er såleis bevart. Moderne utgåver og omsetjingar byggjer gjerne på avskrifter av Kringla.

Det må ha eksistert fleire handskrifter som i dag ikkje er bevart. Vi ser spor etter dette i dei første omsetjingane på 1500-talet.

Mange av handskriftene har vore i Noreg frå mellomalderen av, men dei er truleg alle skrivne av islendingar. Det finst mange norvagismar i ein del handskrifter, men den islandske filologen Stefán Karlsson argumenterer for at islandske skrivarar gjorde dette for å gjere teksten eigna for eksport til Noreg.

Etter Svartedauden vart det skrive få nye handskrifter i Noreg, og etter kvart vart den språklege avstanden mellom norsk og islandsk så stor at all litterær utveksling på morsmålet opphøyrde. Det finst islandske handskrifter av Heimskringla-tekst frå 1400-talet, men vi kjenner ikkje til så seine handskrifter i Noreg.

Namnet

Namnet «Heimskringla» kjem av opningsorda i handskriftet Kringla, som manglar prologen og byrjar med dei to første orda i Soga om ynglingane, Kringla heimsins, som betyr «verdskringla». Det var svensken Johan Peringskjöld som brukte tittelen Heims Kringla første gongen, og det var i den første trykte utgåva av teksten i 1697. Dette namnet vart ført vidare i alle seinare vitskaplege utgåver.

I vår tid er verket også kjent som «Noregs kongesoger», «Snorres kongesoger» eller berre «Snorre».

Forfattaren

Namnet Snorre Sturlason er ikkje knytt til Heimskringla i dei overleverte handskriftene. Han er nemnd som kongesogeskrivar i andre mellomaldertekstar, men vi har ikkje samtidige kjelder på at han står bak Heimskringla.

På hi sida er Snorre nemnd som forfattar både i Laurents Hanssøns omsetjing frå 1551 og i Peder Claussøn Friis' omsetjing frå 1599. Vi veit ikkje kvar dei har denne opplysninga frå, men Snorre kan ha vore nemnd i eit handskrift som begge omsetjarane kjente til, men som no er tapt.

Island var det ingen i ettertida som kjente til at Snorre hadde skrive Heimskringla; der var han derimot velkjend som mannen bak Den yngre Edda.

Dei to norske omsetjarane på 1500-talet kjente truleg ikkje til kvarandre og må ha fått opplysninga om Snorre uavhengig av kvarandre, men dei kan ha fått opplysninga frå same kjelde. Sjølv om vår kjelde til opplysninga om Snorre som Heimskringlas forfattar er andrehandskjelder frå 1500-talet, er det stor semje om at det verkeleg er Snorre som står bak verket.

Tidfesting

Dersom det verkeleg er Snorre Sturlason som står bak Heimskringla, må teksten ha blitt til på 1220-talet. I åra 1218–1220 var Snorre Sturlason i Noreg, og det er vanleg å tru at Snorre arbeidde med sogene i åra etter dette opphaldet, og at han langt på veg var ferdig innan 1230: Det året nemner ei kjelde at brorsonen hans, Sturla Sigvatsson, skreiv av soger frå bøkene som Snorre hadde sett saman. Snorre var Noreg att i 1237–1239 og døydde på Island i 1241.

Stil og komposisjon

Heimskringla blir ofte karakterisert som den beste prosaen vi har frå norrøn tid. Det er også ei ypparleg forteljing, kjenneteikna av utstrekt bruk av dialog, talar og fine overgangar mellom direkte og indirekte tale.

Personane får farge og liv ved at vi får kjennskap til tankane, kjenslene og motiva deira. Det er først og fremst gjennom dialogen at vi blir kjende med hovudpersonane.

Handlingsgangen er logisk oppbygd og blir driven framover med motiv, stigande spenning, frampeik, dramatiske klimaks og slåande, ofte fyndige replikkar. Motiv og frampeik står ikkje alltid tydeleg fram med det første, og det gjev dei ekstra kraft.

Ordforrådet er spesielt rikt og variert i høve til mykje av den andre sogeskrivinga i samtida. Her finn ein lite av det latinprega, litt tunge språket frå mange andre tekstar i samtida. Ein finn derimot eit folkeleg og ledig språk ispedd ordtak, ordspel og slåande uttrykk.

Heimskringla som historieverk

Sjølv om Heimskringla er utmerkt forteljekunst, har teksten også blitt tillagt stor verdi som historisk kjelde – ei kjelde som i stor grad har forma den moderne historieforståinga.

Snorres historiske metode

Snorre gjev sjølv eit riss av ein historisk metode i prologen – ein metode som i mangt er slåande moderne. Kjeldene han nemner, er først og fremst «gamle fråsegner» frå «kunnige menn», slektstre for kongar og stormenn, og skaldedikt. Det er ikkje sikkert fråsegnene er sanne, seier han, men han veit at gamle, vise menn har trudd på dei, og slik forsvarer han å bruke dei som kjelder.

Snorre er særskilt oppteken av skaldedikt. Dikt som skaldane har sagt fram til kongane sjølve og etterkomarane deira, er sanne, seier han, for ingen ville våge å lyge i slike dikt når alle høyrde på; det ville vore hån og ikkje ros. Snorre vurderer skaldedikt som betre kjelder enn munnlege fråsegn, men berre viss dei er «rett kvedne og forstandig uttydde». Det er kanskje i samband med slike uttydingar at Snorre fekk tildriv til å skrive sin Edda.

Snorre nemner også skrifter av den islandske presten Are Frode, som han reknar for ei særs påliteleg kjelde. Berre ein liten del av det ein trur Are skal ha skrive, er overlevert til oss i dag, men ein trur at Are kan ha skrive om norske kongar fram til kring 1130.

Vi kjenner dessutan til andre kjelder som vi kan sjå at Snorre har brukt. Det tapte verket Hryggjarstykki av islendingen Eirik Oddsson har nokså sikkert vore ei kjelde til historia etter 1130. Snorre kunne dessutan stø seg på eldre skrifter om både Olav den heilage og Olav Tryggvason.

Heimskringla som historisk kjelde

Ein har fest lit til teksten i ulik grad gjennom hundreåra. Frå 1600-talet såg ein på sogene som truverdige historiske forteljingar, og dette synet fekk ny kraft med «den norske skulen» i forskinga på midten av 1800-talet. Den hevda at sogene var gamle og sanne munnlege forteljingar som vart skrivne ned meir eller mindre uendra på 1200- og 1300-talet. Motreaksjonen kom med «den islandske skulen» på byrjinga av 1900-talet, som la større vekt på sogene som litterære, forfatta verk enn som historiske kjelder. Dette synet var lenge rådande, men ein ser no helst på visse typer soger som ein mellomting: historisk stoff gjennomarbeidd og meir eller mindre fritt formgjeve av skrivarar og kompilatorar på 1200- og 1300-talet.

Dette gjeld også Heimskringla. Sjølv om Snorre har gjeve forteljingar liv gjennom dialog, taler, logisk handlingsgang og eit stort persongalleri, reknar ein med at dei store hovudtrekka av det som er skildra, er historisk.

For å bruke Heimskringla som historisk kjelde, må ein ta omsyn til samtida Snorre levde i, avsløre motiv han kan ha hatt for å skrive historia på den eine eller andre måten og vere merksam på samtidige konvensjonar for historieforteljing. Vi veit til dømes at Snorre stod hertug Skule nær, og det kan ha prega måten han omtalar slekta hans på i Heimskringla.

Utgåver og omsetjingar

Dei første omsetjingane

Heimskringla vart omsett i utdrag og samandrag av fleire på 1500-talet. Her skal nemnast lagmannen Mattis Størssøn, som omsette eit samandrag av Heimskringla, Sverressoga og Soga om Håkon Håkonsson i Den norske krønike, trykt i 1594. Laurents Hanssøn, også lagmann, omsette teksten i heilskap fram til litt ut i Soga om Olav Tryggvason. Denne omsetjinga vart ikkje trykt før i 1899.

Den første som omsette heile Heimskringla, var Peder Claussøn Friis i ei omsetjing til dansk, trykt i 1633 som Snorre Sturlesøns Norske Kongers Chronica. Soger om kongar fram til og med Håkon Håkonsson var også med i denne omsetjinga. Omsetjinga vart svært utbreidd og heldt seg langt fram i tid.

Utgåver av originalteksten

Den svenske historikaren Johan Peringskiöld gav ut den norrøne teksten i Stockholm i 1697, som nemnt under tittelen Heims Kringla, etter dei første to orda i handskriftet Kringla. Utgåva var også utstyrt med omsetjing til svensk og latin.

Den utgåva som vann størst utbreiing, vart laga av den norske historikaren Gerhard Schøning, som gav ut teksten i tre band i 1777–1783. Dette var den første utgåva der tittelen var skriven i eitt ord: Heimskringla. Det kom også ut band med soger fram til og med Soga om Håkon Håkonsson, og kommentarband. Tekstane var dessutan omsette til dansk og latin. Denne utgåva vart grunnlag for mange seinare omsetjingar, både til dansk, svensk, tysk og engelsk.

Seinare vart originalteksten utgjeven som vitskapleg utgåve, først ved C.R. Unger (1868) og så ved Finnur Jónsson (1893–1900). Teksten vart òg utgjeven i lettare snitt i serien Íslenzk fornrit ved Bjarni Aðalbjarnarson (1941–1951).

Omsetjingar på 1800-talet

N.F.S. Grundtvig omsette teksten til dansk i 1818–1822, men denne vart sterkt kritisert i Noreg, tilsynelatande på grunn av språket og den frie omsetjinga av skaldestrofene. Bak kritikken låg det både nasjonale straumar og usemje mellom Grundtvig og initiativtakaren, Selskabet for Norges Vel, som trekte seg frå samarbeidet av ymse grunnar, blant anna unionsoppløysinga i 1814. Grundtvig nemner konflikten i innleiinga si, og det, saman med ein valdsam kritikk av Schøning, kunne neppe tene Grundtvig-utgåvas posisjon i det nye Noreg.

To av kritikarane, Jacob Aall og P.A. Munch, reagerte med eigne omsetjingar, Aall i 1838–1839 og Munch frå 1833, (komplett i 1859). Noko seinare omsette Steinar Schjøtt Heimskringla til nynorsk, og den kom ut samla i 1874–1879.

Stormutgåva

Gustav Storms omsetjing kom ut på J.M. Stenersens forlag i 1899. Dette var ei praktutgåve i stort format og med kostbart skinn og gullsnitt, med farger og illustrasjonar av kunstnarar som Gerhard Munthe, Erik Werenskiold og Christian Krohg. Denne utgåva kom også ut i ei simplare «folkeutgåve», og året etter i eit mindre format, «nasjonalutgåva». Nasjonalutgåva kom også ut med Schjøtts nynorske omsetjing frå 1874–1879. Det er stort sett slik, med illustrasjonar frå 1899-utgåva, dei fleste kjenner verket i dag, sjølv om omsetjingane er sterkt reviderte og fornya.

Heimskringla som folkelesnad

Det er ei utbreidd oppfatning at den norske bonden hadde to bøker: Bibelen og Heimskringla. Det er også fortalt at litteraturen i somme bygder besto av «dei tri Per-ane»: Peder Syvs visebok, skrifter av Petter Dass og Peder Claussøn Friis' Heimskringla-omsetjing. Det er likevel grunn til å tru at dette biletet er sterkt overdrive, slik Halvdan Koht og Jostein Fet har synt: Det er få spor av Friis' Heimskringla-omsetjing i skriftene, og få eksemplar har overlevd til i dag.

Det var først med Stormutgåva i 1899 at Heimskringla vart folkelesnad. Det er truleg etter denne og dei seinare utgåvene at folk flest har fått nær kjennskap til teksten, og eit uttrykk for dette er dei mange sitata som no har blitt så godt kjende, til dømes: «Vel har kongen fødd meg; eg er enno feit om hjarterøtene.» og «For veik, for veik er kongens boge!».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg