Faktaboks

Christian Skredsvig

Christian Eriksen Skredsvig

Fødd
12. mars 1854, Modum
Død
19. januar 1924, Eggedal i Sigdal
Verke
Målar og forfattar
Familie

Foreldre: Møllar Erich Hansen Ihleneie Glosimot (1815–etter 1865) og Berthe Karine Nilsdatter Garaas (1821–etter 1865).

Gift 1) 31.8.1882 i Bærum med Margaret Ann («Maggie») Plahte (17.1.1863–22.3.1955; ho gift 2) med minister Michael Strøm Lie, 1862–1934), dotter av grosserar Frithjof M. Plahte (1836–99) og Margaret Ann («Annie») Wade (død ca. 1870); ekteskapet oppløyst 1898; 2) 15.7.1898 med Beret Knudsdatter Holt (28.2.1877–4.5.1969), dotter av plassmann Knut Heljesen Holt (f. 1848) og Helga Gunnersdatter Vistad (f. 1851).

Namneendring til Skredsvig ca. 1870.

Christian Skredsvig, foto cirka 1910
Av /Oslo Museum/Digitaltmuseum.
Seljefløyten
Seljefløyten frå 1889 er eit av Christian Skredsvigs hovudverk frå tida då han budde på Fleskum. Frå framgrunnen og skrått innover mot høgre skjer bekkefaret seg ned mot Dælivannet. Guten står ved breidda, og bak han følgjer skigarden linene til bekken. Eit perfekt samspel mellom diagonale og horisontale element skaper, saman med den dempa blågrå atmosfæren, ro og harmoni i biletet.
Av /Nasjonalmuseet.

Christian Skredsvig var ein norsk målar og forfattar. Han høyrde til «gullalderen» i norsk kunst og var ein av Norges mest folkekjære landskaps- og dyremålarar.

Med ulike teknikkar veksla Skredsvig mellom naturalistiske dyre- og landskapsmåleri, portrett, religiøse motiv og folkloristiske motiv. Han var ein av dei norske målarane som raskast gjorde seg kjend med nye tendensar i fransk kunst, som til dømes plein air, det vil seie å måle i friluft. Skredsvig var ein av pionerane i utviklinga av frilufts- og stemningsmåleri i Noreg i 1880-åra.

Skredsvig stilte ut første gongen på industriutstillinga i Drammen i 1873, og i 1881 fekk han den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris for eit fransk gardsmotiv, Ferme à Venoix (1881). Med dette friluftsmålarstykket fekk han gjennombrotet sitt internasjonalt. Deretter vann han seg eit namn som kunstnar og forfattar heime i Noreg. Den første separatutstillinga var i Fritzners Paviljong i Kristiania i 1886. Stemningsmåleriet Seljefløyten (1889) fekk ein sentral plass i norsk gullalderkunst.

Forfattarskapen hans var liten, men populær i samtida. Han fekk dikt på trykk i 1880-åra og gav ut den første boka i 1908. Den halvt sjølvbiografiske forteljinga om møllarsonen Even Strand vart publisert i åra 1912–1916.

Bakgrunn og utdanning

Christian Skredsvig var fødd på Modum i Buskerud. Han voks opp i ein barnerik familie i fattige kår på Tomta, ein tidlegare plass under Skredsvig-garden. Utdanninga avgrensa seg til omgangsskulen, og han kom heile livet til å sakne grunnleggjande kunnskapar. Han viste tidleg anlegg for teikning, og i 1869, berre femten år gamal, byrja han utdanninga si ved Johan Fredrik Eckersbergs malerskole i Christiania. Han fekk friplass og fekk i tillegg økonomisk støtte frå mellom anna doktor Arnold Thaulow på Modum bad. På målarskulen trefte han mellom anna Erik Werenskiold, Eilif Peterssen og Knud Bergslien, som vart vennene hans livet ut.

I København

Eckersberg døydde sommaren 1870, og etter ei kort læretid hos Julius Middelthun på Den kongelege Teikneskule skaffa mesenen og kjøpmannen Peter Simonsen Skredsvig losji hos landskapsmålar Vilhelm Kyhn i København, formidla gjennom professor Vilhelm Marstrand ved Kunstakademiet i København. Kyhn blei Skredsvigs lærar, og med hans tilråding oppnådde Skredsvig friplass der medan han var elev ved kunstakademiet i 1870–1874.

Ved kunstakademiet lærte han berre å teikne, men av Kyhn fekk han innføring i olje- og akvarellmåling på studieturar på Jylland. Skredsvig deltok òg ved høve i Harald Foss sitt «Huleakademi» i Kyhns hage. I Huleakademiet arbeidde han med levande modell. Av dei danske målarane Skredsvig elles kom i kontakt med, var Joakim Skovgaard den som fekk mest å seie, både som venn og kunstnarkollega. Eit lågt tal teikningar og studium i olje er bevarte frå denne tida. Eit naivt Selvportrett (1872) i akvarell gir eit godt inntrykk av den umodne bondeguten. Elles var det mest landskap og enkelte figurmotiv som opptok han.

Studiane frå reisa på Jylland i 1871 viser påverknad frå Kyhn si gjennomarbeidde og nøkterne form, medan teikninga av dyssesteinane Frå Christiansminde har ein friare og meir personleg karakter. Oljemåleriet Sommerlandskap (cirka 1871) viser sikker sans for komposisjon og atmosfærisk verknad. Ein annan liten studie, Skagen (1872), viser stranda med sand og marehalm, i bakgrunnen strekkjer havet seg ut med kvittoppa bølgjer.

Møtet med den danske kulturen og kunsten i musea fekk mykje å seie for utviklinga til Skredsvig, og han gjekk medvite inn for å bøte på den mangelfulle utdanninga si. Han las fransk og spelte fiolin, dessutan lærte han, som han skriv, å «drepe folk med kårde» (fekting).

Studiereise i Noreg

I 1874 gjennomførte Skredsvig ei reise rundt om i Sør-Noreg. På denne reisa fann han fleire av motiva som seinare skulle bli hans spesielle område. Studiane av natur og norsk folkeliv, særleg frå Hardanger, danna grunnlaget for mykje av den kunstnariske verksemda hans.

Eit lite landskapsbilete, Frå Hardanger (1874), detaljert beskrive i Dage og Nætter (1908), viser fjorden omgitt av høge fjell. I ei teikning er motivet ei ung jente som driv kyrne over elva. Eit liknande motiv teikna han seinare same år i Paris og tok det opp igjen i eit oljemåleri i München i 1876. I brev underteikna Skredsvig seg no som «dyremålar».

I Paris

Etter råd frå Kyhn og Simonsen reiste Skredsvig til Paris i 1874. Her deltok han på kveldskurs leia av Léon Bonnat, men slutta etter eit par månader fordi han aldri fekk kontakt med læraren. Elles kopierte han i musea og måla etter Morten Müller og August Cappelen. Innverknaden til sistnemnde er merkbar i Landskap med furutre (1877), eit stemningsbilete med eit einsamt tjern, drivande skyer og raudgylne solstreif.

Camille Corot og Jean-François Millet sine måleri gjorde eit visst inntrykk på han, men samanlikna med dei danske førebileta, mellom anna Peter Christian Skovgaard og Johan Thomas Lundbye, fann Skredsvig dei franske uforståelege og urovekkjande. Målarar som Jean-Léon Gérôme og dyremålaren Rosa Bonheur etter var meir hans smak. Av dei nordiske kunstnarvennene sette han størst pris på Theodor Philipsen, som hjelpte han gjennom ei vanskeleg tid med sjukdom og pengesorger.

Tidleg kunstnarkarriere

I München

Christian Skredsvig

Christian Skredsvig, måla av Hans Heyerdahl i 1876, omtrent på den tida han budde i München

Av /Nasjonalmuseet.

Hausten 1875 busette Skredsvig seg i München. Her utvikla han ein livslang vennskap med fleire av dei norske kunstnarane. Med skisser frå studieturen i Noreg måla han romantiske scener frå dyreliv og fjord og fjell.

Hans første store arbeid var Hjemfart frå Sæteren, basert på teikningar frå studieturen i Hardanger i 1874. Motivet er nasjonalromantisk med fjord og fjell, delvis skjult av drivande tåke og ein båt fullasta med kyr. Men figurane er måla etter tyske modellar. Biletet er eit utprega atelierarbeid med sterke lysverknader og bruk av lokalfargar, måla i ein glatt, olja teknikk med utpensla strøk.

Slik er òg Aften på fjellet, med gjetarjente og dyr, eit gjennomgangsmotiv i den seinare kunsten hans. Aften på fjellet blei stilt ut på verdsutstillinga i Paris 1878. Måleriet er kjent i fire utgåver, det siste datert 1889.

To landskapsbilete frå same periode, Landskap med får (1876) og Sommernatt på fjellet, viser med den jamnare lysføringa si og forsiktige fargebruk ei meir nøktern innstilling til motivet.

Skredsvig sin produksjon i München-tida er meir omfattande enn det ein tidlegare har gått ut frå. I sine beste arbeid viser han stort talent. Dette kjem òg fram av teikningane frå omland av München, utført som raske skisser av folk og dyr.

Han vart aldri elev på akademiet i München og hadde ingen fast lærar, men fekk noko rettleiing av Heinrich von Zügel, som var spesialist på motiv med sauer og kveg. Med eit beskjedent statsstipend, det første av i alt tre, greidde han så vidt å leve som kunstnar. Men han lærte av vennene og kunsten i musea, med Arnold Böcklin som erklært favoritt. Andre kunstnarar som fekk noko å seie for han, var Karl Theodor von Piloty-eleven G. C. Max, kjent for dei religiøse komposisjonane sine, austerrikaren Hans Makart med historiebilete i kolossalformat, og den frodige folkelivsmålaren Ludwig Knaus frå Düsseldorf.

Tilbake i Paris

Snøkjøring ved Seinen
Motivet i Snøkjøring ved Seinen viser den strenge vinteren i Paris, med svære arbeidshestar som køyrer vogner fullasta med snø ut på den islagde Seinen. Bygningar og spir i bakgrunnen teiknar seg mot blygrå, snøtung luft. Heilskapstonen er gråleg og speler over heile registeret frå svart til kvitt. Målinga er pastost pålagd med brei pensel. I kvardagsrealismen sin og nøkterne fargehaldning er måleriet tydeleg påverka av Jules Bastien-Lepage.
Av /Bergen Kunstmuseum.
Oktobermorgen ved Grez

Oktobermorgon ved Grez viser eit møte mellom gut til hest og ei gjetarjente med saueflokken. Biletet er direkte inspirert av den store målaren i tida, Jean-François Millet. Det er òg inspirert av Jules Bastien-Lepage, og den lyse heilskapstonen er påverka av det nye friluftsmåleriet. Graset i forgrunnen er måla på meir konvensjonell fransk vis med ein spesiell relieffaktig teknikk som Skredsvig ofte nytta i desse åra.

Oktobermorgen ved Grez
Av /Nasjonalmuseet.
Fra Sevilla, Spania

Vinteren 1881–1882 var Skredsvig i Spania saman med Ernst Josephson. Trass i sjukdom og depresjon måla han ei rekkje småbilete med enkle, kvardagslege motiv, som både pittoresk og teknisk høyrer til det beste i produksjonen hans.

Fra Sevilla, Spania
Av /Nasjonalmuseet.
Forstudie til måleriet «Ferme à Venoix»
Måleri av ein fransk bondegard, forstudie frå 1880 til Ferme à Venoix (Bondegard i Venoix) frå 1881, som han fekk den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris for
Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Gjennom tyske kunstnarar og besøk på Salon de Paris var Skredsvig til ein viss grad klar over moderne franske tendensar i målarkunsten. Som dei fleste norske kunstnarar bestemde han seg for å halde fram med studiar i Frankrike, og i perioden 1879–1885 var Skredsvig på nytt busett i Paris. Vennekrinsen, med Thomasine og Jonas Lie i sentrum, blei det faste haldepunktet.

Dårleg helse og heimlengsel dreiv han førebels heim til Noreg hausten 1878, og han hadde fleire sommaropphald i Noreg. I 1879 måla han mellom anna to store landskapsbilete frå Eggedal, Drottningnuten og Jupsjøen (opphavleg måla for Sandefjord Bad), dei første av ei rekkje bilete med motiv herfrå. Motiva er romantiske med fjell og stille vatn, foss og ei bunadkledd jente.

I Paris tileigna han seg den franske salongrealismen og vakte merksemd med Snøkjøring ved Seinen (1880), debuten hans på Salongen. Ferme à Venoix frå året etter vann gullmedaljen på Salongen. Dette var den høgste utmerkinga ein kunstnar kunne få, på den dåverande viktigaste årlege utstillinga i Frankrike. Han fekk òg merksemd for Oktobermorgen ved Grez (1881–1882) og Ballade (1881 og 1884). Edvard Munch vart imponert over den naturtru framstillinga i Oktobermorgon ved Grez, og biletet blei straks innkjøpt til Nasjonalgalleriet.

Ei kort tid var han igjen elev av Léon Bonnat, men fann meir å lære av dyremålaren Emil van Marcke de Lummen i Normandie, der han oppheldt seg fleire somrar. Her teikna han dei første skissene til Ferme à Venoix, som vart måla ferdig i Paris. Motivet skildrar ei kvardagsleg scene med kyr som blir mjølka på tunet i ettermiddagssola. Komposisjonen og anatomiske detaljar er gjennomarbeidde. Fargane i skuggepartia viser at Skredsvig har tileigna seg noko av den impresjonistiske fargelæra. Samla sett utstråler biletet ro og harmoni. Trass kravet frå realismen kunne Skredsvig aldri fornekte den romantiske legninga si.

Ballade (versjon frå 1884)
Ballade er basert på ei dansk kjempevise Skredsvig hadde lært i København ti år tidlegare. Den handlar om hestane som vender heim etter slaget med tomme saler, men borgportane er bolta og stengde. I 1884 gjentok Skredsvig motivet i lengdeformat og i ei noko endra form.
Av /Lillehammer kunstmuseum.

Karriere i Noreg

Giftemål

I 1881 trefte Skredsvig Maggie Plathe, truleg hos familien Gauguin, ein heim som ofte vart besøkt av nordiske kunstnarar. Året etter gifta dei seg i Bærum, og saman busette dei seg i Paris. Hausten 1882 reiste dei til Roma, der Skredsvig mellom anna måla Monte Avention (1882). Det vinterlege motivet er måla i motlys frå ei av bruene over Tiber med Aventinerhøyden i bakgrunnen. Refleksane i vatnet er dyktig måla, og heilskapsinntrykket er prega av fine grå- og bruntonar, karakteristisk for mange av arbeida til Skredsvig i denne tida. Appelsinguten (1883), med dei elegante svartkledte damene til hest i mellomgrunnen, har ein uvanleg forenkla og stilisert formbehandling til Skredvig.

Skredsvig heldt fram med å skifte mellom realistiske skildringar i fullt dagslys og kveldsstemningar. Til dei siste høyrer den vesle pastellen Sommeraften (1883). Eit blågrått månelys kviler over eit flatt landskap, der ei kvinne med barn hastar heimover i skumringa.

I Noreg året etter tok Skredsvig opp igjen eit liknande stemningsmotiv, denne gongen i stort format. I Sommarnatt. Måneskinn i Nordmarken (1884) står månen lysande rund over den bratte åsen som speglar seg i vatnet. Dei mørke fargane står i verknadsfull kontrast til friskgrøne tre og blomstrande eng i forgrunnen. Måleriet blei utpeika som publikumsfavoritt på Haustutstillinga same år.

Her viste Skredsvig òg I september. Motiv frå Stabekk (1884), på heile 1,5 × 3 meter, det største måleriet til utstillinga. Motivet er ei kvardagsleg scene med ein slåttekar som bryner ljåen sin nede ved vatnet. Landskapet rundt han er friskt og frodig, på himmelen segler lette sommarskyer. Den lyse friluftsatmosfæren er gjennomført i alle detaljar og bind det heile saman på ein overbevisande måte.

Etter heimkomsten til Paris døydde ekteparets einaste barn, og sorga skulle prege Skredsvig resten av livet.

Fleskum

Selvportrett, 1886
Sjølvportrett frå 1886. Denne sommaren arbeidde Skredsvig saman med Harriet Backer, Kitty Kielland, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold på garden Fleskum i Bærum.
Av /Oslo Museum/Digitaltmuseum.

Etter fleire år i Paris flytta Skredsvig tilbake til Noreg i 1885 og busette seg på garden Fleskum i Bærum. I hovudsak var Skredsvig sitt arbeid frå annan halvdel av 1880-åra framleis prega av innverknaden frå fransk moderne måleri. Motiva er for det meste frå Fleskum og Bærum, der mellom anna Gutten på fisketur (1885) stammar frå. Måleriet er friskt og spontant måla med pastos og pensel i sommarleg lys.

Fleskumsommaren

Den namngjetne Fleskumsommaren i 1886 arbeidde Skredsvig saman med Harriet Backer, Kitty Kielland, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold på Fleskum. Dei måla særnorske landskap i grenselandet mellom naturalisme og nyromantikk, og Skredsvig henta gjerne inspirasjon frå ulike kunstartar og frå folketradisjonen.

Dei vare stemningane til sommaraftanen blei gjennomgangsmotivet, og Skredsvigs bidrag, Sankthansaften, freista å fange magien i musikken ei jonsoknatt. Sommaraftanen med ungdommar i båten på Dælivannet er måla utan dei moderne nyvinningane som lèt figurar og natur gå opp i ein heilskapleg atmosfære. Målarstykket vart seinare innkjøpt til Statens Museum for Kunst i København.

Edvard Grieg og andre frå den norske kultureliten fann òg vegen til Fleskum for å utveksle idear og for å musisere i lag. Mellom gjestane var Eva Sars, som seinare vart gift med Fridtjof Nansen. Ho framførte songar av Aasmund Olavsson Vinje, tonesette av Grieg. Skredsvig var sjølv svært musikalsk, og underheldt med å syngje folkeviser.

I april same året byrja han på eit motiv han kalla Tonen, etter Bjørnstjerne Bjørnsons dikt i bondeforteljinga Arne. Då måleriet stod ferdig etter tre år, var tittelen endra til Seljefløyten. Freden og harmonien i biletet, det blålege lyset og den lyttande stilla er typisk for ideen i tida om den djupe samanhengen mellom målarkunst, dikting og musikk.

Seniare motiv frå Fleskum

Vinjes barndomshjem Plassen i Telemark, 1887

I 1890-åra forandra Skredsvigs målarmåte seg. Den lyse fargeskalaen opptrer sjeldnare, fargane blir djupare og meir fyldig og formbehandlinga mindre kjenslevar, slik som i Vinjes barndomshjem med den vesle plassen oppe i bakkane og mørk skog bakom.

Vinjes barndomshjem Plassen i Telemark, 1887
Av /Nasjonalmuseet.
«Vinje som gjetergutt»
Ein studietur til Telemark saman med Anders Kongsrud i 1887 resulterte i to viktige arbeid, Vinjes barndomshjem Plassen i Telemark og Vinje som gjetergutt (måleri, begge 1887, Nasjonalmuseet).
Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0

For Skredsvig låg stemningsmotiva heile tida som undertonar i kunsten hans. Interesse for lyrikk og musikk var ei naturleg følgje av den romantiske legninga hans. Ein studietur til Telemark saman med Anders Kongsrud i 1887 resulterte i to viktige arbeid, Vinjes barndomsheimar, Plassen i Telemark og Vinje som gjetargut (begge 1887). Bileta er utprega «norske» i oppfatninga av det dempa lyset og dei metta fargane.

På denne tida skreiv han på manuset Min Bog med Billeder, eit forarbeid til Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908), som vart tileigna Grieg sitt minne. Eit brev som Grieg skreiv til Skredsvig kort tid før han døydde, var faksimilevedlegg i boka. Skredsvig sette ei teikning av komponisten i lag med Vinje og dei første notane til «Våren» på tittelbladet.

Eit vinterleg motiv er Isskjæring på Dælivannet (1889), med dei kubiske formene til isblokkane stabla på isen i kontrast til den skråstilte figuren til isskjeraren. Ein kald, blåleg tone bind detaljane saman. Lokomobil (1889), den store treskemaskina som fyller gardstunet med rauk og damp, er usedvanleg friskt og impresjonistisk måla.

Nyromantiske motiv

«Jørgen Moe på fisketur» (1897)
Måleriet Jørgen Moe på fisketur (1897, Nasjonalmuseet). Skredsvig beundra Asbjørnsen og Moe, noko han synte i fleire portrett.
Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Livet på Fleskum blei stadig avbrote av reiser i inn- og utland. På Korsika i 1888 måla Skredsvig Villa Baciocchi. Måleria herfrå er fylte av intens lyskraft og er måla med frie, pastose penselstrøk.

nyromantikken slo igjennom for alvor i 1890-åra, kunne Skredsvig gi friare utløp for det romantiske temperamentet sitt, og målarmåten hans kom gradvis til å forandre seg. Den lyse fargeskalaen opptrer sjeldnare, fargane blir djupare og meir fyldige, og formbehandlinga mindre kjenslevar, slik som i Vinjes barndomsheimar med den vesle plassen oppe i bakkane og mørk skog bakom.

På same tid følgde interessa for religiøse motiv. I byrjinga av 1890-åra måla Skredsvig det religiøse hovudverket sitt, Menneskenes Søn (1891), der Kristus er plassert i eit samtidsmiljø, etter forbilete av Fritz von Uhde. Biletet er i kolossalformat (3,24 × 4,52 meter) og viser Jesus kledd som arbeidskar i tunet på ein norsk bondegard. Det vekte stor oppsikt og blei lenge debattert i avisene i byen.

Interessa hans for religiøse og symbolske motiv omkring hundreårsskiftet må sjåast på bakgrunn av kunstretninga i tida og hans eigen livslagnad. Skredsvig var prega av tapet av sitt første barn og den etterfølgjande skilsmissa. Med konkret utgangspunkt i eigne erfaringar måla Skredsvig to bilete i kolossalformat: Et digt om døden (1900) og Et digt om livet (1908, første skisse 1903).

I Eit dikt om døden blir eit lite barn motteke av Kristus i paradis, medan foreldra fortvilt har kasta seg ned ved grava, i den mørke høgre halvdelen til måleriet. Etter lang avisdebatt fekk biletet sin endelege plass i Frogner kyrkje i Kristiania i 1907. Eit dikt om livet viser kunstnaren i ein konfliktsituasjon mellom dei to kvinnene i livet hans. Biletet blei seinare skore sund og overmåla. I dag er det restaurert. Til motivkrinsen høyrer òg dei symbolistiske Nymfe speglar seg (1904) og Fiskeren (1905).

Den einsame riddaren Ola Velland (1896, fleire utgåver), Tørstige riddar (1898, fleire utgåver) og Munken Vendt, Hamsuns dikting (1905) er nærliggjande å tolke som bilete på eigen livssituasjon. Det siste biletet, Munken Vendt, er sentrert om det kompliserte forholdet mellom mann og kvinne.

Ei kort tid etter arbeidet med Menneskenes Søn hadde Skredsvig og Edvard Munch vore i Sør-Frankrike. Der oppmuntra han Munch til arbeidet med Skrik. Sjølv vart han ikkje ekspresjonist, men måla poetiske landskap frå rivieraen, og han interesserte seg stadig meir for symbolismen.

Menneskesønnen, 1891

Tittelen Menneskesønnen viser til at Kristus, som er kledd i vanlege kle for samtida, er kome. Skredsvig skriv: «Jeg har brudt med traditionen og taget ham som en almindelig Haandværker fra igaar».

Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0

Eggedal

Ungdomsfest i Eggedal

Frå 1894 budde Skredsvig i Eggedal i lange periodar. Då han gifta seg for andre gong i 1898, blei han fastbuande og flytta inn i det vesle bruket Hagan, som blei heimen hans resten av livet. Han vart inspirert av bygdelivet, som i målarstykket Ungdomsfest i Eggedal (1895)

Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0

Frå 1894 budde Skredsvig i Eggedal i lange periodar. Då han gifta seg for andre gong i 1898, blei han fastbuande og flytta inn i det vesle bruket Hagan, som blei heimen hans resten av livet.

Skredvig vart inspirert av bygdelivet, som i målarstykket Ungdomsfest i Eggedal (1895), men kjende seg isolert. Han budde difor tidvis i Kristiania og reiste utanlands for å treffe kunstnarvener. Konflikta mellom utferdstrong og heimlengt prega Skredsvig gjennom heile livet og er eit gjennomgangstema i forfattarskapen og biletkunsten hans.

Middelalder og Valdrisvisa

Idyll, 1888
Idyll (Mannen med katten) frå 1888 vart måla då Skredsvig budde i Eggedal. Måleriet viser at han heile livet var trufast mot sitt klassisk-romantiske kunstsyn, populært blant publikum den gong som i dag. Harriet Backer skal ha sagt at «ingen forstår naturen som Skredsvig».
Idyll, 1888
Av /Lillehammer kunstmuseum.
«Hei Halvorsen, Halvor Hansen» frå Valdrisvisa (1896)
Dei fjorten akvarellane i serien Valdresvisa (1895) er ei blanding av verkelegheit og eventyr, framstilt med ein humor og fabulerande evne som er eineståande i Skredsvigs kunst.

Kolossalbiletet Middelalder (1903, 4 × 6 meter) høyrer til riddarromantikken. Undertittelen «Der rødmed af Dag over Borgen Da Ridderne droge til Slag» skal vere laga for høvet og grip følgjeleg ikkje tilbake til eldre visedikting som Ballade frå 1881. Med dette er det likskapspunkt mellom dei to komposisjonane, men Skredsvig har ikkje greidd å overføre stemninga frå Ballade til det store lerretet.

Direkte knytt til folkevisetradisjonen er Valdrisvisa (1895, replikk 1896 Nasjonalgalleriet). Skredsvig sitt bidrag er til dels influert av vennen hans, Theodor Kittelsen. Eit av dei har tittelen Langt om lenge kom han fram til ein gild gard. Interesse for folkemusikk og dans gav han ideen til Ein Numedals spelemann, som elles er sterkt påverka av Halfdan Egedius.

Mange av Eggedals-motiva er prega av rutine, med vatn og fjell i solnedgang eller måneskinn, med eller utan figurstaffasje. Somme har likevel ei truverdig stemning og kunstnariske kvalitetar.

Landskapet og miljøet blei bestemmande for motiva, blant dei Valdrisvisa og Ola Velland, På Villgræs og Idyll (Mannen med katten). Desse, og mellom anna Jupsjøen og Vår i Hagan, viser at han heile livet var trufast mot sitt klassisk-romantiske kunstsyn, populært blant publikum den gong som i dag.

Elevar

Allereie i 1897 hadde Th. Laureng og Torstein Torsteinson fått korreksjon av Skredsvig. På Hagan dreiv han privat målarskule i 1899, der mellom anna elevar av Harriet Backer deltok. Backer grunngav si tilråding om eit sommaropphald i Hagan med at «ingen forstår naturen som Skredsvig». Det skal ha delteke cirka 20 unge målarar på målarskulen, blant dei Arne Lærum, Søren Onsager og Rudolph Thygesen.

Forfattarskapen

Christian Skredsvig
Christian Skredsvig i atelieret, cirka 1920
Av /Oslo Museum.

Tidleg i karrieren prøvde Skredsvig å illustrere Vinjes Storegut og måle frå Henrik Ibsens Peer Gynt. Blant andre diktarar han såg opp til var Ivar Aasen, Hans E. Kinck og Herman Wildenvey. Beundringa for Asbjørnsen og Moe synte han i fleire portrett, og han måla Hamsuns diktning (1905).

Også litteratur av naturalistane Guy de Maupassant og Émile Zola engasjerte han. Jonas Lie, August Strindberg og andre i det nordiske miljøet i Paris gav Skredsvig verdfulle impulsar til diktargjerninga hans. I 1886 fekk han eit dikt på prent i det første nummer av bohembladet Impressionisten, der Christian Krohg var redaktør. Diktet, med motiv frå eit barndomsminne, var impresjonistisk i forma og hadde dialektinnslag. Som Krohg og Hans Jæger bygde Skredsvig også seinare på erfaringar frå eige liv i det litterære prosjektet sitt, men han vart ikkje like kontroversiell.

Det første større arbeidet i bokform var memoarane Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908). Skredsvig skreiv òg forteljingar, dikt, skodespel, essay og artiklarriksmål, med innslag av modum- og eggedalsdialekt.

Skredsvig tematiserte ofte sosial mobilitet og sympati med dei svake i samfunnet. Forfattarskapen var liten, men populær i samtida. Det storfelte nettverket han hadde i kunstnarkrinsar vart skildra i artiklar og essay. Eit skodespel med røynsler frå det første ekteskapet hans vart trykt i Samtiden i 1907, medan kunstnarportrettet av Even Strand, Skredsvigs alter ego, fortel om ei dannings- og klassereise med stor kulturhistorisk interesse.

Skredsvig-museet

Galleri Skredsvig, Eggedal (bilete frå utstillingsgalleriet ved kunstnarheimen)

Hagan, Christian Skredsvigs heim i Eggedal, er i dag museum. Kunstnarheimen, som er ein del av Buskerudmuseet, er bevart om lag som det var då familien Skredsvig budde der.

Galleri Skredsvig, Eggedal (bilete frå utstillingsgalleriet ved kunstnarheimen)
Av /NTB.

Hagan i Eggedal er i dag museum. Kunstnarheimen, som er ein del av Buskerudmuseet, er bevart om lag som det var då familien Skredsvig budde der. I tillegg til hus og interiør heng både Skredsvig sine eigne måleri på veggane, og kunstnarvennane hans sine bilete. Eit galleribygg tilknytta heimen åpna i 2017.

Utmerkingar (utval)

I 1889 var Skredsvig jurymedlem på verdsutstillinga i Paris. Same året vart han heidra med den franske Æreslegionen og kjøpt inn av Musée du Louvre og Det kongelege slott i Kristiania.

Skredsvig var representert ved mange utstillingar i Europa og USA. I 1908 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 1915 vart han æresmedlem i Kunstnerforbundet. Frå 1920 fekk han årleg kunstnarstipend på 14 000 kroner.

Utgjevingar (utval)

  • Dage og Nætter blandt Kunstnere, 1908
  • Møllerens Søn, 1912
  • Glæas Juleaften, 1913
  • Evens Hjemkomst, 1916
  • Det gamle skilderi, 1921

Kunstverk (utval)

«Fra Sevilla, Spania»
Fra Sevilla, Spania (måleri, 1882), Nasjonalmuseet
Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0
«Fra Sevilla, Spania»
Fra Sevilla, Spania (måleri, 1882), Nasjonalmuseet
Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY 4.0

Måleri

  • Aften på fjellet, 1878, privat eige; 4. utgåve 1882, Bergen Kunstmuseum
  • Snekjøring ved Seinen, 1880, Nasjonalmuseet
  • Ferme à Venoix, 1881, Musée de Caen, Frankrike
  • Ballade, 1881; 2. utgåve 1884, Lillehammer Kunstmuseum
  • Oktobermorgen ved Grez, 1881–1882, Nasjonalmuseet
  • Fra Sevilla, Spania, 1882, Nasjonalmuseet
  • Monte Aventino, 1882, privat eige; 2. utgåve Det kongelige slott, Oslo
  • Sankthansaften, 1886, Statens Museum for Kunst, København
  • Selvportrett med bredbremmet gul hatt, oljemåleri, 1886, Oslo Bymuseum
  • Vinjes barndomshjem, Plassen i Telemark, 1887, privat eige; 2. utgåve Nasjonalmuseet
  • Idyll (Mannen med katten), 1888, Lillehammer Kunstmuseum
  • Villa Baciocchi, 1888, Musée de Corte, Korsika
  • Seljefløiten, 1889, privat eige
  • Menneskens Søn, 1891, Nasjonalmuseet
  • På Villgræs, 1894, Trondheim kunstmuseum
  • Valdrisvisa, 1895, p.e.; replikk 1896, Nasjonalmuseet
  • Ola Velland, 1896 (ødelagt), 1914, Oslo bispegård
  • Et digt om døden, 1900, Frogner kirke, Oslo
  • Jupsjøen, 1904; 2. utgåve 1905, Det kongelige slott
  • Hamsuns diktning, 1905, Nasjonalforeningen for folkehelsen

Utsmykkingar og verk i offentlege samlingar

  • Utsmykking i taket i foajeen på Nationaltheatret, 1899, etter konkurranse april 1898
  • Måleri Central Hotel, Drammen
  • Nasjonalmuseet, Oslo
  • Oslo Bymuseum
  • Norsk Folkemuseum
  • Det kongelege slott, Oslo
  • Norske Selskap, Oslo
  • Bergen Billedgalleri
  • Rasmus Meyers Samlinger, Bergen
  • Troldhaugen, Bergen
  • Trøndelag Kunstgalleri
  • Drammens Kunstforenings Faste Galleri
  • Elverum Kunstgalleri
  • Lillehammer Bys malerisamling
  • Nordmøre museum Kristiansund
  • Sandefjord Kunstforening
  • Skien Billedgalleri
  • Stavanger Kunstforenings Faste Galleri
  • Nationalmuseum, Stockholm
  • Statens Museum for Kunst, København
  • Horsens Kunstmuseum
  • Le Musée du Luxembourg (no Louvre), Paris
  • Musée du Reims

Illustrasjon

  • Norsk Fødselsdags-Album, Kristiania, 1890
  • Norsk Lyrik efter 1814, Kristiania, 1891
  • Norge i det nittende aarhundrede, Kristiania, 1900–1902, bind 1–2
  • Norsk Kalender for Aaret 1900, Kristiania, 1899
  • Valdrisvisa, 14 akvarellar med tekst etter ei norsk folkevise 1894, utgjeve i kunstnerisk utstyrt hefte 1909, minneskrift 1924

Stipend, reiser og utanlandsopphald

  • Schäffers legat i 1872
  • Statens reisestipend i 1876, 1877, 1880
  • Studiereise saman med Eilif Petersen til Krøderen sommaren 1870
  • Opphald i København november 1870 til våren 1874, studiereise til Jylland saman med Vilhelm Kyhn juli–september 1871, Skagen, Kristiania, Modum juli–oktober 1872
  • Skagen, Modum, Eggedal saman med Karl Madsen mai–oktober 1873
  • Ringebu, Gudbrandsdalen, Romsdal, Molde, Bergen, Hardanger, Stavanger sommaren 1874
  • Opphald i Paris oktober 1874 til mai 1875
  • Opphald i München oktober 1875 til oktober 1878 med besøk i Paris, studieturar til Schleissheim, Kochel, Dresden, Modum sommarhalvåret 1877
  • Til Ask gård på Ringerike desember 1878 til januar 1879
  • Eggedal sommaren 1879
  • Opphald i Paris november 1879 til våren 1885, Kristiania våren 1880, studieturar til Normandie hausten 1880 og seinare
  • Opphald i Grez hausten 1881, i Sevilla saman med Ernst Josephson, vidare til Cadiz, Malaga og Granada hausten 1881 til mars 1882, Grez april–mai 1882, Modum og Bærum sommaren 1882, Italia 1882–1883 (Venezia oktober, deretter Roma cirka 5 månader, Napoli mars), Grez hausten 1883, Norge mai–oktober 1884 (Bærum, Nordmarka)
  • Via København til Paris november 1886 saman med Ernst Josephson og Allan Österlind i Lepaud i Sør-Frankrike desember 1886 til mars 1887 (heim via Paris)
  • Telemark saman med Anders Kongsrud sommaren 1887
  • Via Paris til Korsika november 1887 til april 1888 (heim via Salo, Gardasjøen)
  • Eggedal saman med Gerhard Munthe, Harriet Backer og Juliane Langberg sommaren 1888
  • Paris sommaren 1889
  • Telemark juli 1890
  • Paris våren 1891, same år til Bergen i oktober, vidare via København til Nizza og St. Jean i november til april 1892 (saman med Edvard Munch)
  • Paris mai 1893
  • Sigdal juni 1893
  • Eggedal 1894–1896, avbrote av opphald i Kristiania
  • München, Kochel oktober 1897 til februar 1898 (heim via København)
  • München hausten 1899 og mars–juni 1900
  • Åmot, Drammen, Tønsberg desember 1900
  • Paris august 1902 til mars 1903 (med besøk i Nederland saman med Gunnar Heiberg i januar)
  • København våren 1904
  • Stockholm januar 1910
  • Terråk, Helgeland sommaren 1911
  • Hamar desember 1912
  • Paris og Rivieraen våren 1913
  • Via England til Paris, Rivieraen våren 1916
  • Lillehammer februar 1917
  • Bergen i februar, København i november 1919
  • Strømstad kuranstalt 1903, 1909, 1910 og 1922

Stillingar, medlemskap og verv

  • Stemmerett i Bildende Kunstneres Styre
  • Jurymedlem for Verdensutstillinga i Paris, 1889
  • Æresmedlem i Kunstnerforeningen, 1915

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Christian Skredsvig
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036470003999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg