Knud Bergslien

Faktaboks

Knud Bergslien
Knud Larsen Bergslien
Født
15. mai 1827, Voss, Vestland
Død
27. november 1908, Kristiania (no Oslo)

Knud Bergslien frå Voss var kunstmålar og broren til kunstnaren Brynjulf Bergslien. Knud Bergslien måla folkelivs- og historiebilete, og var inspirert blant anna av Adolph Tidemand.

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Knud Bergslien var kunstmålar og lærar med eigen målarskule i Kristiania.

Knud Bergslien var fødd på Voss. Han var bror til kunstmålaren og bilethoggaren Brynjulf Bergslien og onkel til kunstmålaren og skulptøren Nils Bergslien. På underoffiserskulen i Bergen vart han friteken for garnisonstenesta for å følgje undervisninga ved Bergen tegneskole. Seinare vart han elev av landskapsmålaren Hans L. Reusch. Etter opphald i Antwerpen frå 1849 og Paris 1850 kom han i 1852 attende til Bergen som lærar ved Bergen tegneskole og som portrettmålar, men alt året etter flytta han til Kristiania, der han heldt fram som portrettmålar. I 1855 fekk han statsstipend til vidare studium i utlandet og reiste til Düsseldorf, den gongen eit sentrum for nasjonalromantisk målarkunst. Bergslien måla der fleire av dei mest kjende bileta sine, mellom dei Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet og Kong Sverre på Vossefjeldene.

Mot slutten av 1860-åra gjekk det nedover med målinga, og broren Brynjulf henta Knud heim til Kristiania att i 1869. Der tok han opp att målinga, særleg portrettmåleri.

Johan F. Eckersberg hadde opna Kristiania Malerskole i 1859. Då Eckersberg brått døydde sommaren 1870, tok Knud Bergslien over leiinga av skulen saman med Morten Müller. I 1873 fekk han oppdraget med å måle det offisielle biletet av kroninga av Kong Oskar 2. i Nidarosdomen. Frå same året styrte Bergslien skulen åleine og endra namnet til Bergsliens Malerskole. Mange av dei mest kjende norske kunstmålarane var elevar ved skulen hans, som Bergslien dreiv fram til kring 1900.

Frå 1900 fekk Knud Bergslien årleg 800 kroner i statspensjon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dagestad, Magnus (1945): Dei tre Bergsli-kunstnarane. Voss: Magnus Dagestad (eige forlag). Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Warberg, Thor (2008): Bergslien-målarane. Folkeliv i fargar. Førde: Selja Forlag

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg