Faktaboks

norrønt
Språkkodar
non (NON)
ISO-639:3
non
Runer hogd inn i stein
Eggjasteinen frå Sogndal er ein runestein frå 600-talet med om lag 200 runer. Språket er på god veg til å bli norrønt.
Del av innskrifta på Eggjasteinen
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Fotografi av en gammel tekst
Baglerkongen Filippus Simonssons vernebrev for klosteret på Hovedøya er det eldste bevarte brevet på norrønt (gammalnorsk). Det er bevart i original på Riksarkivet. Brevet er trykt i Diplomatarium Norvegicum (bind 1, nr. 3).
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY SA 4.0

Norsk språkhistorie

200–700

Urnordisk

700–1350

Norrønt

1350–1536

Mellomnorsk

1536–

Moderne norsk

Norrønt var eit språk brukt i Noreg i perioden 700–1350. Det vart også brukt i område som vart busette frå Noreg i denne tida, som Island, Færøyane, Shetland og Orknøyane. Moderne norsk, islandsk og færøysk kjem frå norrønt.

Norrønt er bevart i innskrifter med runer frå vikingtida og mellomalderen. Dei er mellom anna å finne på trestykke, stein og bein. Dei fleste norrøne tekstane er skrivne med det latinske alfabetet i brev og bøker frå mellomalderen. Dei mest kjende tekstane er soger, eddadikt og skaldedikt. Desse står hovudsakleg i bøker og manuskript frå Island.

Norrønt språk kom frå urnordisk. Det var særleg i perioden 500–700 at urnordisk endra seg til norrønt, mellom anna ved at orda vart kortare. Det kom også noen vokalar i norrønt som ikkje fanst i urnordisk, som y, æ og ø. Dansk og svensk kjem også frå urnordisk.

Ei setning frå innleiinga til Snorres Edda kan brukast som eksempel på norrønt språk. Boka er frå omkring 1220 og handlar mellom anna om den norrøne mytologien. Det står om guden Odin, som ein gong hadde vore i Danmark ei tid:

  • Norrønt: Eptir þat fór hann norðr þar sem nú heitir Svíþjóð.
  • Nynorsk: Etter det fór han nord der som det no heiter Sverige.

Sjølv om orda har endra seg, er det enkelt å kjenne dei igjen, for eksempel eptir som i moderne norsk blir til etter, þat som blir til det,og heitir som blir til heiter. Ein kan også sjå at norrønt hadde bokstavar som no er borte frå moderne norsk: þ (thorn) og ð (edd). Desse vart uttala som th i engelsk Cathrine og this. Aksentteikna (skråstrekane) over vokalane i fór, og Sviþjóð, betyr at vokalane var lange.

Språket utvikla seg i løpet av den norrøne perioden, og ein delar perioden inn i eldre norrøn tid (700–1050) og yngre norrøn tid (1050–1350). Det utvikla seg dialektskilnader mellom språket på Island og i Noreg, særleg i yngre norrøn tid. Derfor er det vanleg å dele norrønt inn i gammalislandsk og gammalnorsk. Ein kan også finne spor av norske dialektar i dei gammalnorske tekstane frå yngre norrøn tid.

Norrønt tok også opp i seg ord frå andre språk. Med kristendomen kom for eksempel ord frå latin og gresk som altari 'alter' og biskup 'biskop'. Det kom også ord frå nedertysk, språket til kjøpmennene hanseatane. Eit eksempel er herbergi 'herberge, husly'.

Kjelder

Runeinnskrifter

Vi kjenner norrønt språk i vikingtida frå innskrifter med den yngre runerekka. Desse innskriftene har ei språkform som kom til syne alt i Eggjainnskriften frå 600-talet: Orda er kortare enn dei urnordiske, og bøyningsformene er reduserte, men nokre ord har enno ikkje fått den forma dei fekk i det klassiske norrøne språket.

Kulisteinen frå rundt år 1000 kan vi lese at kristendomen har sikra freden i tvelf vintr (tolv vintre). På klassisk norrønt blir dette tolf vetr. Vi kjenner igjen tvelf i engelsk twelve, og det er ein rest av eit eldre, fellesgermansk språksteg (germansk *twalibi 'to til overs'). Det same gjeld vintr, der nt enno ikkje er assimilert til tt, det som seinare vart til vetr i norrønt (men framleis vinter og winter i dansk og engelsk).

Ein heldt fram med å skrive med runer gjennom heile perioden, og det er bevart svært mange runeinnskrifter frå denne tida. Nokre runer vart også brukte i handskrifter, for eksempel m-runa, som vart brukt som forkorting for maðr, 'mann'. Frå Noreg kjenner vi ikkje til at heile handskrifter har blitt skrivne med runer, men det finst døme på dette elles i Skandinavia, til dømes Codex Runicus (AM 28 8vo), som inneheld heile Skånske lov skriven med runer.

Handskrifter

Fotografi av en side med gammel tekst

Gamle skaldekvad og eddakvad har bevart restar av det eldre språket. Ei side av Codex Regius med ein del av Sigerdrivamål. Arnamagnæanske institutt, Reykjavík.

.
Lisens: fri

I yngre norrøn tid byrja folk i Noreg å skrive på morsmålet med det latinske alfabetet. Det skjedde truleg allereie på 1000-talet. Kunnskapen om alfabetet kom frå England; det ser vi av at ein i Noreg brukte dei engelske bokstavane þ og ð. Nokre av dei andre bokstavane, som r og v, fekk også ei særengelsk form. Slike bokstavar og bokstavformer blir kalla insulære.

Det vart skrive med blekk på skinn. Dei eldste bevarte skriftstykka med det latinske alfabetet på norsk er skinnfragmenter frå tida kring 1150–1200. Først frå om lag 1200 er det bevart fleire større handskrifter (handskrivne skinnbøker) frå forskjellige kantar av landet. Den eldste boka vi har overlevert, er Gamalnorsk homiliebok, som er ei preikesamling frå andre halvdel av 1100-talet.

Den verdskjende norrøne litteraturen finst stort sett i islandske handskrifter frå 1200-talet og seinare. I desse handskriftene finn me skaldekvad og eddakvad som har bevart restar av norrønt språk som er eldre enn handskriftene sjølve. Nokre av dikta går truleg heilt tilbake til 800-talet. Sjølv om dei er skrivne ned lenge etter at dei vart laga, har dei så strengt rim og så fast metrikk at språket har heldt seg ganske stabilt fram til nedskrivinga.

Diplom

Den største kjelda til norsk språk i høg- og seinmellomalderen er mange tusen bevarte skinnbrev, diplom. Dei er skrivne av skrivekyndige i ulike samfunnslag og yrke. Dei dekkjer store delar av tidsperioden, og store delar av landet er representert. Ettersom skriftnormen i den eldre tida er noko fastare enn i dei seinare diploma, er det spesielt mot slutten av perioden mogeleg å spore språkutvikling og dialektar, men også utvikling av skriftnormer. Det eldste diplomet på norsk språk er utferda av baglarkongen Filippus ein gong i regjeringstida hans, 1207–1217.

Norrøne ord i andre språk

Dei aller fleste kjeldene til norrønt språk er samtidige skriftlege kjelder, men vi kjenner også til norsk og nordisk språk i vikingtida frå namn og ord i andre språk. I fransk, til dømes, er ordet matelot 'matros' (gamalfransk matenot) truleg lånt frå norrønt mǫtunautr 'ein som ein deler maten sin med (om bord)'. I engelsk er det fleire ord med nordisk opphav, som fellow (norrønt félagi) og bag (norrønt baggi). Irsk har lånt en del ord fra norrønt. Disse er attestert først i den mellomirske litteraturen, men en håndfull lånord er fremdeles i daglig bruk i moderne irsk (f. eks. irsk beoir 'øl' fra norrønt bjórr og irsk bád 'båt' fra norrønt bátr). I middelirsk finst til dømes láideng 'leidang' (norrønt leiðangr). Et stort antall norrøne stedsnavn forefinnes i skotsk-gælisk.

Eldre norrøn tid

Eldre norrøn tid er fra cirka 700 til 1050. På den tida spreidde norrønt språk seg til Island, Færøyane, Grønland, øyane nord og aust for Skottland, Irland, Nord-England og andre stader.

Språkendringar i eldre norrønt

Endringane frå urnordisk til norrønt var langt på veg gjennomførte ved byrjinga av perioden, men nokre omlydar var enno ikkje fullt gjennomførte i det norrøne språkområdet. Nokre av dei viktigaste språkendringane frå eldre til yngre norrønt er:

  • I eldre norrønt ser det ut til at etterhengd artikkel (hestr-inn 'hest-en') utvikla seg.
  • Det refleksive pronomenet (sik 'seg') voks saman med verbet som stod føre, til dømes kalla sik 'kalle seg', som voks saman til kallask (seinare kallast).
  • I gamalnorskfell h bort i byrjinga av ord føre r, l, og n, til dømes i Róarr, laupa, nefi (Roar, løpe, neve), medan han heldt seg i islandsk (Hróarr, hlaupa, hnefi).
  • v fell bort føre r i framlyd i mange dialektar, og ord som vreiði 'vrede' og vrangr 'vrang' vart til reiði og rangr.
  • og vart assimilerte til nn og ll, til dømes i Gunnarr (jamfør den uassimilerte forma Günther i tysk) og gull (jamfør uassimilert guld i dansk og gold i tysk og engelsk).
  • mp, nt og nk vart assimilerte til pp, tt og kk i ord som kappi 'kjempe', satt 'sant' og akkeri 'anker'.
  • rs vart assimilert til ss, til dømes i foss (jamfør den uassimilerte forma i nordnorsk og svensk fors).

I løpet av den eldste tida aukar skilnaden mellom norrønt og dei andre nordiske språka. Indre dialektskilnader kjem også til syne i det norrøne språket, til dømes mellom språket i Noreg og på Island.

Yngre norrøn tid

Fotografi av en side i en gammel bok.
Landslova av 1274 er skriven på norrønt. Manuskriptet MS. 4° 1, som her er avbilda, blir i dag oppbevart på Nasjonalbiblioteket i Oslo og er datert til perioden 1300–1325.
Ei side frå Landslova
Av .

Yngre norrøn tid (cirka 1050 til 1350) er kjenneteikna av eit heilt annleis kjeldemateriale enn den eldre tida. Frå midten av 1100-talet vart det skrive med latinske bokstavar på pergament, og svært mange tekstar, anten i bøker eller i brev, har overlevd til i dag.

Dialektane veks fram

Ein kan seie at fleira av språkendringane som førte fram til moderne norsk, byrja i den norrøne perioden, men i ulik grad og i ulikt tempo i dei forskjellige landsdelane. Slik vaks dialektane fram. I yngre norrønt blir dialektskilnadene tydelegare.

Det er fleire viktige språkendringar som ligg til grunn for dei ulike dialektane:

  • Vokalharmoni i norrønt er ei veksling mellom i og e og mellom u og o i endestavingar, alt etter som vokalen i rotstavinga er låg eller høg. Med vokalharmoni får vi í landeno ('i landet') i staden for í landinu. Den låge vokalen a i land trekkjer endingsvokalane i og u ned til e og o. I ord med høg vokal i rotstavinga held endingsvokalen seg uendra, som i guði 'gud' (i dativ). Dette skiftet viser seg i skrift føre 1200. Dette er eit trekk som er tydlegast (men aldri heilt gjennomført i skrift) i austlandsk, trøndsk og nordnorsk, medan det ikkje så ofte kjem til syne i sørvestlandsk og er heilt ukjent i islandsk.
  • Vokalreduksjon er eit resultat av at fullvokalar som a, i og u blir uttalte med slappare tungestilling når dei står trykklett; dei kjem nærare midttungevokalen schwa (ə). I bergensk vart a i slik trykklett stilling tidleg til æ, til dømes sendæ for senda, og seinare i perioden ser ein dette også i nordvestlandsk, sørlandsk og søraustnorsk. Austnorsk får typisk vokalreduksjon dersom den første stavinga er lang, som bitæ for bíta og hestær for hestar, men a er ofte bevart dersom den første stavinga er kort, som lifa 'leve' og hanar 'hanar'.
  • I austnorske dialektar kunne diftongane tidleg bli heilt eller delvis forenkla til monoftong, særleg mot grensa til Sverige. I desse områda ser ein former som hemr for heimr, mer for meir, høræ for høyra og glømi for gløymi.
  • Søraustlandsk fekk former som vann for vatn, sogn for sókn og vit for hvít/kvít. I søraustlandsk finn vi dessutan former som hafuer 'har' og kommer 'kjem' for hefir og kemr.
  • Kommer har dessutan ny, innskoten vokal føre r, som vi også ser i ord som aker og fager (for akr og fagr). Slik innskots- eller svarabhaktivokal finn ein i austlandske runeinnskrifter allereie på 1100-talet, men det er ikkje før på 1300-talet at dette blir et viktig målmerke. I austlandsk, nordvestlandsk og trøndsk er denne vokalen oftast e (maðer og ligger for maðr og liggr), i søraustlandsk oftast a eller æ (maðar, liggær), og i islandsk og delvis sørvestlandsk u (maður, liggur).

Lånord og påverknad frå andre språk

Lånord kjem gjerne i små og store bølgjer frå ulike retningar. Større kulturelle, teknologiske, religiøse og politiske omveltningar kan tilføre eit språk nye ord. Dagane fekk namna sine i eldre norrøn tid som omsetjingslån frå latin, unnateke laurdag, som fekk eit anna namn her, laugardagr 'vaskedag'.

Lånord frå religionsskiftet

kristendomen kom for fullt frå 900-tallet av, kom mange ord som hadde med teologi og kyrkjetenesta å gjere, frå latin og gresk inn i norsk, som oftast via andre germanske språk. Døme på slike ord er altari 'altar', biskup 'biskop', kalkr 'kalk, beger', kirkja 'kyrkje', messa 'messe', prestr 'prest' og pína 'pine'.

Kristendomen tok med seg den nye skriftteknologien med blekk på pergament, og det tilførte språket mange ord som hadde med skriving og bokvesen å gjere, til dømes kvaterni 'hefte' og skript 'skrift' frå latin, kver 'legg (i bok)' og letr 'skriving' frå fransk, og bókstafr 'bokstav' og penni 'penn' frå lågtysk.

Saman med skriftteknologien og den nye religionen kom også andre kulturelle straumdrag, som den europeiske riddarkulturen. Derfrå har vi ord som riddari 'riddar' og kurteisi 'riddarleg/høvisk framferd'.

Lånord knytte til handel og sjøfart

Mange av lånorda i norrønt er knytte til handel og sjøfart og administrasjon av slik aktivitet. I eldre norrønt kom for eksempel ordet bátr 'båt' frå engelsk eller frisisk. Frå 1100-talet gjorde hanseatane seg gjeldande, og på 1200- og 1300-talet kom svært mange handelsord inn frå nedertysk, til dømes bismari 'bismer', bréf 'brev' og mastr 'mast'. Handelen med hanseatane gav ikkje berre ord som hadde med handel å gjere, men også ein heil del andre ord som har blitt ein viktig del av språket, til dømes dans, frue, herberge og herre.

Skriftnorm

Skrivarar fekk truleg opplæring i kloster og ved domkyrkjene, først i Nidaros og Bergen, seinare også i Oslo, Hamar og truleg andre kyrkjelege institusjonar rundt om i landet.

Erkebispesetet vart lagt til Nidaros i 1153 og vart eit naturleg skriftsentrum. Då Bergen fekk eit kongeleg kanselli, kom skriftspråket her til å spele ei større rolle, særleg i lovarbeida under Magnus Lagabøte. Det er såleis vanleg å snakke om ei trøndernorm og ei bergensnorm på 1200-talet. Denne todelinga dominerer i tidlege handskrifter. Det var variasjon også innanfor desse normene; skrivarane heldt seg nok til det språket dei var opplærde i, men dialekta hjå skrivaren spelte inn, og det gjorde også språket i førelegga, tekstane som vart kopierte: Dersom ein trøndersk tekst skulle kopierast av ein vestlending, kunne kopien få ei sterk blanding av to skriftkonvensjonar. Dei fleste bevarte handskriftene er kopiar, og slik blanding er vanleg.

Skriftspråk vart slik noko anna enn talemål. Vi kan ikkje snakke om faste normer, som i dag, men kanskje heller konvensjonar, der fleire faktorar spelar inn.

I islandske handskrifter ser vi eit språk som har eit eldre preg enn i dei norske, og sjølv om somme tekstar har norvagismar, har skriftkonvensjonane i Noreg hatt lite å seie for islandsk skriftspråk.

Austlandet gjorde seg mindre gjeldande i det tradisjonelle skriftspråket på 1200-talet, men på 1300-talet fekk Austlandet ei meir leiande stilling i riket. Det kongelege kanselliet flytte til Oslo frå Bergen i 1314. Den gamle skriftspråkstradisjonen vart nokså godt oppretthalden ved kanselliet i Oslo, men likevel trengde mange austlandske talemålsformer inn, dels slike som var utvikla frå før, dels nye former som takr 'tek' for tekr, arfuingr 'arving' for erfingr, suæinær 'sveinar, gutar' for sveinar, orkæde 'orka' for orkaði, fimthæn 'femten' for fimtan, preteritumsforma trudde for eldre trúði, pronomenet jek 'eg' og så vidare.

Dei forskjellige politiske tyngdepunkta påverka skriftspråket. Trøndsk vart i nokon grad med på lasset i kanselliet i Bergen, og den trøndsk-bergenske tradisjonen heldt fram ved kanselliet i Oslo på 1300-talet. Samstundes er det tydeleg at det har vokse fram eit skriftspråk som stod nærare dei austlandske dialektane, og det vart bruka jamsides tradisjonelt kansellispråk i Oslo på 1300-talet.

Slutten på den norrøne tida

Mot mellomnorsk i Noreg

I Noreg døydde det norske skriftspråket ut i overgangen mellom norrønt og moderne norsk. Dansk tok over som administrasjonsspråk, og fram mot 1500-talet låg talemålet langt frå det gamle, norrøne skriftspråket. Dei gamle lovene, som framleis galdt, kunne slett ikkje lesast av alle og vart omsette til dansk. Bibelen vart heller ikkje omsett til norsk ved reformasjonen men vart lesen på dansk. Dette forankra dansk språk i Noreg.

Talemålet gjekk også gjennom store endringar. Språket i perioden mellom svartedauden og reformasjonen blir gjerne kalla mellomnorsk. Det som kjenneteiknar språket i denne perioden er ei omfattande forenkling av bøyingssystemet, utjamning av skilet mellom kort og lang rotstaving, og stor reduksjon av utlydar, slik at for eksempel mín vart til mi, sólin til soli, góðir til gode og þeir til dei. Sterk påverknad frå svensk og dansk gjorde seg også gjeldande.

Islandsk, færøysk og norn i vest

Island heldt det gamle språket seg også etter mellomalderen. Det islandske språket gjekk ikkje gjennom dei store endringane som på fastlandet, og skriftspråket heldt seg også levande. Ikkje minst var omsetjinga av Bibelen til islandsk i 1584 ein viktig grunn til at skriftspråket fann ei form også etter reformasjonen. I form ligg islandsk framleis nær det norrøne språket, og dagens islendingar kan lese norrøne tekstar utan større problem.

Færøysk gjekk gjennom store lydendringar, medan bøyingsverket stort sett heldt tritt. Det gamle skriftspråket døydde også ut her, men på 1800-talet vart det rekonstruert på grunnlag av talemålet, som med nynorsken i Noreg. Det færøyske skriftspråket er konservativt – blant anna bruker dei bokstaven ð (edd), som ikkje blir uttala, men som i stor grad identifiserer og bind saman det heile på etymologisk grunnlag. Skriftbiletet ligg nært det islandske, medan talemålet kan minne om enkelte norske dialektar.

Det norrøne språket på Orknøyene og Shetland, norn, heldt seg i nokre hundreår, men ein reknar med at den siste som snakka språket, døydde på 1700-talet. Norn er dokumentert i korte tekstar frå denne tida.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjorvand, Harald og Fredrik Otto Lindeman 2007. Våre arveord. Etymologisk ordbok. Revidert og utvidet utgave. Oslo: Novus.
  • Hagland, Jan Ragnar 1984: Riksstyring og språknorm. Spørsmålet om kongens kanselli i norsk språkhistorie på 1200- og første halvdel av 1300-tallet. Dragvoll.
  • Hagland, Jan Ragnar 2005: Literacy i norsk seinmellomalder. Oslo: Novus.
  • Haugen, Odd Einar 2001. Grunnbok i norrønt språk. Oslo: Gyldendal.
  • Sandøy, Helge og Agnete Nesse, red. 2016–18. Norsk språkhistorie, bd. I–IV. Oslo: Novus. Om norrønt, sjå særleg bd. IV, kap. 3–4.
  • Seip, D. A. 1955: Norsk språkhistorie til omkring 1370. 2. utg. Oslo: Aschehoug.
  • de Vries, Jan 1977: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. Leiden: Brill.

Kommentarar (6)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

Svarabhaktivokal (hjelpevokal) bør defineres to avsnitt over; kun lingvister og hobbylingvister vet nok hva det er. I diskusjonen om norrønt til moderne norsk er Trøndelag og Nord-Norge helt fraværende – det samme gjelder også innlandsmålene; dette bør utbedres.
Artikkelen kunne ha vært hjulpet av ei liste over uttaleregler, så som hvordan uttale final f, uttale av o med kvist, vokaler med aksent (som á kontra a).

svarte Børge Nordbø

Hei! Eg er i gang med ein heilt ny versjon av denne artikkelen. Det er ein god idé å ta med uttalereglar. «Svarabhaktivokal» blir i den nye artikkelen kalla «innskotsvokal», med lenkje til artikkelen «svarabhakti», slik at dei som ikkje veit kva det er, kan lese meir om det der. Det blir også eit eige kapittel om overgangen til moderne norsk, og der blir språk i heile landet omtala, viss kjeldene tillet det. Takk for gode forslag!

skreiv Harald Bjorvand

Hei,

Rök-steinen har med sine former sitiR, sunu, garuR og twalf ikke norrønt språk. Den dateres allment til ca. 800-815. Vi bør følgelig anta norrønt språk fra 825-850, dvs. at språket til de eldste skaldene er norrønt. Den tradisjonelle dateringen til 700 synes å ha sammenheng med oppkomsten av den yngre futharken og bør oppgis.

Harald Bjorvand
Prof. em. i germansk filologi, UiO

svarte Bernt Ø. Thorvaldsen

Tusen takk for kommentaren. Jeg har fulgt periodeinndelingen i Norsk språkhistorie, red. Sandøy og Nesse (2018). Jeg er enig i at det tradisjonelle startpunktet for norrønt er problematisk, og at det kanskje bør revideres. Det er i det hele tatt vanskelig å knytte årstall til de språkhistoriske periodene, synes jeg, også med tanke på geografisk variasjon.

skreiv Harald Bjorvand

Hei,

Takk for svar. Ja, absolutt tidfesting av perioder er vanskelig, og vi har jo ikke akkurat mye materiale å bygge på! Vi kan på den annen side være rimelig sikre på at Bragi Boddason talte norrønt. Jeg synes derre forholdet bør fremheves i en historisk oversikt over språkutviklingen.

Med vennlig hilsen
Harald B.

svarte Bernt Ø. Thorvaldsen

Ja, du har rett. Jeg skal nevne usikkerheten når jeg reviderer artikkelen. Takk for gode innspill!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg