sørlandsk

Sørlandsk er de norske dialektene langs kysten av Agder. Nemninga sørlandsk har opp gjennom åra blitt brukt noko forskjellig. Eldre dialektforskarar, til dømes Hans Ross og Sigurd Kolsrud, brukte ikkje «sørlandsk», men snakka helst om egdske mål. I nyare litteratur blir sørlandske dialekter rekna inn under det som blir kalla sørleg e-mål. På Agder strekker dette sørlege e-målet seg frå Risør i aust til Lindesnes i vest. I gamle Aust-Agder breier e-målet langt inn i landet til og med Øvre Setesdal.

Sørlandsk brukt om kystmåla på Agder

Det er svært stor skilnad på dialektene langs kysten av Agder og dei ein finn i indre bygder, og særleg i Setesdal; sjå artikkelen om dialekter på Agder.

Språkkontakt fører til forenkling i språket

I uthavnene langs Sørlandskysten var det på 17- og 1800-talet mykje liv og røre. Her møtte folk på kysten kvarandre, og dei møtte sjøfolk og handelsmenn frå inn- og utland. Dette sette spor etter seg i talemålet. Bildet er frå Brekkestø i Lillesand kommune-

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Kystmåla i gamle Aust- og Vest-Agder (sørlandsk) har mange felles drag, og liknar mykje på kvarandre. Kystfolket har opp gjennom tida hatt mykje kontakt seg imellom, både i austleg og vestleg retning. I tillegg har kystbuarane hatt samband med folk frå andre landsdelar og frå utlandet. Eit resultat av dette er at dialektene mellom Arendal og Lista har mykje felles med måla på andre sida av Skagerrak, i Danmark. Det gjeld både dei «blaude» konsonantane og også andre særdrag i lydverket og bøyingsverket.

Mykje kontakt har det også vore med Holland og England. Spesiell viktig er den perioden som er kalla «hollendartida» på Sørlandet frå 1550 til 1750. Hollendarane kjøpte trelast og tømmer, og særleg var den sørlandske eika etter­trakta som verdfullt byggjemateriale. Unge menn på Agder tok seg arbeid på hollandske skip, og jentene reiste til Holland og arbeidde som hushjelper. Sørlandskysten var på slutten av 1500-talet og vidare framover til langt utpå 1800-talet eit slags Klondyke, der ein kunne høyra mange dialektar og tungemål.

Når dialektar og språk møtest, slik det var tilfellet på egdekysten, vil språkutviklinga skyta fart. Det oppstår då gjerne forenklingar i språksystemet, noko ein ser på kysten av Agder. Sørlandske dialekter blir ofte karakteriserte som «moderne dialekter». I dette ligg det at desse talemåla har utvikla seg langt vekk frå det gammalnorske språksystemet fram til eit enklare bøyingssystem i til dømes substantiv, verb og pronomen, sjå nedanfor

Sørlandsk er e-mål

Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Dei ytre måla på Agder, som her er kalla sørlandsk, er som nemnt e-mål. I dette e-målet vil både infinitiv og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal enda på -e, døme er: å kaste, å vere, ei vise, ei kage, ei vege/ei uge og så bortetter. Med andre ord: Om orda var jamvektsord eller overvektsord i norrønt har ikkje hatt noko å seia for utviklinga av endingsvokalen. Mot vest grensar e-målet til e/a-målet i Lindesnes/Spangereid.

Lydverk (fonologi)

Ulik tonegang i aust og vest

Det er ein viktig skilnad i tonegangen( = musikken i orda) i austlege og vestlege delar av Agder-kysten. Forskjellen kjem fram i ord som sola, boka, døra, bilen, huset, armen og så bortetter. Grensa for dette fenomenet går vest for Lillesand. Lillesand og dialektene austover har austnorsk lågtone, der tonen på det enkelte ordet begynner lågt og stig mot slutten av ordet. Vest for den nemnde grensa finn ein vestnorsk høgtone, med høg tone først i ordet og låg tone mot slutten. Ein kan seia at austnorske og vestnorske dialekter møtest her vest for Lillesand. (Ordet tonegang må ikkje forvekslast med tonelag eller tonem, som er det språktrekket som gjer at ein i norsk kan skilja mellom ordpar som huset og å huse.)

p, t, k til b, d

Kartet viser "blaude" konsonantar i Noreg

Overgangen p, t, k til b, d, g er ein overgang frå ustemde til stemde konsonantar, og blir ofte kalla overgang til «blaude» konsonantar. Dette blir ofte nemnt som eit særdrag i sørlandske dialekter. Overgangen til b, d, g skjer når kort (enkel) p, t, k står etter lang vokal i ordet. Døme er: å tabe, å gabe, å bide (bita), å vede (vita), ei bog, å koge. Som nemnt ovanfor gjeld overgangen til b, d, g etter lang vokal. På kysten av Agder er det likevel lett å finna døme på overgangen også etter kort vokal. Her er forklaringa at vokalen er blitt forkorta (og konsonanten blitt lang) etter at overgangen til stemd konsonant hadde skjedd. Døme på dette frå Kristian­sand bymål: å sidde, et sjibb (skip), kåbbår (kopar), pebbår (pepper), kjødd (kjøt), rådden (roten), spiggår (spikar).

Ikkje all sørlandsk har blaude konsonantar. I dialektene nordaust for Arendal finn ein harde konsonantar heilt ut i havgapet. Overgangen frå ustemde til stemde konsonantar (p, t, k til b, d, g) skjer ikkje berre i sørlandsk, men fenomenet finst også i dialektene vestover så langt som til sørenden av Karmøy i Nord-Rogaland.

Opphavleg kjem språkdraget «blaude» konsonantar frå Danmark, og dette fortel om eit viktig kulturelt og økonomisk samarbeid over Skagerrak mellom Noreg og Danmark på 1400- og 1500-talet.

Skarre-r

Skarre-r i norske dialektar.
Lisens: CC BY SA 3.0

Sørlandsmåla vest for Risør har skarre- r (her skriven R), det vil seia ein bakre -r som blir uttalt ved at bakre delen av tunga vibrerer mot den bakre blaute ganen. Lyden kan også bli laga ved at drøvelen vibrerer mot den bakre delen av tungeryggen. Døme er: «ho skReiv på eit aRk, «bRusen var RaRfaRgen». Ein meiner at skarre-r oppstod i Paris på 1600-talet og spreidde seg til byar nordover i Europa – og kom til Sørlandskysten ca. 1800. Grensa mellom skarre-r og rulle-r går i dag mellom Risør og Tvedestrand. Skarre-r-en har dei siste 70–80 åra spreidd seg mykje både i nordleg og austleg retning på Agder.

Austlege og vestlege kystmål

Talemålet lengst i nordaust – til dømes i og omkring Risør – liknar mykje på dei reint austlandske måla i Nedre Telemark. Her i aust finn ein tjukk l og tungespiss-r. Bruk av typisk austnorske retrofleksar («tjukke lydar») i ord som rart og ferdig er også vanleg her i dette kystområdet.

r-ending i visse kategoriar

Frå Risør og vestover til og med Kristiansand har ein r-ending i fleirtal av substantiv og i presens av verb, døme: fleire hester (fleirtal) og ho kaster ballen (presens). I dialektene i Kristiansand og Grimstad fører skarre-r-en til at vokalen føre blir å-farga: fleire hestår og ho kastår ballen. I Søgne, vest for Kristiansand, der ein ikkje har r-ending, heiter det fleire heste og ho kaste ballen.

r-vokalisering og r-farging

Som nemnt har kystmåla i heile gamle Aust-Agder r-ending i fleirtal av substantiv og i presens av verb. I kystområda aust for Grimstad blir likevel r-en i endinga borte dersom ikkje neste ordet i setninga begynner på vokal! Regelen er denne: I eit ord som i skrift endar på trykklett -er, held endinga seg, og blir uttalt -eR, det vil seia «slapp» e + R, dersom det kjem eit ord etter som begynner på vokal. I alle andre tilfelle (der det ikkje kjem vokal etter) blir -er til -æ. Eit døme frå Tvedestrand er: «Estæ kjøpæ pærer å eplæ» (Ester kjøper pærer og eple). Ordet pærer held på er-endinga fordi det her kjem ein vokal (å) etter substantivet, medan Estæ og kjøpæ får æ-ending fordi desse orda står framfor konsonant. Jamfør også setninga: «Ester er snill» (Ester står her føre vokal, og held på -er). Dette fenomenet at r-en liksom forsvinn i mange stillingar, men ikkje alltid, blir kalla r-vokalisering, og det at vokalen blir forandra til -æ når r-en blir borte, kallar ein r-farging. I Arendals-målet blir resultatet av r-farginga ikkje -æ, men ein å-lyd, jamfør Arendal: «Estå kjøbå pærer å eplå». R-vokalisering finst ikkje i andre norske dialekter, men er vanleg i dansk og i (sørleg britisk) engelsk og tysk.

Formverk (morfologi)

Dei unge i Arendal tar i dag opp austnorske trekk i talemålet sitt, det gjeld særdrag som finst i dialektene lenger aust på Agder. Bildet ovanfor er frå Nedre Tyholmen, den eldste bydelen i Arendal.
Av .
Lisens: CC BY-SA 4.0

Substantiv

Som nemnt ovanfor har sørlandsmåla eit enkelt bøyingssystem. Her følgjer døme på substantivbøyinga kystmåla i gamle Aust-Agder:

  • ein bil bilen – fleire bile – alle bilene
  • ei skål – skåla – fleire skåler – alle skålene
  • eit fjell – fjelle(t) – fleire fjell – alle fjella
  • eit hus – huse(t) – fleire huser – alle husene

Lenger vest, i til dømes Kristiansands-målet, vil alle substantiva få endinga -ane eller -an i bestemt form fleirtal: bilane – skålane – husane – fjellane.

Verb

Sørlandsmåla har også ei enkel verbalbøying. Dei sterke verba har ikkje vokalskifte frå infinitiv til presens. Det heiter i desse dialektene:

  • å komme – kåmmer – kom – har kåmme
  • å sove – såver – sov – har sove

Kristiansand bymål har i presens formene kåmmår og såvår. Områda vest for byen har tilsvarande presensformer som kåmme og såve (utan r-ending).

Dei svake a-verba har i sørlandsk presensendinga -er eller -år. Han kaster/kastår og han danser/dansår. Vest for Kristiansand kan a-verba få e-ending i alle former, døme: å danse – danse – danse – har danse og å kaste – kaste – kaste – har kaste. I dei dialektene som har slik bøying, er det mykje overgang til ending på -te i preteritum: ho syklte (sykla), ho danste, han hoppte (hoppa).

Kan e få kjøre med du?

Ei setning som denne i overskrifta her fortel at subjektsforma du blir brukt etter preposisjon. Denne bruken av du er i dag vanleg hos yngre språkbrukarar i praktisk talt heile gamle Aust-Agder fylke. Det dreier seg likevel ikkje om eit generelt bortfall av den avhengige forma deg. I ei setning der pronomenet er trykklett blir ikkje du-forma brukt, som i denne setninga «æ så deg på bussen i går». Når ordet får trykk, kjem forma du fram: «du så æ på bussen i går». Det er sett fram ulike teoriar bak denne bruken av du som avhengig form, og det er nå skrive ei bok (avhandling) om dette fenomenet (Gunleifsen 2019).

Spesielle eigedomspronomen

Eigedomspronomena har spesielle former i sørlandsmåla. Dei heiter som regel hanses, hoses og disses. Jamfør setninga: «e de kje hoses, vem e de dåses?», sagt på ein annan måte: «e de kje ho sin? vem e de då sin?» Andre døme (frå Kristiansand): «æ de hanses eller hoses? hvemses æ de dasses, viss ikke de æ disses?» (Kven er de då sine, viss ikkje det er desse sine?)

Kor går sørlandsmåla i dag?

I dei vestre kystmåla ser ein ei utjamning av visse dialektrekk. Eit døme er bortfall av vokalskiftet i presens av sterke verb. Dei eldre formene kjem’e og søv’e blir til kåmme og såve. Presens av a-verba, som før enda på -a (eg sykla nå), får ovegang til e-ending (eg sykle nå).

I Kristiansands-målet blir dei «blaude» konsonantane i dag heilt blir borte. Storparten av dei unge i dag seier et møte, å bake, å like, å stupe.

Den største endringane i dagen sørlandske dialekter skjer likevel i kystmåla aust i gamle Aust-Agder fylke. Her opplever ein det som kan kallast ei «austlandisering» av dei egdske kystmåla (Torp 1994). Frå før finst det her i aust (omkring Risør) dialekter med austnorsk preg, særtrekk som tjukk l, tungespiss -r og retrofleksar. Reint lingvistisk ligg dei austlege sørlandsmåla ikkje så langt frå austlandsk. Det gjeld mellom anna tonegangen i ord og setningar. Her aust er det også mange innflyttarar frå Austlandet. Samla sett ligg forholda til rette for austlandsk påverknad av talemålet.

Dei «austnorske» retrofleksane, «tjukke» lydane i ord som stort, færdi (fedig), arti (artig) blir nå brukt av dei unge i Arendal og i kyststroka aust og vest for byen. Lenge trudde ein at skarre-r-en her sør ville hindra introduksjonen av desse retrofleksane, men nyare forsking viser at det er fullt mogeleg for ein språkbrukar å ha begge fenomena. Ein ungdom i Arendal kan til dømes seia: «ein RaR Rev» og rett etter: «Reven sprang fort» og «takRaset var stort» (bruk av skarre-r og samstundes retrofleks uttale av fort og stort). Yngre folk frå Arendal vil i dag ha eit språk med retrofleksar og også lite r-vokalisering og lite å-farging av endings­vokalar, sjå ovanfor.

Mange av dei orda kyst-ungdommen brukar, vil vera ord som er bokmålsfarga. Fleire ungdommar i Arendal og i områda lenger aust snakkar i dag eit talemål som ligg nær opp til austlandsk, og språket deira nærmar seg mykje vanleg oslomål. På Sandøya er den lokale dialekten heilt borte. Denne øya blei mest avfolka før 1970. Austlendingar flytta då inn på øya. Dei som veks opp på Sandøya i dag, snakkar oslomål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gunleifsen 2019: Gunleifsen, Elin: Du som avhengig pronomenform i talespråket i Aust-Agder – en undersøkelse i virkelig tid. Oslo: Novus.
  • Skjekkeland 1999, Martin Skjekkeland: Agder – ein region mellom aust og vest. Kva skjer med talemålet i området? I: Målbryting 2/1999 (= Skrifter frå prosjektet Talemålsendring i Noreg). Universitetet i Bergen. (Side 76-97.)
  • Torp 1990, Arne Torp: Hvor er Sørlandet – og hva er sørlandsk? I: Jahr (red.) 1990, Ernst Håkon Jahr: Den store dialektboka. Oslo: Novus. (Side 29-44.)
  • Torp 1994, Arne Torp: Skarre-r mot retrofleksar – ein rapport frå frontlinja. I: Kotsinas og Helgander (red.): Dialektkontakt, språkkontakt og språkförendring i Norden. Stockholm. (Side 291–299.)
  • Torp 1912, Arne Torp: Agder – norgesrekord i dialektvariasjon. I: Årbok for Agder Vitenskapsakademi. Kristiansand: Portal forlag. (Side 123–173.)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg