Teologi er studiar og systematisering av religiøse førestillingar og tekstar.
I kristendommen har teologien tradisjonelt blitt oppfatta som ein vitskap om Gud og eigenskapane, verdsstyret og viljen hans, med openberringa og fornufta som dei to kjeldene. Protestantisk teologi, derimot, har frå Immanuel Kant (1724–1804) og Friedrich Schleiermacher (1768–1834) blitt forstått som ein vitskap om kristendommen, ikkje om Gud. Teologien studerer korleis ein innanfor den kristne tradisjonen tenkjer om verda og menneska – og dermed korleis kristendommen har utvikla seg. Teologien har ingen spesifikk metode, men nyttar ulike metodiske tilnærmingar.
I moderne tid blir teologi også brukt om studiar og systematisering innanfor andre religionar enn kristendommen, til dømes islam.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.