vestnorsk

Kartet viser utbreiinaga av nordleg og sørleg e-mål, og det sørvestlandske a-målet.
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Til det vestnorske målområdet høyer dialektane i gamle Aust-Agder i søraust, vestlege delar av gamle Vest-Agder, i tillegg til Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Romsdal. I nord grensar vestnorsk til Nordmøre, som er eit trøndersk målområde.

Allmenne særdrag

Det viktigaste og samlande kjennemerke på vestnorsk er at ein i dette hovudområdet ikkje finn spor av jamvektsloven. Austnorske dialekter følgjer jamvektsloven, og har til dømes jamvektsinfinitivar som å værra, å gjørra og overvektsinfinitivar som å kaste og å skrive. Dette blir kalla kløyvd infinitiv. Vestnorsk har derimot eit system der alle infinitivane anten endar på -a, typen: å vera, å gjera, å kasta (= a-mål), eller alle endar på -e, typen: å vere, å gjere, å kaste (= e-mål). I vestnorsk har såleis ikkje ulike norrøne trykk- og kvantitetstilhøve hatt noko å seia for utviklinga av endingsvokalen i tostavingsord (som altså den austnorske jamvektsloven legg til grunn). Sjå kart.

I svake hokjønnsord ubestemt form eintal har austnorsk ofte jamvektsformer som ei viku, ei smiu, motovervektsformer som ei vise, ei kiste (kløyvde svake hokjønnsord). Vestnorsk har anten former med -a i alle: ei veka, ei smia, ei visa eller med endinga -e i alle: ei veke, ei smie, ei kiste. Svake hankjønnsord endar i vestnorske dialekter på ‑e: ein hane, ein låve, ein stabbe.

Også i nordnorsk er det lite spor etter jamvektsloven, og difor har nordnorske dialektar av og til blitt slått saman med dei vestnorske (Skjekkeland 1997). Her i denne artikkelen brukar ein nemninga vestnorsk om dei dialektane som blir snakka sør og vest i landet, sjå ovanfor.

Andre kjennemerke

Ulikt tonelag (ordtone) i ord av typen sola, boka, døra osv. utgjer eit viktig skiljemerke mellom austnorske og vestnorske dialektar. Vestnorsk har høg tone først i ordet, og tonen fell mot slutten av ordet (kalla høgtone), austnorsk har låg tone først i ordet, og tonen stig så mot slutten av ordet (kalla lågtone).
Tonelag i norsk
Av /Fintoft og Mjåvatn 1980.
Lisens: CC BY SA 3.0

I trykkgrupper har vestnorsk trykk på adverbet: å gå 'ut og å ta 'inn og så bortetter. Austnorsk har her 'gå-ut og 'ta-inn (samandraging til eitt ord med trykk på første ordet).

Vestnorsk (frå Lillesand og vestover) har høgtone i tonem 1-ord som sola, senga, døra. Tonen startar då høgt på første stavinga i ordet og fell mot slutten. Austnorsk har eit motsett system, der tonen startar lågt og stig mot slutten av ordet, og dette blir kalla lågtone (sjå kart).

Vokalar og konsonantar

Vestnorsk har ofte lang vokal i norrøne kortstava ord som: vet, skot, bos (avfall), lok (lokk) der austnorsk har vett, skott/skøtt, boss og låkk med kort vokal.

Innafor vestnorsk målområde er det ein del diftongering av norrøne lange vokalar, jamfør døme som heus (hus), soul (sol), baot (båt), pao (på), dao (då).

Eit vestleg drag er det at fleire konsonantsamband held seg utan å bli assimilerte, det gjeld i ord som kveld, lang, sand, lamb. I vestnorsk finn ein også konsonantovergangar som ll til dl (adle) og nn til dn (steidn) (kalla segmentering). Jamfør også den vestnorske overgangen rn til dn (kodn, hodn) (kalla differensiering). Nokre av desse konsonantovergangane finn ein også i midlandsmåla (Hallingdal og Valdres).

I dei vestnorske dialektene har ein tradisjonelt hatt palatalisering av g og k i innlyd av ord der det i norrønt stod vokalen -i etter g/k, jamfør dialektformene bekkjen, veggjen, takje (taket), senja (senga) og så bortetter. Denne palataliseringa er på vikande front hos dei unge. Nektingsadverbet heiter likevel ikkje på heile Vestlandet (der Austlandet har former som ikke, itte eller ente.

Substantiv, verb, pronomen

Ein stor del av dei vestnorske dialektene har (som midlandsmåla) ulike endingar i bestemt form eintal av sterke og svake hokjønnsord. Det heiter då til dømes den bygdæ/bygdé/bygdi (dei sterke hokjønnsorda), men den viså/viso/visa (dei svake).

Når det gjeld formverket (morfologien), er det slik at hankjønnsord og hokjønnsord har ulik bøying i fleirtal, med typeformene fleire hesta(r) og fleire skåle(r). Noko av dette finn ein likevel også i dei austnorske fjellmåla (midlandsmåla).

Dei personlege pronomena har desse formene: I fyrste person eintal er forma eg vanleg, og i fyrste person fleirtal er det me eller mi som blir brukt. I tredje person fleirtal er det forma dei som er vanleg (der austnorsk har dæmm eller domm).

Dei sterke verba har i presens former med vokalskifte (omlyd) og innskotsvokal i endinga, døme: eg kjæm’e, eg søv’e. Presens partisipp i dei sterke verba endar på -e: har kome, har sove, har fare.

Inndeling

Det vestnorske målområdet inneheld fire undergrupper: sørleg e-mål, sørvestlandsk a-mål, nordvestlandsk e-mål og sørleg e/a-mål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990.
  • Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap, 2. utg., Novus forlag, 1987.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høiskoleforlaget, 1997.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Høiskoleforlaget, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010, Portal forlag.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg