Artikkelstart
Bøying er i grammatikken endring av eit ord for å gi uttrykk for grammatiske forhold. Bøying kan til dømes vise at eit substantiv er i ubunden (ubestemt) fleirtal (hundar, jenter, menn), eller at eit verb viser til noko som skjer i notida (kastar, trur, syg) eller i fortida (kasta, bygde, saug).
Faktaboks
- Uttale
- bˈøying
- Etymologi
-
omsett frå latin flexiō f. 'bøying, fleksjon', av verbet flectō 'bøye, krøkje, endre'
- Også kjent som
-
fleksjon
Å bøye eit ord kan òg forståast som å nemne alle – eller eit representativt utval av – bøyingsformene til ordet, til dømes slik:
- jente – jenta – jenter – jentene
- gut – guten – gutar – gutane
- eple – eplet – eple – epla
Det finst namn på nokre forskjellige typar bøying:
- deklinasjon – bøying i nominale kategoriar som tal (numerus), kasus og binding (bestemtheit). Jamfør latin dēclīnātiō ‘bøying til sida’
- gradbøying eller komparasjon – bøying i den adjektiviske kategorien grad. Jamfør latin comparātiō ‘samanstilling, jamføring’
- konjugasjon – bøying i verbale kategoriar som modus, tid (tempus) og diatese. Jamfør latin coniugātiō‘ordslektskap, ordskyldskap’
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.