Magnus den godes saga

Halfdan Egedius' illustrasjon for Magnus den godes saga, frå 1899-utgåva av Snorre Sturlassons Heimskringla. "Straks om hausten baud kong Magnus leidang ut over heile Trondheimen".

Leidang var den norske sjøforsvarsorganisasjonen i mellomalderen. Leidangen var ei avtalefesta ordning mellom rikskongen og bøndene i kystdistrikta. Organisasjonen var basert på ei inndeling av kystdistrikta i skipreider, som stilte skip, mannskap og proviant til rådveldet til kongen for eit visst tidsrom. Ordet blir òg brukt i kjeldene om sjølve hærferda, flåten med mannskap eller berre om naturalytingar.

Faktaboks

Etymologi
norrønt leiðangr, tilsvarende dansk form leding, av gammeldansk leding (alminnelig i eldre norsk litteratur); første ledd leið 'ferd', samme ord som lei

Opphav

Ordet er truleg sett saman av leið, som tyder ’lei/retning’, og gangr, som tyder ’gang’. Ein er i dag usikker på opphavet av ordninga. I Gulatingslova og Frostatingslova skriv leidang seg kanskje frå Håkon den gode si tid (cirka år 950), som ifølgje Heimskringla skal ha avgrensa leidangsområdet til «så langt opp i landet som det lengste laksen går». Leidangen kan vere utvikla frå ei tidlegare forsvarsform der lokale høvdingar stilte hærfølgjet sitt tilgjengeleg for kongen.

Ei leidangsordning basert på manntal har truleg funnest først på Vestlandet og har så vorte innført i Trøndelag etter samtykke mellom Håkon og Sigurd jarl. I Viken er dateringa av ordninga endå meir usikker. I Viken-området, i dag Austlandet, var leidangen tidlegare endå meir krevjande, mykje på grunn av erobringsforsøk frå danske kongar. Ei slik ordning kan ein sjå som del av eit gjengs europeisk mønster, der krigføring skifta frå angrep til forsvar og herskarane fekk gjennomslag for allmenn militærteneste.

Noko av bakgrunnen for innføringa var nok den nye geopolitiske posisjonen til nordsjøområda etter vikingferder til dei britiske øyane. Til dette kjem rikssamlinga og striden om makta langs norskekysten – over Viken, Vestlandet og Trøndelag. Avgjerande i Håkon Adalsteinsfostre si tid var dessutan forholdet til sønene til Eirik Blodøks (Eirikssønene), som gjorde krav på krona på vegner av far sin, bror til Håkon. Bøndene har truleg også tent på å gå saman under kongen mot herjing utanfrå.

Leidangen i eldre kjelder

Leidangen er kjend frå dei tidlegaste kjende norske lovsamlingane, landskapslovene Gulatingslova og Frostatingslova, som eit bidrag frå kystbøndene til kongeleg forsvar av kysten mot angrep utanfrå. Gulatingslova slår fast at «Kongen skal råda for bod og for bann og for utferdene våre. Ikkje skal me nekta han leidang til landsenden, når han byd ut seg til tarv og oss til gagn».

Leidangen er òg kjend frå kvad frå høgmellomalderen, som «Håløygatal». I dråpa til jarl Eirik Håkonsson heiter det:

Drusteleg drog i leidang,

daneflåten til kampen;

herskipa langs med landet

lenge segla hadde.

Dette viser til slaget på Hjørungavåg mellom ladejarlane og danskekongen, der Håkon og Eirik jarl ifølgje Snorre hadde kring 180 skip.

Gulatingslova delte kysten opp i skipreider, som skulle sørgje for eit leidangsskip kvar. Reia vart målt i sessar, altså tofter, tverrbenkene i båten. Kvart skip hadde 20, seinare 25 sessar. Sidan kvar benk hadde to årer og kvar åre to mann, hadde ein båt såleis 80–100 mann. Frostatingslova, som gjaldt for Trøndelag, deler derimot ikkje området opp i reier.

Utviklinga av leidangen

Truleg var reglane for utskriving også mindre omstendelege på Håkon Adelsteinsfostre si tid, for så å ha utvikla seg etter kvart. Tidleg skulle kvart fylke stille med éin mann for kvar sjuande mann over tre år. Etter kvart vart skipreidene delte i lider eller manngerder, som skulle stille éin mann til skipet med utstyr og mat.

Tidleg omfatta ordninga kring eit par tusen mann frå Vestlandet. Mot slutten av 1200-talet var det rundt 300 skipreider. Det vil seie at systemet omfatta 30 000 mann ved fullt utbod, altså over ein fjerdedel av folkesetnaden, men dette har neppe nokon gong vore realisert. Leidangsflåten skulle opphavleg ikkje følgje kongen i utlandet og kunne derfor ikkje brukast til angrepskrig.

Frå siste halvdelen av 1200-talet fekk kongen likevel rett til å krevje at halve leidangsflåten følgde han også i krig utanlands. Håkon Håkonsson nytta seg mellom anna av leidangen i 1263, då han søkte å hevde norsk suverenitet over Vesterhavsøyane, mot Skottland. I denne perioden vart dessutan ordninga utvida til også å gjelde skattlanda. I fredstid kunne det likevel berre skrivast ut halv leidang.

Leidang som skatt og slutten for den militære verdien til leidangen

Mot slutten av 1100-talet vart leidangen også omtalt som noko anna enn mannskapsutskriving, nemleg som kostunderhald til kongen sitt hærfølgje, hirda. Omkring år 1200 hadde leidang vorte ein fast skatt. Kongen fekk årleg ein del av provianten og dette var uavhengig av om skip og mannskap var på ferd eller var liggjande heime. Samtidig er det godt mogleg at skattebidrag har vore ein del av leidangsordninga også før slutten av 1100-talet. Leidang som skatt heldt også fram etter at hæroppbodet hadde slutta å verke, og fanst i ei viss form heilt fram til 1939.

På tida av landslova, trekvart hundreår seinare, hadde leidang vorte ein fast skatt på eigedom i by og bygd, og det eigentlege leidangsutbud vart sjeldan utkalla. I landslova frå 1274–1276 blir skatten fastsett til to «månadsmater» smør og tre med mjøl for kvar åre i leidangsflåten i krig, og det halve i fredstid. Kva som vart ytt, varierte likevel med sesong og landsdel. Samtidig vart skatten rekna etter eigedom, målt frå landskylda, og ikkje etter hovud. Også dette varierte likevel etter område – skattlegginga var til dømes flatare og mildare kring Oslofjorden.

Som mannskapsutskriving i krigstid levde leidangen vidare inn på 1300-talet. Utviklinga av større skipstypar frå slutten av 1200-talet reduserte likevel den militære verdien til leidangsskipa, og pestepidemiar undergrov finanisering, mannskapstilgang og den militære organiseringa. Framleis vart ordninga likevel nytta, mellom anna til angrep, av Håkon Magnusson.

Frå kring 1370 må leidangen seiast å ha mista den militære verdien sin. Den militærteknologiske utviklinga med borgbygging, større skip, meir kostbar og effektiv våpenindustri som krutvåpen, gjorde leidangsutbudet avleggs i kampen mot meir profesjonelle styrkar. Det sist kjende leidangsutbud kjempa sør for Bergen mot ein tysk koggeflåte i 1429 og var sjanselaus i kampen. Både Christian 3. og Christian 4. prøvde seinare å mønstre og vidareutvikle ei leidangsordning, men utan å lykkast.

Som skatt vart leidang halde oppe heilt til 1836. Også Danmark og Sverige hadde godt utbygde leidangsordninger.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg