Preteritum er ei fortidsform av verb. Nokre eksempel på verb i preteritum er reiste og drakk.

Faktaboks

Uttale
pretˈeritum
Etymologi
Av latin praeteritum ‘det som har gått forbi’, eller metaforisk ‘det som har hendt, det som er gjort’. Praeter tyder ‘forbi’. Itum tyder ‘gått’, og er perfektum partisipp av īre ‘gå’.

Preteritum er eit trekk i den grammatiske kategorien tempus eller verbtid. Hovudfunksjonen til tempus er å peike ut tidspunktet for ein situasjon sett i høve til ytringstidspunktet. Preteritum plasserer situasjonen i fortid, det vil seie før ytringstidspunktet. Ytringstidspunktet er den augneblinken då noko blir sagt eller skrive.

Preteritum står i motsetnad til presens (der situasjonen er samtidig med ytringstidspunktet) og futurum (der situasjonen er etter ytringstidspunktet):

før ytringstidspunktet ytringstidspunktet etter ytringstidspunktet
preteritum presens futurum

Tempus er nær knytt til verbet og er typisk uttrykt gjennom verbbøying (det vil seie morfologisk) eller gjennom ei perifrastisk verbform.

Eldre norsk terminologi

I norsk grammatikk vart preteritum tidlegare kalla imperfektum, ein term frå latinsk grammatikk. Termen vart ikkje nytta på same viset som i latinsk grammatikk, der imperfektum var namnet på verbformer som uttrykte både tempuset preteritum og aspektet imperfektiv.

I moderne norsk grammatikk nyttar ein òg termen imperfektum, men med ein anna tyding, som ein motsetnad til perfektum.

Preteritum og fortid

I språkvitskapen blir termane preteritum og fortid nytta med ulik tyding. Preteritum er ein del av eit grammatisk system, tempus, som når norske verb skil mellom former som byggjer (presens) og bygde (preteritum). Termen fortid nyttar ein derimot når ein skal beskrive tydinga til eit ord eller uttrykk. Når vi seier Det har hendt før òg, har adverbet før tydinga «i fortida» eller «i ei tidlegare tid, på eit tidlegare tidspunkt».

I alle språk finst det ord med ei tyding av typen «i fortida» eller «tidlegare», men ikkje alle språk har preteritum. At eit språk har preteritum, inneber at det har ein grammatisk kategori tempus med preteritum som eit av trekka.

Preteritum i norsk

I norsk blir preteritum uttrykt gjennom bøying av verbet. I setninga Kyrkjelyden reiste seg, og klokkaren las ein preiketekst har vi to verb, reiste og las, som uttrykkjer kvar sin situasjon (to handlingar) og er bøygde i preteritum. Talaren fortel om noko som hende på eit tidlegare tidspunkt.

Preteritum i nokre andre språk

Nordsamisk

nordsamisk har verbet eigne preteritumsformer. I setninga Mon oidnen du doppe (Eg såg deg der) er oidnen ([eg] såg) preteritum av oaidnit (sjå).

Tysk

I tradisjonell tysk uttrykkjer ein preteritum som på norsk, med ei verbform bøygd i preteritum. I setninga Der Präsident besuchte auf seiner Afrikareise vier Staaten (Presidenten gjesta fire statar på Afrika-reisa si) er besuchte preteritum av verbet besuchen (gjeste, besøkje).

I mange delar av det tyske språkområdet blir preteritum uttrykt med ei perifrastisk verbform, som hat besucht: Der Präsident hat auf seiner Afrikareise vier Staaten besucht (Presidenten gjesta fire statar på Afrika-reisa si). På tradisjonell tysk uttrykkjer forma hat besucht derimot presens perfektum, som i den norske setninga Presidenten har gjesta fire statar på Afrika-reisa si.

Fransk

I mange språk blir preteritum uttrykt i lag med aspekt. Til dømes har franske verb to preteritumformer, ei med aspektet perfektiv og ei med aspektet imperfektiv.

I setninga Le ministre chanta un cantique (Presten song ein salme) er chanta (ho/han song) ei form som i fransk grammatikk blir kalla passé simple (enkel fortid), som uttrykkjer tempuset preteritum og aspektet perfektiv. Situasjonenen er fullført og avslutta og hende ein særskild gong i fortida. I setninga Le ministre chantait un cantique (Presten song ein salme) er chantait ([ho/han] song) ei form som i fransk grammatikk blir kalla imparfait, som uttrykkjer tempuset preteritum og aspektet imperfektiv. Situasjonen vart oppatteken fleire gonger, til dømes kvar sundag gjennom eit tidsrom i fortida.

Forma passé simple, som chanta i Le ministre chanta un cantique (Presten song ein salme), blir fyrst og fremst nytta i skriftspråket. I vanleg munnleg fransk seier ein i staden Le ministre a chanté un cantique. Den perifrastiske verbforma a chanté (ho/han song) – ord for ord (ho/han) har sunge – blir kalla passé composé (samansett fortid) i fransk grammatikk og uttrykkjer preteritum og perfektiv, akkurat som passé simple.

Engelsk

I engelsk kan ein heller ikkje uttrykkje preteritum utan å ta med aspekt. I setninga The pastor was reading the Christmas gospel (Presten [heldt på og] las juleevangeliet) uttrykkjer den perifrastiske verbforma was reading både tempuset preteritum og aspektet progressiv. I setninga The pastor read the Christmas gospel uttrykkjer derimot verbforma tempuset preteritum og eitt av to aspekt: perfektiv (den eine gongen) eller habitualis (til vanleg).

Språk med fleire preteritumsformer

I mange språk over heile verda finst det fleire preteritumsformer som uttrykkjer ulik avstand til ytringstidspunktet. På fransk kan ein seie Le ministre vient de chanter un cantique (Presten song [nettopp] ein salme), der den perifrastiske verbforma vient de chanter (song nettopp) – ord for ord kjem frå (å) syngje – uttrykkjer at situasjonen fann stad berre ei kort stund føre ytringstidspunktet.

Mange språk har mykje meir detaljerte system. Eit døme mellom mange er språket yagua, som blir tala i Peru i det vestlege Amazonas. Her kan ein leggje fem forskjellige preteritumsuffiks til eit verb:

  • -jásiy (før ytringstidspunktet, men ikkje for meir enn nokre få timar sidan)
  • -jáy (før ytringstidspunktet, men ikkje for meir enn eit døgn sidan)
  • -siy (før ytringstidspunktet, men ikkje for meir enn nokre få veker sidan)
  • -tíy(før ytringstidspunktet, men ikkje for meir enn nokre få månader sidan)
  • -jadá (før ytringstidspunktet, i ei fjern eller legendarisk fortid)

Mange språk har ikkje tempus i det heile og då heller ikkje preteritum. Då må tidspunktet for ein situasjon forståast på grunnlag av konteksten, eller det kan presiserast med tidsadverb. Døme på slike språk er mandarin og dei afrikanske språka hausa og fulfulde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg