Skaldedikting er den delen av den norrøne diktinga som ifølgje overleveringar (særleg i sagalitteraturen) skal vere skapt av namngitte diktarar, skaldar, i historisk tid. Skaldediktinga omfattar òg ein del heidensk anonym dikting og dessutan fleire store anonyme kvad frå kristen tid med kristeleg-religiøst eller moraliserande innhald.
Skaldediktinga byggjer på det same metriske hovudgrunnlaget som eddadiktinga (trykk, kvantitet, bokstavrim). Men medan eddadiktinga i prinsippet berre har to versemål, har skaldediktinga mange. Det viktigaste er dróttkvætt. Stilen er ofte prega av innfløkte setningskonstruksjonar, mange poetiske ord (heiti) og poetiske omskrivingar (kenningar). Ein sentral del av den bevarte skaldediktinga er hirdskalddikting, ofte dråper, til ære for fyrstar og stormenn.
Frå 1000-talet av finst det kvad om helgenar og anna kristen skaldedikting. I sagaene siterer forfattarane også ei mengd enkeltvers, som blir sagt å vere dikta i ein gitt situasjon. Runesteinar (mellom anna Röksteinen i Östergötland) viser at dikting i gamalgermansk versemål var kjend over heile Skandinavia i vikingtida. Men den eigentlege skaldediktinga er først og fremst kjend frå Noreg og øyane i vest, framfor alt Island.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.