herre

Artikkelstart

Herre er eit ord som i mellomalderen vart brukt om ein mann av høg stand eller av høg verdsleg eller geistleg rang. I den samanhengen var det synonymt med adelsmann eller stormann.

Faktaboks

Uttale

h'erre

Etymologi
av norrønt herra, frå gamalsaksisk hērro

Herre vart brukt i tiltale til stormenn og kongar og som tittel for medlemer av hirda og den høgare geistlegheita, seinere også for prestar og korbrør.

Frå slutten av 1600-talet vart tittelen vanleg for alle mannlege personar ein ville vise høflegheit (i skrift forkorta herr eller hr.).

Som første ledd i norske gardsnamn syner Herre- at garden har vore adeleg setegard med visse privilegium.

Som substantiv betyr herre ein person som er overordna eller herskar over ein annan. Det betyr også mann, særleg frå eit høgare samfunnslag. No er det oftast brukt om ein høfleg, kultivert mann (ein gentleman) og i faste uttrykk som «mine damer og herrar» og «tene to herrar».

Det tilsvarande ordet for kvinner er dame.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg