Typiske uttrønderske jamningsformer i jamvektsorda er værra, vætta, ei vækka (eller ei vækko), ein nævva, ein stægga og så vidare. Den nemnde setninga frå inntrøndersk vil i dei ytre måla lyda slik: «Han tok bættan i nævvan å skrævva oppi stæggan». Dette blir kalla tiljamning.
Også i dei ytre måla finn ein monoftongering. Denne diftongforenklinga er historisk sett langt yngre enn den inntrøndske. På Nordmøre heiter det i dag ben, sten, res (ei reise), med ein e-lyd som ligg mellom e og æ. Vidare heiter det i dette området bLöt, stör (staur) og lös (med ein open ø-lyd). Tilsvarande nyare utvikling finn ein også på Innherad, inst i Trondheims-fjorden.
Nordmøre skil seg frå dei andre trønderske måla ved å ha vestnorsk tonegang i ord som soLa, boka, døra og så vidare. Nordmøre har som Vest-Noreg høg tone først i slike ord, og tonen fell deretter mot slutten av ordet (kalla høgtonedialektar). I resten av det trønderske målområdet har ein låg tone først i ordet, og tonen stig deretter mot slutten av ordet (kalla lågtonedialektar). Sjå ovanfor om tonegang.
Substantivbøyinga i uttrøndersk er stort sett den same som i inntrøndersk, men på Nordmøre og i Hemne (Sør-Trøndelag) har dei svake hokjønnsorda ei anna bøying:
-
ei gryt – gryto/grytå – mang gryto/grytå – allj gryton/all grytån
Ytre Namdalen har -r i fleirtal: mang grytor/grytår. I dei ytre måla finn ein helst pronomenformer som æ (eg) og vi.
Kommentarer (2)
skrev Audun Dybdahl
skrev Martin Skjekkeland
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.