Dødens triumf
«Dødens triumf», framstilling av svartedauden, måla av den nederlandske målaren Pieter Brueghel den eldre (1562).
Av .
Jødar blir brende levande
Under svartedauden vart det hevda at jødane forgifta brønnar, og at det mellom anna var slik pesten spreidde seg, trass i at pesten òg ramma jødar. 350 jødiske meinigheiter vart utrydda i massakrar som følgje av desse skuldingane, sjå jødeforfølging.
Jødar blir brende levande
Av /Nürnberg-krønika.
Svartedauden

Illustrasjon fra Toggenburg bibel (1411), tradisjonelt forklara som svartedauden.

Svartedauden
Av .
Lisens: fri
Der Doctor Schnabel

Under pestepidemiane begynte legane å bruke masker for å beskytte seg mot smitte. Doctor Schnabel («Doktor nebb»), tysk koparstikk med satiriske vers frå 1656.

Over sjø og elv

Over sjø og elv av Theodor Kittelsen. I boka Svartedauden frå 1900 formidla Kittelsen pestens gru og uhygge gjennom vers og teikningar.

Over sjø og elv
Av .
Pesta i trappen

Pesta i trappen (1894–1895) av Theodor Kittelsen

Av /Morten Thorkildsen, Nasjonalmuseet .
Massegrav med pestoffer
Massegrav med pestoffer i Martigues i Frankrike frå den siste pestepidemien i Vest-Europa (1720–1722).

Svartedauden var ein pest-pandemi (epidemi med eksepsjonelt stor utbreiing) som ramma Europa og delar av Asia frå 1346 til 1353. I Noreg herja svartedauden frå 1349 til 1350.

Faktaboks

Også kjend som

den store manndauden

engelsk Black Death

fransk Peste Noire

tysk Schwarzer Tod

dansk den sorte død

svensk svarta döden, digerdöden

Pest er ein bakteriell infeksjonssjukdom som har stått bak dei alvorlegaste epidemiane i verdshistoria. Sjukdommen blir spreidd til menneske ved loppebit frå loppeartar som har ville gnagarar som vertsdyr. Over lange distansar spreidde pesten seg hovudsakleg med skip, men til dels òg med transport på land. Både rotter og lopper som var infiserte av pest, og som følgde med lasta, kan ha vore smitteberarar.

Pest finst ikkje naturleg i Europa, men kan føre til høge dødstal lokalt når han blir importert. Det er sannsynleg at pest vart formidla frå Asia til Europa på 1340-talet som resultat av globalisering. Pesten følgde handelsvegar og kommunikasjonslinjer mellom Asia og Europa.

Svartedauden var det første utbrotet av ei rekkje pest-pandemiar som ramma Vest-Europa med ujamne mellomrom i perioden 1347–1722 (Noreg mellom 1349 og 1654). Frå siste del av 1600-talet klarte dei meir og meir sentraliserte kongedømma i Vest-Europa i større grad å avgrense utbrota gjennom omfattande administrative tiltak som isolering av sjuke, avsperring av område og karantene for skip, og pesten forsvann. I Aust-Europa heldt pestane fram også utover 1800-talet.

Folket i Tournai begraver de døde etter svartedauden
Ofre for svartedauden begraves i den belgiske byen Tournai. Illustrasjon fra 1353 av Pierart dou Tielt, som var aktiv som maler omkring 1340–1360.

Opphav og spreiing

Pest har eksistert svært lenge i delar av det territoriet mongolriket rådde over i mellomalderen. På den tida då mongolane ekspanderte vestover, begynte italienske handelsmenn å reise mot aust. Ein av møtestadene var Krimhalvøya, og pesten som braut ut der i 1347, følgde handelsvegane og kommunikasjonslinjene til europearane (til dømes Silkevegen) over Svartehavet og Middelhavet, gjennom Gibraltarsundet og nordover til Spania, Frankrike, Dei britiske øyane, Tyskland og Skandinavia, før den første pestbølgja enda i områda rundt Moskva i 1352–1353.

Skildringar av svartedauden i Noreg

Svartedauden ser ut til å ha spreidd seg i Noreg i 1349 og 1350. Få epidemiar er meir myteomspunne, men vi veit eigentleg overraskande lite om utbreiinga og dei direkte verknadene. Samtidige skildringar fortel at pesten kom til Bergen i 1349 med eit skip frå England, og at pesten òg nådde Stavanger, Trondheim og Austlandet.

Vi har svært få primærkjelder (kjelder frå samtida). Den viktigaste av dei er skildringa til den islandske presten Einar Hafliðason (1307–1393), som truleg eigenhendig skreiv den første delen av Lögmanns-annáll («Lagmanns-annalen») fram til 1362. Einar fortel om året 1349:

«På denne tida segla ein kogge frå England med mange folk og la inn på Vågen i Bergen. Litt vart lossa, men sidan døydde alle folka på skipet. Då lasta frå skipet kom opp i byen, byrja byfolka å døy.»

Sidan spreidde sjukdommen seg til heile Noreg, fortel Einar, med så stor kraft at det ikkje levde igjen meir enn ein tredel eller ein firedel av folket. Koggen sokk på Vågen og vart ikkje lossa. Einar fortel òg at det ikkje var meir enn 14 levande menneske igjen i London etter at sjukdommen hadde herja. I ei seinare islandsk skildring, Gottskalks annalar frå midten av 1500-talet (som truleg har hatt ein annal frå slutten av 1300-talet som førelegg), blir det fortalt at det kom ei stor drepsott til Noreg og Shetland. I Bergen herja sotta kraftig: «… mannefallet var så stort at 80 lik kom til ei kyrkje på ein dag …»

At pesten òg nådde Austlandet, får vi inntrykk av gjennom ei befaling som Noregs og Sveriges konge Magnus Eriksson sende ut frå Lödöse (forløparen for Göteborg i mellomalderen) hausten 1349. Kong Magnus påla folk å ty til prosesjonar, messer, ofring og faste for å stoppe pesten:

«… på grunn av syndene til menneska har Gud kasta ein stor pest med brå død ut i verda, slik at mesteparten av dei folka i landa som ligg vestanfor vårt land, er døde av pesten, som no er broten ut i heile Noreg og i Halland, og som no er venta hit ...» (Regesta Norvegica 6, nr. 1)

Kongen kjende openbert til pestutbrota i England og på Vesterhavsøyane.

I Hamarkrønika, som er skriven av éin eller fleire anonyme forfattarar på midten av 1500-talet, går det fleire stader fram at pesten ramma Hamar hardt mellom september og november 1350: «… udi denne Pæst blev Hammers Herlighed meget formindsket …». Hamarkrønika beskriv pesten både som «den sorte Død» og «den store Mande Død». Det siste, den store manndauden, var det namnet menneska i mellomalderen i Noreg brukte om pesten. Namnet svartedauden (Black Death, Schwarzer Tod, Mort noire) kan sjukdommen ha fått fordi bakteriane kan øydeleggje blodårer, noko som fører til svarte flekker på huda (nekrosar).

Det finst òg ei handfull brev der den store manndauden i dei søraustlege delane av Noreg blir nemnd. Felles for dei er at dei er skrivne ned til dels lang tid etter epidemien, og at dei oftast er skrivne for å vitne om andre hendingar, som eigedomshandlar eller testamente. Dei kan ikkje brukast til å tid- eller heimfeste svartedauden. Manndauden hadde vore ei så dramatisk hending at han vart ståande som eit tidsskilje, og i mange tiår vart pesten derfor brukt til å datere andre hendingar.

Delar av både Einars, Gottskalks og kong Magnus' skildringar må tolkast som ville overdrivingar. Det kan tenkjast at forfattarane meinte dei måtte ty til slike litterære grep for å kunne gi sterke nok bilete av det som hadde gått føre seg. Ingen hadde nokon gong sett ein sjukdom med så kraftige verknader som pesten. Det er likevel ikkje sikkert at svartedauden var så mykje meir katastrofal enn dei seinare pestene. Nyare forsking frå Belgia har vist at svartedauden var mindre alvorleg der enn pestepidemiane på 1400-talet.

Verknader på kort og lang sikt

Det finst ingen moglegheiter for å vurdere verknadene av dei første angrepa av pest i Noreg i seinmellomalderen, utover at han truleg nådde byane Bergen, Trondheim, Stavanger og Hamar. Alle forsøk som er gjorde, er baserte på spekulasjonar utan kjeldegrunnlag. Med få unntak har vi heller ikkje godt grunnlag for å rekne ut nøyaktig kva slags effekt svartedauden hadde i Europa. Viss svartedauden hadde kome åleine, ville verknadene ha vore kortvarige.

Derimot har vi nokså gode kunnskapar om verknadene av pest på lengre sikt. Pestepidemiane heldt nemleg fram utover seinmiddelalderen og tidleg moderne tid. Vi kjenner meir enn 20 angrep av pest i Noreg etter svartedauden og fram til det siste, som slo til i Kristiania og delar av Oslofjord-området i 1654. Den best dokumenterte pesten ramma Bergen i 1565–1566. Der beskriv presten Absalon Pedersson i dagbøkene sine rundt 1150 gravlagde på dei to åra. Det svarer truleg til eit folketap på knapt 20 prosent – eit nivå som kan samanliknast med pestdødelegheita i byar som Danzig (Gdansk) og Amsterdam på 1600-talet. Absalon fortel sjølv at han ikkje klarte å registrere alle. Pestdødelegheita i Bergen i 1565–1566 var truleg mykje høgare, kanskje opp mot 30–40 prosent.

For Noregs del har det berre vore mogleg å anslå folketalsnedgangen for heile seinmiddelalderen sett under eitt. Fordi norsk jordbruk nesten berre har vore drive på enkeltgardar, har historikarar kunna telje opp gardsbruk i delar av landet som vart fråflytte og lagde aude gjennom ein 150-årsperiode etter svartedauden. På grunnlag av fleire titals lokale undersøkingar – mange av dei gjennomførte innanfor ramma av Det nordiske øydegardsprosjektet (1968–1981) – var det mogleg å konkludere med at litt meir enn 60 prosent av norske gardsbruk i gjennomsnitt kan ha vorte nedlagde frå midten av 1300-talet til rundt 1500. Dermed er det sannsynleg at folketalet i Noreg var drygt 60 prosent lågare rundt 1500 enn det hadde vore før pestane kom.

Det fell ganske godt saman med det berekna befolkningstapet i England. Det er ingen grunn til å tru at pestane førte til alvorlegare verknader i Noreg enn i andre land, slik det tidlegare har vore vanleg å tenkje seg. Nyare forsking frå Sverige har vist sterk befolkningstilbakegang der òg, i motsetning til konklusjonane frå øydegardsprosjektet. Pest kan derfor ikkje forklare Noregs politiske nedgang i seinmiddelalderen og at landet hadde ei svak stilling i unionen med Danmark. Noregs underlegne stilling skuldast politiske og økonomiske førehald, ikkje epidemiar.

Vi kjenner ikkje til korleis folketalet har utvikla seg mellom det sannsynlege maksimumet i høgmellomalderen (truleg drygt 500 000 innbyggjarar) og seinmiddelalderens minimum (truleg noko under 200 000). Men det var ikkje lokale pestepidemiar på avsidesliggjande stader som førte til at mange grender vart liggjande aude. Folkesegner om fjerne bygdelag der alle var døde av pest – som det om «Jostedalsrypa» – må forståast som vandrehistorier som speglar mytar framfor realitetar. Bruk som vart gitt opp, og i nokre tilfelle forlatne grender, var følgjer av flytting over lang tid. Dei gardsbruka som vart ståande aude, var dei som var minst, dårlegast og mest perifere. Med mindre befolkning og lettare tilgang til større og meir sentrale bruk kunne folk i større grad enn før flytte til gardar med betre driftsgrunnlag. I Nord-Noreg flytte bønder i stor grad ut til kysten, der dei fekk lettare tilgang til fiske. Pest, som andre smittsame sjukdommar, ramma byar og sentrale strøk hardast, der utstrekt handel og omfattande kommunikasjonar gjorde folk meir utsette.

For bønder som overlevde pestepidemiane, kan levekåra ha vorte betre i løpet av seinmiddelalderen, med større overskot av jordbruket. Prisane på jord og på jordleige vart òg lågare, medan prisen på arbeidskraft gjekk opp, begge delar i forhold til tilbod og etterspurnad.

Pest i tid og rom

Svartedauden
På tre år døydde truleg rundt halvparten av folket i Europa av Svartedauden. Biletet viser Døden som kveler eit offer for pesten, og speglar angsten i samtida.
Svartedauden
Av .

Pest har truleg følgt samfunn av menneske frå utgammal tid. Nyleg har forskarar kartlagt utbrot av pest i Sverige i yngre steinalder, altså for nesten 5000 år sidan. Likevel reknar vi vanlegvis med tre store pandemiar av pest i verdshistoria.

Den første pesten oppstod hovudsakleg i områda rundt Middelhavet omkring 540–750 og blir ofte kalla den justinianske pesten etter den austromerske keisar Justinian (483–565). Verknadene kan samanliknast med pesten i seinmiddelalderen. Denne pandemien sette òg spor etter seg nordover i Europa.

Den andre pestpandemien starta med svartedauden og kom tilbake med ujamne mellomrom over store delar av Europa fram til siste del av 1600-talet, då dei meir og meir sentraliserte kongedømma i stor grad klarte å avgrense utbrota gjennom omfattande administrative tiltak som isolering av sjuke, avsperring av område og karantene for skip. Den siste store pesten i London var i 1665–1666. Dei to siste pestutbrota i Vest-Europa oppstod i København og Helsingør og i heile Sverige i 1710–1713, og i Marseilles og Provence i 1720–1722. I Aust-Europa heldt pestane òg fram utover 1800-talet.

Den tredje pandemien blir knytt til særleg harde utbrot i Kina og India frå 1850-talet av. Derfrå spreidde pesten seg til alle dei seks busette verdsdelane i løpet av få tiår ved hjelp av moderne kommunikasjonsmiddel som jernbane og dampskip. Han spreidde seg òg til delar av kloden der pesten truleg aldri hadde vore før. Vi reknar med at den tredje pestpandemien varer enno. Sidan 1954 har pesten funnest i 38 land, og i sju av dei (Madagaskar, Kongo, Vietnam, Myanmar, Brasil, Peru og USA) så godt som kvart år. Det førebels siste store utbrotet av pest var på Madagaskar i 2017, med over 2000 angripne og over 170 daude. Så seint som i august 2020 førde byllepest til dødsfall i Indre Mongolia.

Måtane pesten spreidde seg, og sjukdomsforløp

Mikroskopibilde av pestbakterien Yersina pestis
Yersinia pestis er ein bakterie som forårsakar byllepest og lungepest, som svartedauden. Bakterien har vore opphav til fleire kjente store epidemiar gjennom menneskas historie. Utan behandling (antibiotika) har sjukdommen veldig høg dødelegheit.
Mikroskopibilde av pestbakterien Yersina pestis
US National Institute of Allergy and Infectious Diseases.

Med mikrobiologiske metodar – spor av DNA frå bakteriar – har forskarar frå 2000-talet av kunna slå fast at det er pestbakterien Yersinia pestis som har vore årsaka til pest i yngre steinalder, i seinantikken, i mellomalderen og i tidleg moderne tid – altså den same bakterien som står for moderne pestutbrot.

Pest kan spreiast til menneske på fleire måtar. Det vanlege er at han spreier seg ved loppebit frå loppeartar som har ville gnagarar som vertsdyr. Pest blir ikkje spreidd med lus eller andre insekt. Etter bit av pestsjuke lopper oppstår det ofte ein sterk hevelse i ein lymfeknute, og pasienten får det som blir kalla byllepest. Det er ein tilstand som normalt fører til døden i løpet av tre–fem dagar i 30–60 prosent av tilfella, viss pasienten ikkje blir behandla med antibiotika. I andre tilfelle kan pestbakteriane samle seg i lungene til eit menneske og føre til ein sterk lungebetennelse. Den sjuke kan då hoste opp bakterieblanda blod som kan bli overført direkte til andre menneske ved dropesmitte. Dette blir kalla lungepest og fører i meir enn 90 prosent av tilfella til død i løpet av 24 timar. Ein tredje type, septisk pest, er mindre vanleg. Her får pasienten sterk bakterievekst i blodet, og tilstanden fører ofte til rask død utan tydelege ytre symptom.

Alle dei tre pestformene har vore beskrivne i samtidige kjelder frå Norden. Om pesten i Bergen i 1349 skreiv Einar Hafliðason at folk fekk sterke smerter, tok til å spy blod og «levde ikkje meir enn eitt døgn eller to». Han nemner ikkje byllar, og det er svært sannsynleg at det er lungepest han beskriv. Absalon Pedersson Beyer beskreiv derimot både byllepest og lungepest i Bergen. Han noterte ein stor byll i armhola hos ein pestramma i 1565 og observerte året etter ein mann «som spytta svært mykje blod». Under utbrotet av pest i Stockholm i 1711 beskreiv svenske legar både byllar og blodig hoste, men òg at den «usynlege pesten» var den farlegaste. Det siste kan ha vore septisk pest.

Pest hos ville gnagarar blir rekna som ein føresetnad for spreiing til menneske. Gnagarane er vertsdyr for lopper, og loppene går på menneske, som blir smitta og får byllepest. Derfrå kan lungepest og septisk pest utvikle seg. Fleire hundre gnagarartar og fleire titals loppeartar er knytte til pest i naturen. I Europa er det den svarte rotta Rattus rattus (no rekna som utrydda i Noreg) som er ein aktuell vert, fordi ho har levd svært nær inntil menneskebustader. Ho medførte ein større fare enn brunrotta, som no er mykje vanlegare i Noreg. Svarte rotter spreidde seg til så godt som heile Europa i store mengder i løpet av mellomalderen, i ein tidleg fase via det tette nettverket av vegar som romarane bygde. Også i Noreg må førekomst av rotter ha vore ein klar føresetnad for pest. Leivningar av svart rotte er funne i alle dei fire største byane (Bergen, Trondheim, Oslo og Tønsberg) i høgmellomalderen.

Langdistansespreiing av pest skjedde hovudsakleg via skip, men også til dels ved transport over land. Både rotter og lopper som har vore infiserte av pest, og som følgde med lasta, kan ha vore smitteberarar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Absalon Pederssøn Beyers dagbok 1552–1572, i: Beyer, Absalon Pederssøn, Dagbok og oration om Mester Geble, tekstbind, Ragnvald Iversen (utg.), Oslo – Bergen 1963
  • Biraben, Jean-Noël, Les hommes et la peste en France et dans les pays europeéns et méditerranéens I–II, Paris 1975–1976
  • Christensen, Peter, «In These Perilous Times»: Plague and Plague Policies in Early Modern Denmark, Medical History 47, 2003: 413–450.
  • Curtis, Daniel R. & Joris Roosen, The sex-selective impact of the Black Death and recurring plagues in the Southern Netherlands, 1349–1450, American Journal of Physical Anthropology 2017: 1–14.
  • Frandsen, Karl-Erik, The Last Plague in the Baltic Region, København 2010.
  • Hamarkrøniken, Egil Pettersen (utg.), Øvre Ervik 1986
  • Harrison, Dick, Stora döden Den värsta katastrof som drabbat Europa, Stockholm 2000
  • Hatcher, John, Plague, Population and the English Economy 1348–1530, London 1977
  • Islandske Annaler indtil 1578, Gustav Storm (utg.), Christiania 1888
  • Ladurie, Emmanuel Le Roy, A Concept: The Unification of the Globe by Disease (Fourteenth to Seventeenth Centuries), i: Ladurie, The Mind and Method of the Historian, Brighton 1981: 28–83.
  • Lagerås, Per (red.), Environment, Society and the Black Death. An interdisciplinary approach to the late-medieval crisis in Sweden, Oxford og Philadelphia 2016.
  • Little, Lester K. (red.), Plague and the End of Antiquity, Cambridge 2007.
  • McCormick, Michael, Rats, Communications, and Plague: Toward an Ecological History, Journal of Interdisciplinary History XXXIV, 1, 2003: 1–25.
  • McNeill, William H., Plagues and Peoples, Harmondsworth 1985 (første utgave 1976).
  • Moseng, Ole Georg Den flyktige pesten Vilkårene for epidemier i Norge i seinmiddelalder og tidlig nytid, Oslo 2007.
  • Rascovan, Nicolás med flere, Emergence and Spread of Basal Lineages of Yersinia pestis during the Neolithic Decline, Cell 176, 2019: 295–305.
  • Roosen, Joris & Daniel R. Curtis, The ‘light touch’ of the Black Death in the Southern Netherlands: an urban trick?, Economic History Review 2018: 1–25.
  • Sandnes, Jørn, Ødegårdstid i Norge Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser, Oslo 1978.
  • Ulsig, Erik, Pest og befolkningsnedgang i Danmark i det 14. århundrede, Historisk tidsskrift 1991: 21–43

Artikkelen er omsett frå bokmål til nynorsk av Aud Søyland.

Kommentarar (15)

skreiv Petter Ulleland

Artikkelen hevder fremdeles den gamle teorien om at det var rotter som var instrumentale i spredningen av pesten: "Når gnagerne døde, gikk loppene over på menneskene." Her bør det nye (fra 2010) arbeidet til Lars Walløe innarbeides i teksten. Se Historisk tidsskrift 1/10; for en kortversjon, se denne artikkelen på forskning.no: http://forskning.no/pest-historie-middelalderen-vitenskapshistorie-biologi/2010/05/vil-frikjenne-rotta

svarte Erik Opsahl

Hei! Som "setteredaktør" for artikkelen skal jeg bl.a. skrive inn et avsnitt om diskusjonen om rottenes betydning (som er en gammel diskusjon, i Norge mellom Benedictow og Walløe). Jeg mener imidlertid at Moseng gir en god vurdering av Walløes syn i artikkelen du henviser til. Vennlig hilsen Erik Opsahl

svarte Petter Ulleland

Det høres bra ut. :) Ønsker du noen innspill eller forslag til teksten, si gjerne fra. Mvh Petter U

skreiv Audun Dybdahl

Hei! Det bør nevnes at det nylig er publisert ny forskning på feltet, Human ectoparasites and the spread of plague in Europe during the Second Pandemic Katharine R. Dean, Fabienne Krauer, Lars Walløe, Ole Christian Lingjærde, Barbara Bramanti, Nils Chr. Stenseth and Boris V. Schmid. Det tok nok mye lengre enn 150 år før man atter nådde samme bosetning som i høymiddelalderen. Hilsen en som har levd av ødegårder i 5 år. Audun Dybdahl

svarte Ida Scott

Hei! Takk for innspill. Jeg har lagt publikasjonen til litteraturlisten. Artikkelen er dessverre noe utdatert og skal etter hvert oppdateres og utvides. Jeg har strøket "150 år", siden det er et såpass nøyaktig tall, og erstattet det med en vagere formulering. Forhåpentlig vil vi snart ha en faglig oppdatert artikkel på plass. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen

svarte Knut Dørum

Denne artikkelen burde skrives helt på nytt av fagfolk på området. Professor og ledende pest- og sykdomshistoriker i Norge, Ole Georg Moseng , burde ha skrevet denne artikkelen. Det er mye som står her som er mildt sagt upresist, og Ole Jørgen Benedictows pestteori om 1348 har møtt sterk motbør.

svarte Ida Scott

Hei Knut! Dette er redaksjonen fullt klar over, og artikkel fra Moseng er bestilt. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen

svarte Knut Dørum

Kjempeflott! Alt godt! Knut

svarte Ida Scott

Hei Maren! De andre epidemiene som nevnes er kun andre pestepidemier. Jeg er enig i at det ikke kom helt klart frem, så jeg har nå endret artikkelen slik at det står "andre pestepidemier". Takk for påpekning! Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen. P. S. Vi har nå fått en ny artikkel om spanskesyken, se https://sml.snl.no/spanskesyken.

skreiv Camilla Bilstad

Hei, ingressen kan misforstås dithen at Svartedauden fortsatte i flere hundre år. Det står riktig nok at Svartedauden var DET FØRSTE UTBRUDDET av pandemien, men sist i ingressen står det slik: " I Norge herjet pesten mellom 1349 og 1654." Dette blir forstått av elevene mine som at SVARTEDAUDEN foregikk mellom 1349 og 1654, og det blir jo feil. Sykdommen hadde utbrudd med jevne og ujevne mellomrom i dette tidsrommet, men selve Svartedauden tidfestes jo til rundt 1350.

svarte Ida Scott

Hei! Tusen takk for kommentar. Jeg er enig i at ingressen kunne fremstå som litt forvirrende. Jeg har nå endra litt på den, slik at det skal komme tydeligere frem av svartedauden var det første utbruddet, men at pesten fortsatte å komme tilbake helt frem til begynnelsen av 1700-tallet i Vest-Europa, 1800-tallet i Øst-Europa. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

skreiv Tarjei Jensen

Så vidt jeg har forstått er Svartedauen en epidimi som har sitt opphav i Europa. Den kom til Kina etter at den hadde herjet i Europa.

Jeg synes at det er interessant at bekjempingsmetodene av Svartedauen ble mer avanserte enn de vi har nå.

Det ser ut til at det å pisse i buksa for å holde seg varm ikke er noen ny aktivitet. Se lenkene til videoene nedenfor. It is deja vu all over again.

Det er plutselig forståelig hvorfor Spanskesyken tok så mange liv.

Her er en historieleksjon om Svartedauen i tre deler.

https://www.youtube.com/watch?v=odufcENQaJw&t=21s
https://www.youtube.com/watch?v=zWwyuVgZaiQ&t=16s
https://www.youtube.com/watch?v=q2TZehW36kY&t=36s

Jeg får vel innrømme at de meste som FHI har gjordt har fått merkelappen "måpende vantro" hos meg. Jeg så for meg et sivilforsvar som skulle vise hva de kunne og så kommer klovner i en ekstremt dårlig regisert forestilling.

skreiv Bjørnulf Aasen

Holbeins tresnitt (publisert nesten 100 år etter svartedauden) tilhører en serie på 41 bilder – supplert med passende bibelsitater – som illustrerer at døden brått og uventet kan ramme enhver, uansett stilling og stand. Bildet har ingenting med svartedauden å gjøre, og det er misvisende å gi inntrykk av at Svartedauden er bildets tittel.

svarte Ida Scott

Hei! Tusen takk for kommentar. Det ser ut til at du har rett i dette, bildet stammer fra Holbeins tresnittserie Dødsdansen. Jeg har fjerna bildet fra denne artikkelen. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg