My

Artikkelstart

My er eit kvinnenamn som er laga av Tove Jansson (1914–2001). Det kan karakteriserast som eit fantasinamn. I det greske alfabetet er my namnet på den tolvte bokstaven,Mμ, ofte brukt som teikn for mikro, altså milliondel.

Kulturell bruk

  • Lille My i Tove Janssons bøker om Mummitrollet (utgitt 1945–1970).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 170 kvinner (fødde i Noreg) som hadde My som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brylla, Eva 2004: [Förnamn i Sverige]. Kortfattat namnlexikon]. Stockholm.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg