Norsk språkhistorie

200–700

Urnordisk

700–1350

Norrønt

1350–1536

Mellomnorsk

1536–

Moderne norsk

Mellomnorsk er ei nemning på språket som vart snakka og skrive i Noreg i seinmellomalderen, frå rundt 1350 til 1536. Mellomnorsk avløyste norrønt og utvikla seg vidare til moderne norsk.

Bakover i tid blir grensa mellom norrønt og mellomnorsk ofte sett til 1350. Dette har samanheng med svartedauden: Mange av dei som kunne skrive, døydde i denne pesten. Det må ha fått store konsekvensar for opplæring og språkleg tradisjon. Dette ser vi som eit (uskarpt) skilje i skriftspråket kring 1350, då dei nye generasjonane av skriftkyndige vart verksame: Den eldre, konservative skriftnorma gjekk or bruk, og dei nye skrivarane skreiv oftare slik dei snakka.

Frå byrjinga av 1500-talet er norsk skriftspråk stort sett avløyst av dansk. Dette skiljet er ikkje tydeleg; dansk stod sterkt frå kring 1450 og vart nesten alltid brukt i dokument frå sentraladministrasjonen. Men norsk vart brukt i brev (diplom) fram til kring 1550, og i nokre faste vendingar vart norsk brukt fram til kring 1600.

I løpet av den mellomnorske perioden voks dialektane fram til den forma dei stort sett hadde på 1800-talet.

Språkendringar

I den mellomnorske perioden gjekk u-omlyden attende, teiknet þ vart avløyst av t og d (þak og þú vart til tak og du), mens ð var så godt som vekke i norske tekstar allereie føre 1350. Skilet mellom kort, lang og overlang rotstaving vart jamna ut til lang i det meste av landet, anten med lang vokal (mest typisk i vestnorsk, til dømes gamal) eller med lang konsonant (mest typisk i austnorsk, til dømes gammal). Mange ord miste n i utlyd, og mín, hon og sólin vart til mi, ho og soli. Mange ord miste r i utlyd og i trykksvak stilling, og vi fekk former som gode, dei, Tore (for góðir, þeir, Þórir).

Samanfallet og forenklinga i bøyingssystemet heldt fram. Det vart meir bruk av dobbelt bestemming (den gode mannen). Svensk påverknad var sterkast på byrjinga av 1400-talet (med birgittinarspråk), og den danske påverknaden auka i takt med gjennomføringa av dansk administrasjon i heile landet. Mengder av danske og tyske lånord kom inn.

Overgangen til nynorsk

Den mellomnorske språkperioden vart avløyst av moderne norsk. I dei eldste trykte tekstane på norsk, for eksempel i eit skillingstrykk frå 1647 med balladen Ramnebryllaupet i Kråkelund, er overgangen stort sett gjennomførd.

I ei av dei aller første trykte bøkene som vart brukt i Noreg, derimot, Brevarium Nidrosiense frå 1519, blir den latinske teksten på side 339–340 avbroten av tekst på eit språk som må karakteriserast som norrønt. Språket er truleg sterkt prega av eit mykje eldre førelegg, men det norrøne språket i denne enkle teksten vart truleg greitt forstått så seint som rundt 1519. Samtidig vart gamle, norrøne lover som framleis var gyldige, omsette til dansk av di ein så komplisert tekst vart vanskeleg å forstå for dei som skulle bruke han.

Omgrepet «mellomnorsk»

Omgrepet «mellomnorsk» er omstridd: Mange av språkendringane i perioden byrja allereie på 1200-talet, og nokre av dei er enno ikkje avslutta i mange dialektar. Skilet i skriftspråket ved 1350 kan forklarast med at det eldre skriftspråket var konservativt. Grunnlaget til å skilje mellomnorsk ut frå norrønt er knapt. Magnus Rindal har argumentert for å kalle språket frå 700 til 1250 for eldre norrønt, og frå 1250 til 1500 for yngre norrønt. Mot moderne norsk er skiljet klarare språkleg, og i dei første tiåra av 1500-talet sementerer dansk seg som skriftspråk i landet: Trykte bøker er på dansk (bøker vart ikkje trykte i Noreg føre 1643), ved reformasjonen vart ikkje Bibelen omsett til norsk og måtte lesast på dansk, og dansk dominerte som administrasjonsspråk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rindal, Magnus 1993: Norsk språk 1350–1550. Gammalnorsk eller mellomnorsk? E. H. Jahr & Ove Lorentz (red.): Historisk språkvitenskap. 395–404.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg