Hulda Garborg

Faktaboks

Hulda Garborg

Karen Hulda Garborg. Født Bergersen

Født
22. februar 1862, Stange, Hedmark
Død
5. november 1934, Asker, Akershus
Hulda Garborg

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Hulda Garborg
Av /NTB Scanpix ※.

Hulda og Arne Garborg som nygifte i slutten av 1880-årene.

.
Lisens: fri

Hulda Garborg, strektegning.

.
Lisens: fri

Artikkelstart

Hulda Garborg var forfattar, kulturentrepenør og folkeopplysar. Ho var med på å grunnleggja Det Norske Teatret i 1912 og var den første styreleiaren der. Ho skreiv omkring 40 større og mindre bøker, og var i tillegg dramatikar og sceneinstruktør. I aviser, vekeblad og foredrag landet rundt var ho ein aktiv samfunnsdebattant og idealistisk folkeopplysar. Hulda Garborg var ei eldsjel og ein pioner i både målsak, teaterarbeid, kvinnesak, kosthald, bunadbruk og folkedans.

Bakgrunn

Karen Hulda Bergersen var fødd på Stange i Hedmark (no Innlandet) og døydde i Asker i Akershus (no Viken). Ho voks opp saman med mor si i fattige kår, først på Hamar og deretter i Kristiania. Ho hadde inga formell utdanning etter folkeskulen og arbeidde i ungdommen som butikkjente i manufakturforretninga til Brødrene Dobloug i Kristiania.

Hulda Bergersen gifta seg med forfattaren Arne Garborg i 1887. Dei budde først på Kolbotn i Tynset i Østerdalen, før dei flytta til Labråten i Asker i 1897. Der vart Garborg-paret sentrum i den såkalla Askerkretsen av kunstnarar og forfattarar.

Forfattarskapen

Hulda Garborg gjorde ein betydeleg innsats i arbeidet for ei rekke hjertesaker, særleg gjennom det litterære arbeidet sitt. Dette gjeld mellom anna for kvinnesaka, nasjonalt kosthald, folkeopplysning og folkekunst.

Hulda Bergersen vanka i det radikale miljøet i hovudstaden på 1880-talet, gjekk på politiske møte i Christiania Arbeidersamfund og på landsmålsskule hos Ivar Mortensson. Ho var venstrepolitikar, republikanar og målkvinne. Ho skreiv dei fleste bøkene på riksmål, ofte med dialektinnslag, men diktsamlinga Kormoe (1930) og den sjølvbiografiske Barndomsminne (posthumt i 1935) er på nynorsk.

Ho førte òg dagbok dei siste 30 åra av livet sitt, og deler av den (1903–1914) blei gitt ut av Karen Grude Koht og Rolv Thesen i 1962. I denne skreiv ho mellom anna i 1915 at ho hadde så mange emne å skrive om at ho kunne halde auksjon over dei. «Hulda holder paa med at male Borde og Vægger, sy Skindfælder sampt skrive Tragedier,» skreiv mannen, Arne Garborg, i eit brev. I tillegg til å skrive sjølv redigerte ho Arne Garborg sine dagbøker (1924–1927).

Romanar

Garborg debuterte som romanforfattar med Et frit Forhold i 1892 og som dramatikar med Mødre i 1895. Deretter gav ho ut bøker og skrift nesten årleg, slik som romanar, skodespel, dikt, debattbøker og folkeopplysningsskrift og sjølvbiografiske bøker. Ho hadde mange lesarar i samtida, og bøkene hennar vekte oppsikt og diskusjon. Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde, som ho gav ut anonymt i 1904, vart trykt i ti opplag og omsett til svensk og tysk.

Tema som kjærleik og samlivsformer, kvinnepsyke og frigjering er under utforsking i bøkene hennar. Dette ser ein tydeleg i bøkene Kvinden skabt af Manden og Fru Evas Dagbog (også gitt ut anonymt i 1905). I fire bygderomanar frå Hedmark (1920–1925) gav ho hovudpersonen mange trekk frå sitt eige liv og plasserte henne i samtida mellom arbeidarrørsle, folkehøgskulerørsle og opplysningsfilosofi.

Garborg skreiv ei eiga bok om Jean-Jacques Rousseau, Rousseau og hans Tanker i Nutiden i 1909, der ho slutta seg til hans syn på pedagogikk, politikk og frigjeringsspørsmål. Ho kritiserte den moderne industrialiserte bysivilisasjonen og priste natur, tradisjon og livsformer på landsbygda. Med naturalistiske bøker frå Kristiania i 1880-åra var Hulda Garborg ein typisk kvinneleg bohemforfattar. Ho undersøkte og kritiserte frigjeringsideane frå mannslitteraturen i tida ut frå kvinner sine økonomiske og sosiale forhold.

Drama

Hulda Garborg var ein produktiv og populær dramatikar. Ho skreiv både større drama og mindre farsar og lystspel. Den vesle komedien Rationelt Fjøsstell (1896) vart trykt i åtte opplag og oppført på hovudscenene. Det same vart skodespela Hos Lindelands (1899), Sovande Sorg (1900), Liti Kersti (1903, i omarbeidd utgåve oppført på Det Norske Teatret i 1933 med musikk av Arne Eggen), Edderkoppen (gitt ut anonymt i 1904) og Sigmund Bresteson (1908).

Folkekunst, folkeopplysning og landsmål

Å gjenreise kulturen på dei norske bygdene var eit mål for Hulda Garborg. I heftet Norsk klædebunad, 1903, gjenoppliva ho dei gamle festbunadene og gav råd om sying og stell. Ho studerte folkevisene og songdansen på Færøyane, og gav deretter ut bøker om song- og danseviser i Noreg, slik som Norske dansevisur (1913) med rettleiing om folkedansen. Ho var sjølv danseinstruktur, drog på turnear og spreidde kunnskap om folkedansen.

Som pioner for nynorsk teater etablerte ho i 1910 amatørgruppa Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret. Saman med mellom andre ektemannen var ho med på å grunnleggje Det Norske Teatret i 1912, og Hulda vart samstundes den fyrste styreleiar for teateret. Hulda Garborg sitt eige stykke Rationelt Fjøsstell var ein del av opningsframsyninga for teateret i 1913.

Hulda Garborg skreiv òg artiklar i aviser og blad. I landsmålsavisa Den 17de mai, som ho også heldt liv i økonomisk utover i 1920-åra, hadde ho ei spalte om husstell og matlaging som seinare kom i bokform, Heimstell, i 1899. Matstell paa Landsbygdi (1907) er den første kokeboka på norsk landsmål. Hulda reiste mykje i Europa og USA, og arbeidde for ein matkultur som kombinerte det heimslege med det internasjonale.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anton Aure: «Hulda Garborg», i Kvinnor i den nynorske bokheimen: stutte livsskildringar, s 21–33. Kristiania 1916.
  • Berit Anderson: Hulda og heimen. Heimstell og nasjonsbygging hos Hulda og Arne Garborg. Oslo 2001
  • Tor Obrestad: Hulda. Oslo 1991

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg