Artikkelstart
Det Norske Teatret er eit nasjonalteater i Oslo som framfører dramatikk på nynorsk og dialekt. Teateret starta som eit lite, men ambisiøst nynorskteater i 1913 og utvikla seg i løpet av få tiår til å verte eit nynorsk nasjonalteater, kunstnarleg og kommersielt likestilt med Nationaltheatret.
L/L Det Norske Teatret vart skipa 22. november 1912 av private luteigarar og er i dag det einaste av dei større teatra i Noreg som er i privat eige. Hulda og Arne Garborg var pådrivarar for å grunnleggje teatret, og Arne Garborg heldt i 1898 eit viktig foredrag som argumenterte for at det var nødvendig med eit eige landsmålsteater. Teatret skulle verte ein reiskap for å utvikle ein felles talemålsnormal for landsmålet, argumenterte Garborg. Det skulle samstundes vere eit utstillingsvindauge for nynorsken midt i hovudstaden.
Først 15 år seinare opna teatret. Då hadde Hulda Garborg i to år turnert landet rundt med prøvekluten Det Norske Spellaget, som var eit reint turnéteater for landsmålsdramatikk. Suksessen til spellaget synte behovet og marknaden for eit eige landsmålsteater. Det Norske Teatret si opningsframsyning var i Kristiansand 2. januar 1913, ei dobbeltframsyning av Ivar Aasens Ervingen og Hulda Garborgs Rationelt Fjøsstell. Teatret hadde si første framsyning i hovudstaden hausten same året, 6. oktober 1913.
Teatret fekk mykje hard kritikk dei første tiåra og vart ofte oppfatta som eit dilettantisk programteater, men frå midten av 1930-åra og til i dag har teatret etablert seg som det andre norske nasjonalteatret og den viktigaste einskildinstitusjonen for nynorskrørsla.
Teatersjef sidan januar 2011 er Erik Ulfsby.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.