Fram mot 1900 kom det ei ny bølge av interesse for folkedansen, og no var det ungdom både frå bygd og by som skapte organisasjonar, leikarringar eller folkedansgrupper, for å dyrka slike dansar i nye samanhengar.
Utover på 1900-talet vart ordet folkedans meir og meir namnet på dei dansane folkedansgruppene brukte, utan omsyn til dansane sitt opphav. Denne slags dansar vart dansa på gruppene sine øvingskveldar, dei blei viste fram på festivalar, stemne og tevlingar, og til dels var dei brukte som samværsdans. Somme grupper var knytte til staden der dansane deira høyrde til, men i svært mange tilfelle var det ingen kontakt mellom folkedansarane og tradisjonsbærarane i miljøa dansane var henta frå.
Alt frå starten av folkedansrørsla var det diskusjonar om folkedansarane sine dansar og måten dei dansa på, verkeleg var i samsvar med folket sine gamle dansar. Det var også kritikk mot songdansen som var nyskapt her i landet. Fleire foreslo å kalla folk flest sin vanlege dans for folkeleg dans, og la folkedans berre vera namnet på folkedansarane sin dans. Eit anna tilsvarande nemningspar var dans i folkeleg tradisjon og dans i opplæringstradisjon. Sist på 1900-talet fekk vi også ordet tradisjonsdans, gjerne brukt om dansar som har vore overlevert frå generasjon til generasjon, og ikkje berre gjennom nedteikningar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.