Å gjenreise kulturen på dei norske bygdene var eit mål for Hulda Garborg. I heftet Norsk klædebunad, 1903, gjenoppliva ho dei gamle festbunadene og gav råd om sying og stell. Ho studerte folkevisene og songdansen på Færøyane, og gav deretter ut bøker om song- og danseviser i Noreg, slik som Norske dansevisur (1913) med rettleiing om folkedansen. Ho var sjølv danseinstruktur, drog på turnear og spreidde kunnskap om folkedansen.
Som pioner for nynorsk teater etablerte ho i 1910 amatørgruppa Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret. Saman med mellom andre ektemannen var ho med på å grunnleggje Det Norske Teatret i 1912, og Hulda vart samstundes den fyrste styreleiar for teateret. Hulda Garborg sitt eige stykke Rationelt Fjøsstell var ein del av opningsframsyninga for teateret i 1913.
Hulda Garborg skreiv òg artiklar i aviser og blad. I landsmålsavisa Den 17de mai, som ho også heldt liv i økonomisk utover i 1920-åra, hadde ho ei spalte om husstell og matlaging som seinare kom i bokform, Heimstell, i 1899. Matstell paa Landsbygdi (1907) er den første kokeboka på norsk landsmål. Hulda reiste mykje i Europa og USA, og arbeidde for ein matkultur som kombinerte det heimslege med det internasjonale.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.