Folkedans. Langdans gjengitt i et kalkmaleri, Ørslev kirke, Sjælland fra ca. 1380.

Anon. begrenset

Folkedans var først namn for dansar som folk flest brukte eller hadde brukt i samværslivet sitt, som samværsdans. Barn og unge lærde dansane av dei som var litt eldre, ved å herma, eller berre ved å gi seg med. Det var folket sine dansar, dei kunne variera frå bygd til bygd, og folk dansa slik det var skikk og bruk utan at det var skrivne eller vedtekne normer for korleis dansane skulle vera.  På 1800-tallet var ordet folket serleg brukt om dei lågare klassane av bygdebefolkinga. Folket var også ei nemning for alle i eit land, for nasjonen, og eliten såg at bygdefolk hadde halde oppe kultur som var nasjonen sin spesielle arv. Overklassen hadde sine felles-europeiske selskapsdansar, som ikkje var spesielle for nasjonen. Det skapte ny interesse for folkekulturen, uttrykt mellom anna gjennom nasjonalromantikken midt på 1800-talet.  På denne tida blei også ordet nasjonaldans brukt for folkedans. Ein såg på folkedansen og nasjonaldansen som noko gammalt og særmerkt , og rekna ikkje med det vanlege og moderne, sjølv om folk flest også kunne dansa det.

Fram mot 1900 kom det ei ny bølge av interesse for folkedansen, og nå var det ungdom både frå bygd og by som skapte organisasjonar, leikarringar  eller folkedansgrupper, for å dyrka slike dansar i nye samanhengar. Ideen om å dyrka gamle dansar frå folket vaks fram over det meste Europa i ulike former, vi fekk ei brei folkedansrørsle, og dei som var med der kalla seg gjerne folkedansarar.  Det var stor skilnad på korleis folkdansarane arbeidde i ulike land. I mange land var det pionerar som samla inn gamle dansar frå folket, skreiv dei ned i bøker til bruk for folkedansgrupper.  Dei kunne også henta dansar frå andre kjelder enn folket, endra på dei gamle dansane, eller laga nye dansar til sitt bruk. Ut over på 1900-talet vart ordet folkedans meir og meir namnet på dei dansane folkedansgruppene brukte, utan omsyn til dansane sitt opphav. Denne slags dansar vart dansa på gruppene sine øvingskveldar, dei blei viste fram på festivalar, stemne og tevlingar, og tildels var dei brukte som samværsdans. Somme grupper var knytte til staden der dansane deira høyrde til, men i svært mange tilfelle var det ingen kontakt mellom folkedansarane og tradisjonsbærarane i miljøa dansane var henta frå.

Alt frå starten av  folkedansrørsla var diskusjonar om folkedansarane sine dansar og måten dei dansa på verkeleg var i samsvar med folket sine gamle dansar.  Fleire foreslo å kalla folk flest sin vanlege dans for folkeleg dans, og la folkedans berre vera namnet på folkedansarane sin dans. Eit anna tilsvarande nemningspar var dans i folkeleg tradisjon og dans i opplæringstradisjon.  Sist på 1900-talet fekk vi også ordet tradisjonsdans, gjerne brukt om dansar som har vore overlevert frå generasjon til generasjon, og ikkje berre gjennom nedteikningar.

Framstillinga ovanfor er bygd på norske forhold, men mykje gjeld også for andre europeiske land. Terminologien vil likevel sjølvsagt ikkje vera parallell i ulike språk. Når vi kjem utanfor Europa, særleg i Afrika finn ein omgrepet cultural dances, brukt på liknande måte som folkedans, gamle, heimlege dansar i motsetnad til moderne dansar med utanlandsk opphav. Ethnic dances er ein term som på eit vis har motsett synsstad, laga av folk med vestleg opphav om dansane til dei andre, dei som høyrer til etniske grupper, men det er jo etniske grupper i Vesten også. Som ein amerikansk danseforskar har påpeika;  klassisk ballett er også etnisk dans.

Det er først tidleg på 1800-talet at vi får kjelder nok til å vita sikkert kva som er dei mest vanlege dansane mellom folk flest i Noreg og nå får vi også ordet folkedans. Vi har spreidde opplysingar om namn på dansar, og vi har ein god delt handskrivne notebøker med dansemusikk frå 16- og 1700-talet, men kva som er vanlege og kva uvanlege, dansar. og kva som er overklassen sin musikk og kva som er folket sin, kan vera vanskeleg å seia.

Ei vanleg inndeling av den norske samværsdansen på 1800- og 1900-talet er bygdedans, runddans, turdans, songleik, 1900-talsdansar og songdans.

Bygdedansane var i hovudsak gamle dansar først på 1800-talet, det var dei ein i første omgang kalla folkedans eller nasjonaldans. Bygdedansane er i hovudsak pardansar, og dei er ulike frå stad til stad og har også litt ulike namn. Springar er vanleg namn på ein dans i 3/4 eller udelt takt som finst sør og vest i landet, pols er namn på ein liknande dans også i 3/4 takt som finst i nord og aust.  Gangar og halling er namn pardansar, liknande springaren, men med musikk vanlegivis skriven i i 2/4, 6/8 eller 3/8 takt.  Hallingen blir også ofte dansa som solodans. Rull er ei enkel, yngre form som var mest brukt  på Voss og i Hardanger. Bygdedansane har likskap og samheng med danseformer i Europa, og tydelegast er nok likskapen mellom springaren og den tysk-austerikske ländleren. Sjølv om pols-namnet peikar på Polen, er samanhengen melloTm polske og nordiske dansar meir komplisert.

Runddansane også kalla gammaldansar var nye dansar i Noreg tidleg på 1800-talet, og var ikkje rekna til folkedans då. Dei var del av ein felles-europeisk moten, og kom frå den tyske og den slaviske delen av sentral- og aust-Europa.  Den første runddansen som kom til Noreg var truleg valsen like før 1800. Den gongen blei vals brukt om ei  parvis snuing til musikk i 3/4 eller 2/4 takt.  Den i 2/4 takt fekk mange ulike nam, som hopvals, skotsk vals, hamburger vals. I 1840 vart ein variant av denne forma presentert som ny tsjekkisk motedans i Paris under namnet polka.  På bygdene i Noreg heldt dei forkortingar av dei gamle namna seg. I tida etter 1850 fekk vi polkamasurka og reinlender, og frå den første utvikla den særnorske austlandsmasurkaen seg.  Seinare kom wienerkryss og pariserpolka og tilsist på 1950-talet lettisk polka.

Turdans var på 1800-talet først og fremst brukt om overklassen sine formasjonsdansar. Dei høyrde stort sett til danseslekta kontradansar.  Klara Semb reiste rund i ungdomslaga Noreg for å undervisa den songdansen Hulda Garborg gav ideen til  i 1902. På reisene sine fann ho her og der enkle, fast strukturerte dansar som passa betre til avveksling frå songdansen, enn dei oftast svært kompliserte bygdedansane. Difor tok ho slike dansar i bruk i undervisinga si. Dei vart i lag med songdansen eit felles nasjonalt repertoar i ungdomslaga, og Klara Semb kalla etterkvart alle desse dansane for turdans.  Det var både kontradansar, rilar, og fast strukturerte pardansar (einmelodipardansar).

1900-tals dans vart også kalla moderne dans og samlar folkeleg samværsdansar som var nye på 190-talet, slik som, one step, tango, foxtrot, swing/rock'n roll, twist og shake.  Dei var ikkje rekna som folkedans, sjølv om folkedansarane og andre tok oppatt også nokre av desse dansane når dei var i ferd med å gå av bruk.

Songleikane var ikkje rekna som dans etter gammalt, dei vart dansa til song, og var sett på som meir uskuldige og mindre syndige enn dansen. Vi har kjelder for songleikar heilt tilbake på 1700-talet. Dei blei brukt i bygd og by, av vaksne, unge og barn, og vart dansa i ring eller på rekker.  I dag blir dei brukte på juletrefestar, og særleg av bybarn i friminutt på skulen, men der er repertoaret i endring, det blir mindre ring- og rekkedans, og meir klappeleikar og dansar inspirerte av musikkvideoar.

Songdansen er Hulda Garborg si nyskaping frå 1902. Ho ville få norske folkeviser i praktisk bruk att, og knytte dei saman med den færoyske kjededansen.  Dette vart utvikla vidare, særleg av Klara Semb, og det vart laga eigne dansemåtar til mange ulike viser, etter kvart også nyare viser.  Dansen vart primært brukt av folkedansarane i Noregs Ungdomslag, og Klara Semb gav ut songdansen i bøkene sine.

  • Bakka, Egil: Norske dansetradisjonar, 1978, isbn 82-521-0859-8, Finn boka
  • Bakka, Egil m.fl.: Grunnbok i folkedans, 1986, isbn 82-521-2703-7, Finn boka
  • Semb, Klara: Norske folkedansar : songdansar, omarbeidd utg., 1985, isbn 82-521-2621-9, Finn boka
  • Semb, Klara: Norske folkedansar : turdansar, omarbeidd utg., 1991, isbn 82-521-3657-5, Finn boka

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.