Arne Garborg

Faktaboks

Arne Garborg
Født
25. januar 1851, Jæren, Norge
Død
14. januar 1924, Asker, Norge

Foto frå 1880-åra. Biletet frå Norsk biografisk leksikon

Arne Garborg
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Arne Garborg var ein leiande nynorsk forfattar på siste del av 1800-talet. Garborg introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.

Bakgrunn

Hulda og Arne Garborg som nygifte i slutten av 1880-åra.

.
Lisens: fri

I 1897 flytta Arne og Hulda Garborg til garden Labråten på Hvalstad i Asker, der dei budde resten av livet.

.
Lisens: fri

Arne Garborg var fødd som odelsgut i TimeJæren i Rogaland og døydde i Asker i Akershus. Dei første barndomsårene var ei lykkeleg tid, men då han var i 9-årsalderen, vart heimen hans radikalt forandra, idet faren kom inn i ei religiøs krise. Faren var periodevis sinnslidande, og barndomen var prega av farens depresjonar og tunge religiøsitet. Faren til Garborg selde ættegarden i 1869 og tok seinare sitt eige liv.

I 1866 gjekk Garborg på lærarskule i Time, og i det handskrivne bladet til skulen, Mjøllemsstunda, skreiv han dikt og artiklar om pedagogiske og religiøse spørsmål. I perioden 1866–1868 var han lærer i Hetland ved Stavanger. Deretter gjekk han på Holt seminar (ved Tvedestrand) frå 1868–1870. Garborg var lærar i Søndeled ved Risør i 1870–1871. Han drog seinare til Kristiania og tok studenteksamen i 1875.

Garborg gifta seg i 1887 med Hulda Bergersen (Hulda Garborg) og flytta til Kolbotnen i Østerdalen. Hulda og Arne Garborg busette seg i 1897 på Labråten i den såkalla Kunstnerdalen i Asker.

Journalistikken 

Garborg starta i 1871 eit blad for lærarar, først kalla Seminaristen, seinare avisa til Lærer-standen. Frå 1872 redigerte han òg Tvedestrandsposten. Våren 1873 sende han ut si første bok, Smaa-stubbar af Alf Buestreng. Frå nyttår 1876 vart han medarbeidar i Aftenbladet. Her skreiv han mellom anna ein artikkel der han forsvarte universitetet som i 1876 nekta Georg Brandes auditorium.

Same stad skreiv han òg nokre kvasse innlegg i målstriden som kom i bokform under tittelen Den ny-norske språk- og Nationalitetsbevægelse (1877). Same år byrja han å gi ut bladet Fedraheimen. Her trykte han forteljingane Av laak Ætt, Hemn og Seld til den vonde. Seinare stod han sentralt i skipinga av tidsskriftet Syn og Segn i 1894 og avisa Den 17de Mai, saman med Rasmus Steinsvik i 1904.

Forfattarskapen

Eilif Petersen måla Arne Garborg i 1894.
Av /Nasjonalmuseet.

Garborg skapte mønsterverk innanfor fleire ulike sjangrar og fleire periodar. Romanane Bondestudentar(1883), Trætte Mænd (1890) og Fred (1892) er dei viktigaste episke verka til Garborg. Desse tre bøkene er døme på eitt klassisk realistisk, eitt premodernistisk-dekadent, og eitt naturalistisk og karnevalistisk verk, skrivne av Garborg i tre ulike periodar.

Garborg skreiv heilt frå skuledagane og debuterte med Smaastubber af Alf Buestreng (1873).Gjennombrotsromanen Bondestudentar er ein av dei viktigaste sosial- og kulturhistoriske skildringar i norsk dikting, med ei skildring av den norske fattigdommen og åndsarmoda. Romanen var skrive for å eggje bonden til mot, og skildrar temaet med ein kombinasjon av økonomisk og sosial realisme, og moralsk patos.

I 1882 vekte Garborg strid i Stortinget, då han hadde søkt om eit reisestipend. Stipendet vart nekta han, då han vart rekna som ein farleg mann. Han hadde vore statsrevisor frå 1883, men i 1887 vart han ikkje attvalt. Den nye radikale regjeringa med Johan Sverdrup i spissen vart ein skuffelse for Garborg, noko han gav uttrykk for i skodespelet Uforsonlige (1888). Garborg kom òg i strid med teologane (J. C. Heuch, Fr. Petersen). Garborg sitt største innlegg i moraldebatten var likevel den naturalistiske romanen Mannfolk (1886). I 1888 samla han nokre innlegg i debatten i bokform under tittelen Fri Skilsmisse. Reaksjonen melde seg igjen i politikk og åndsliv.

Mot slutten av dette tiåret gjekk Garborg over til å skrive i epistelform i Kolbotnbrev (bokform i 1890), som fortel om flyttinga til Tynset i 1887 og ekteskapet med Hulda Bergersen. I Kolbotnbrev, som han skreiv til Fedraheimen, kom ei ny side av Garborg fram: den sterke naturkjensla hans og hans evne til å skildre naturen. Eit overgangsverk til ein meir psykologisk stil er Trætte Mænd. Den vart av mange tekne for å vere ei omvendingsbok, men Garborg protesterte fleire gonger mot det. I grunnen gjorde han her eit forsøk på å frigjere seg frå trøyttleiken og «dekadanse»-stemninga som han bar i sitt eige sinn, men som også var eit tidsfenomen.

Samtidig henta Garborg tematikken frå den pietistiske og tragiske barndomens Jæren og skreiv meisterverk som Fred, diktsyklusen Haugtussa (1895), skodespelet Læraren (1896) og den prosalyriske Den burtkomne Faderen (1899). Diktsyklusen Haugtussa (med framhaldet I helheim) er eit lyrisk hovudverk i norsk litteratur og det fremste dømet på den fornya interessa for lyrikk i 1890-åra. Det føyer seg inn i dei episke diktsyklusane frå Draumkvedet til Paal-Helge Haugens Anne.

Eit særskilt trekk ved Garborg er den store breidda i bruken av litterære former og at han lukkast med så mange av dei. Innanfor sakprosa skreiv Garborg essay som Hanna Winsnes' Kogebog (1890) eller epistlane i brevbøkene. Det viktigaste verket etter hundreårsskiftet er Knudaheibrev (1904). Etter at han slutta å skrive fiksjonsverk, arbeidde han med omsetjingar og sakprosa.

Målsaka og unionsstriden

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Arne Garborg
Av /NTB Scanpix ※.

Språkspørsmålet var viktig for Garborg på fleire nivå. Eksistensielt greip han målsaka som livsoppgåve då han glei ut av den tradisjonelle religionen på slutten av 1870-åra. Garborg si nye livstru møter ein i artikkelen «Troen paa livet» (Samtiden 1895) og endå meir i diktsyklusen Haugtussa. Boka om Veslemøy gir eit bilete av hans eigen strid mot «trollmaktene», og gir uttrykk for trua hans på det gode i mennesket. Samtidig som Garborg fjerna seg frå kristendommen, nærma han seg dei radikale ideane i tida, og frå ca. 1880 står han saman med menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Johan Sverdrup i kampen for demokrati og åndsfridom.

I samband med unionsstriden var Garborg på jakt etter det gode grunnlaget i folket. Han peika på dette i Haugtussa, men trekte det endå meir fram i skodespelet Læraren (1896) og i prosadiktet Den burtkomne Faderen (1899). Han bar på ein draum om å gjenreise det gamle friske bygdelivet og frigjere bonden både frå pietismen og kapitalismen. Det nye livssynet sitt utvikla han vidare i visjonsdiktet I Helheim (1901), som er ei fortsetjing av Haugtussa.

I Den Nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877) lanserte han den såkalla tonasjonslæra, nemleg at dansk(-norsk) og norsk utgjer to ulike nasjonar som er i strid. Garborg stod slik på motsett side av Bjørnson i målstriden både i 1880- og 1890-åra (Norsk eller dansk-norsk? Svar til Bjørnson, 1888). Verket gjorde han til ein sentral aktør i landsmålsrørsla, der han utførte mykje organisatorisk arbeid. I tillegg til skiping av ulike landsmålsaviser la han og Hulda Garborg grunnlaget for skipinga av Det Norske Teateret i 1913, og han argumenterte for landsgymnasa.

I Bondestudentar gjorde Garborg igjen språkleg og kulturell identitet til eit hovudtema. Han var òg med på å utforme den såkalla midlandsnormalen, som tok opp i seg fleire austlandske språkformer. I hans tanke fall politisk frigjering saman med språkleg frigjering. I diktinga, og særleg i jærbøkene, synte han kor store litterære ressursar som ligg i dei norske dialektane. Som dei andre pionerane i landsmålsrørsla skreiv han også dansk(-norsk), både i essay og i romanar.

Filosofi

Gjennom alle omskiftingane hos Garborg er det nokre konstante trekk: Han var solidarisk med bonden og bakgrunnen sin, var politisk radikal og maktkritisk, og var orientert mot ei nasjonal fornying. Men innhaldet i dette nytolka han heile tida, gjennom formidling av sentrale europeiske filosofiar og ideologiar. Dermed var han ein av dei viktigaste formidlarane av samtidsfilosofien i Noreg.

Garborg hevda sjølv at to tema opptok han heile livet: det nasjonale og det religiøse. Denne tematikken førte han inn i og ut av ei rekkje ideologiske posisjonar. Han lærte filosofi av den konservative hegelianaren Marcus J. Monrad, og i dei aller første artiklane sine forsvarte han ein tradisjonell, dogmatisk kristendom. Mellom anna forsvarte han avgjerda om å nekte Georg Brandes å førelese på universitetet, av religiøse grunnar.

Vitskapen og rasjonaliteten

Garborg kunne ikkje i lengda avvise vitskapen sin rett til å problematisere også religionen. Dette førte han i første omgang over i ein rasjonalistisk posisjon, inspirert av Brandes og John Stuart Mill. Den realistiske og naturalistiske litteraturen undersøkte samfunnet kritisk, også dei ideologiske sanningane i kyrkje, heim og skule. Sentralt i denne første tida var oppgjeret med borgarleg moral og åtaket på prostitusjonen i Mandfolk (1886). Garborg skreiv polemiske meisterstykke mot til dømes biskop J.C. Heuch, som i Vantroens Væsen ville halde dei nye tankane frå livet.

Mot slutten av 1880-åra var Garborg av dei første som formidla tvilen på vitskapen og rasjonalismen. Han analyserte dette i artikkelserien «Den idealistiske Reaktion – Ny-idealismen» i Dagbladet i 1890. Han fanga opp den nye interessa for mystikk, som fanst i teosofi og udogmatisk religion, noko han skriv spøkefullt om i Kolbotnbrev (1890). Her tok han opp att den religiøse problematikken, samstundes som han tok opp stoff frå barndomens Jæren i diktinga.

Nietzsche

Filosofisk finn ein i ulike tilnærmingar hos Garborg utover i 1890-åra, gjennom innlevande drøfting av dekadensen, inn i ei nietzschiansk «tru på livet» og til ei tilslutning til Leo Tolstojs etiske kristendomstolking. Alt i 1890 omsette han Ola Hanssons bok om Friedrich Nietzsche. Gjennom verka om Hoveslekta formar han ut ei lære om Jesu etikk, med vekt på det dennesidig forpliktande, som han knyter til målsak og nasjonalt arbeid. Til sist lanserer han ei ny tolking av evangelia i Det nye testamentet, i verket Jesus Messias (1908), som har samband med samtidig tysk liberal teologi.

Georgismen

Etter unionsoppløysinga i 1905, som vart året til ein skuffelsen for republikanaren Garborg, var det særleg jordspørsmålet som interesserte han. Han var inne på det i Jesus Messias, som elles var eit veldig angrep på kyrkja og teologane, og vekte stor oppsikt og strid. Endå meir kjem han inn på jordspørsmålet i Heimkomin Son (1908). Denne posisjonen heldt han fast ved, og dei siste åra knytte han seg sterkt til Henry Georges agrarsosialisme. Denne georgismen forkynte han òg i ei rekkje artiklar og foredrag (til dømes Vaknande spursmaal, 1915). Også i dagboka som han førte frå 1905 til sin død (utgitt av Hulda Garborg i 1924–1927) kjem han stadig inn på georgismen som eit håp for framtida.

Omsetjing som reiskap

Ein viktig del av det målpolitiske arbeidet hans var omsetjingane av klassiske tekstar, som Det Norske Samlaget la vekt på. Det største arbeidet Garborg sjølv gjorde var omsetjinga av Odysseen frå gresk. Han omsette òg fleire Ludvig Holberg-komediar for Det Norske Teatret, omsette det store indiske «Ramakvædet» (saman med Sri Ananda Acharya), og var medhjelpar i Arctander si omsetjing av Faust. Garborg fekk i 1898 statslønna som Ivar Aasen hadde hatt, noko som hjalp til at han tok med omsetjingsarbeid.

Utmerkingar og minnesmerke

For romanen Hjaa ho Mor (på dansk Hos Mama, 1890), fekk han ein tysk pris. Til 70-årsdagen fekk han ei heidersgåve av det norske folket på bortimot 100 000 kroner – og ein hest – innsamla særleg blant ungdommen.

I samband med 150-årsjubileet i juli 2001 for Garborg sin fødsel vart det avduka ein statue av han i Time, utført av bilethoggaren Fritz Røed. Det nasjonale Garborgsenteret på Bryne opna for publikum 2. juli 2012, med offisiell opning 5. september 2012.

Utgjevingar

Tittel År
Smaa-stubber af Alf Buestreng 1873
Kejser og Galilæer. En kritisk Studie 1873
Gud signe Norigs Land (fedrelandssong) 1878
Ein Fritenkjar (roman), i bokform 1881
Bondestudentar (roman) 1883
Forteljingar og Sogur 1884
Mannfolk (roman) 1886
Fri Skilsmisse (essaysamling) 1888
Uforsonlige (skodespel) 1888
Kolbotnbrev, i bokform 1890
Hjaa ho Mor (roman) 1890
Trætte Mænd (roman i dagboksform) 1891
Fred (roman) 1892
Haugtussa (episk diktring) 1895
Læraren (skodespel) 1896
Den burtkomne Faderen (i dagboksform) 1899
I Helheim (visjonsdikt) 1901
Fjell-luft og andre Smaastykke 1903
Knudaheibrev 1904
Heimkomin Son 1908
Dagbok 1905-1923 (6 bd.), utgitt posthumt

Samleutgåver

  • Jubileumsutgåve av skriftene i 7 bind i 1921–1922; ei utgåve i 12 bind (1980).
  • Utval av artiklar av Garborg i 2 bind: Politik. Bladinnlegg fraa 1870-aari til riksretten (1919) og Straumdrag. Literære utgreidingar fraa aatti- og nitti-aari (1920).
  • Større utgåve av artiklar: Tankar og utsyn (2 bind) (1950) ved J. A. Dale og R. Thesen; også utgitt i 2 bind under tittelen Mogning og manndom (1954).
  • Artiklar ved J. A. Dale (1967).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Thor M.: Garborg-litteratur 1866-1942 : ein bibliografi, 1943-45 (Norsk bibliografisk bibliotek, b. 3, h. 5, s. 193-321)
  • Bø, Gudleiv: Veslemøys verden : veiviser i Haugtussa, 2002
  • Dale, Johs A.: Studiar i Arne Garborgs språk og stil, 1950
  • Dale, Johs A.: Garborg-studiar, 1969
  • Frøyen, Morten Haug & Sveinung Time: Arne Garborgs kulturnasjonalisme : to studiar, 1996
  • Lie, Erik: Arne Garborg : en livsskildring, 1914
  • Midbøe, Hans: Arne Garborg og Bondestudentar, 1951
  • Mork, Geir: Den reflekterte latteren : på spor etter Arne Garborgs ironi, 2002
  • Mortensson-Egnund, Ivar: Arne Garborg : ein fyretalsmann, 2. utg., 1924
  • NBL 2. utg.
  • Obrestad, Tor: Arne Garborg : ein biografi, 1991
  • Sjåvik, Jan: Arne Garborgs Kristiania-romaner : en beretterteknisk studie, 1985
  • Thesen, Rolv: Arne Garborg, 1933-39, 3 b. (Frå jærbu til europear ; Europearen ; Europear og jærbu)
  • Thorn, Finn: Arne Garborg og kristendommen, 1972
  • Time, Sveinung & Egil Lejon, red.: Aadne Garborg, 1981
  • Åmlid, Ånund: Arne Garborg : svein og meister : ei historisk-genetisk innleiding til gjenombrotsdiktinga hans, 1938

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg