Songdans, ei danseform Hulda Garborg etablerte i Norge i 1902 ved å setja steg og tak frå færøydansen til norske folkeviser. Både ho og andre, brukte også ordet folkevisedans, men songdans feste seg som fagordet. Ideen bak var at folkevisene, også kalla mellomalder-balladar, hadde vore brukt å dansa til i mellomalderen, og at denne dansen berre hadde overlevt på Færøyane. Nå ville Hulda Garborg få visene i bruk att i sin opphavlege funksjon som danseviser, ballade betyr nettopp dansevise. Denne dansen breidde seg veldig fort til ungdomslaga rundt i landet, og han har i hovudsak vore brukt i Noregs Ungdomslag som framleis driv fagarbeidet for han. Dei første tiåra spreidde ideen om songdans seg til Sverige, Finland, Danmark og Tyskland. Nokre av Hulda Garborgs viser og dansemåtar blei omsette og tekne opp der, men det blei også tatt opp viser frå kvart land, dansemåtar vart laga og små samlingar blei publiserte.  Songdansen blir vanlegvis dansa i ein rund ring, alle syng gjerne med heile tida, og verset eller til ein hovuddel av teksten dansar ein då ein av dei norske variantane av færøysteget, folkevisesteg, kvilesteg eller attersteg. I omkvedet kjem det så eit brigde, dvs. ei forandring, der ein kanskje brukar andre steg, kanskje delar ein seg opp i par og brukar element frå bygdedansar, runddansar eller turdansar eller kanskje noko anna. Songdansen er ein unison dans, det vil seia at alle dansarane eller alle para gjer det same på same tid, og det høyrer bestemte rørsler til alle delar av songen.

Folkevisedans har visse likhetstrekk med de franske lyriske sangdanser fra middelalderen, med greske kordanser fra klassisk tid og med kjededanser fra Sørøst-Europa og Midtøsten i levende folkelig tradisjon. Det finnes imidlertid ingen sikre holdepunkter for en påstand om at disse likheter er uttrykk for en historisk sammenheng.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.