Den viktigaste næringa i Gol er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd, med 29 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2015). Ingen andre kommunar i fylke har like høg prosentdel sysselsette i denne næringa. Industrien har sju prosent av arbeidsplassane, 23 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Primærnæringane har til samanlikning berre fire prosent av arbeidsplassane i Gol.
Jordbruket i Gol har hovudvekt på storfehald, med god utnytting av fjellbeita. Av i alt 22 900 dekar dyrka jord finst om lag halvparten på Golsfjellet. Ved sida av eit stort storfehald i kommunen er det også ein god del sau. Det er ubetydeleg korndyrking. I 2020 blei det avverka 43 570 kubikkmeter tømmer, 71 prosent av dette var furu.
I 2014 var næringsmiddelindustrien den viktigaste industribransjen målt etter sysselsetjing, med 62 prosent av dei sysselsette i industrien. Denne bransjen omfattar mellom anna slakteri og bakeri. Trevareindustrien, med trevarefabrikk, høvleri og nokre mindre sagbruk, hadde dette året 13 prosent av dei sysselsette i industrien, det same hadde metallvareindustrien.
Gol tettstad er eit viktig handels- og servicesenter for Hallingdal.
Gol er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 524 gigawattimar (GWh) per 2016, av dette 523 GWh i det største av dei to kraftverka til kommunen, Hemsil II (i drift frå 1960), som ligg ved Gol tettstad. Administrasjonen av ECO Vannkraft AS (Oslo kommune) sine anlegg i Hallingdal/Hemsedal ligg i Gol.
Av dei busette yrkesaktive i Gol har 25 prosent arbeid utanfor kommunen, 15 prosent har arbeid i resten av kommunane i Hallingdal, og tre prosent har arbeid i Oslo.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.