Rolv Thesen

Faktaboks

Rolv Thesen
Født
14. juli 1896, Moskenes, Nordland
Død
13. september 1966, Elverum, Innlandet
Rolv Thesen, ca. 1935–1940.
Av /Oslo Museum .

Artikkelstart

Rolv Thesen var litteraturforskar og litteraturkritikar, og var ein av dei mest markante og mest respekterte litteraturformidlarane på 1900-talet. Han skreiv ei rekkje bøker og artiklar og var ein sentral maktperson i det litterære miljøet. Thesen var statsstipendiat.

Bakgrunn

Rolf Thesen var fødd på Moskenesøy i Lofoten. Han reiste til Kristiania i 1914 og byrja på artiumskurs på Hauges Minde. Her var det mykje landsungdom, og inspirert av medelevane gjekk Thesen over til nynorsk, som han følte låg nærare sin eigen dialekt.

I studietida var han aktiv i Studentmållaget og i Bondeungdomslaget. I 1920 fekk han mellom anna i stand ein eitt-årig mellomskule (realskule) for landsungdom i hovudstaden, der han sjølv var både styrar og lærar. I 1924 byrja han å skrive om litteratur i Den 17de Mai, og etter fire år gjekk han over til Arbeiderbladet, der han var aktiv i nesten 40 år.

I 1946 var han med og stifta Norsk Litteraturkritikerlag. Thesen var medlem av Det litterære råd i Forfattarforeininga i over 25 år, samtidig som han var forlagskonsulent i Aschehoug og andre forlag. Han var òg konsulent i NRK og styremedlem i Det Norske Teatret.

Forfattarskapen

I dag er Thesen truleg mest kjend for trebindsverket om Arne Garborg (1933–1939), stadig rekna som sjølve standardverket om Garborg, og som ein av dei mest omfattande diktarmonografiane vi har. I 1934 tok han doktorgraden på første bindet. I 1947 (trykt i 1945) kom folkeutgåva av Garborg-verket: Ein diktar og hans strid. Saman med Johannes A. Dale gav han ut to tobandsverk med artiklar og brev av Arne Garborg, Tankar og utsyn I og II med artiklar (begge 1950) og Mogning og manndom I og II med brev (begge 1954).

Thesen skreiv òg bøker om Olav Duun, Johan Falkberget og Tore Ørjasæter, og dessutan ei rekkje artiklar i nordiske tidsskrift. I 1951 kom eit lite utval av artiklane hans ut under tittelen Mennesket i oss. Thesen rakk òg å fullføre tre bind av storverket sitt om Diktaren og bygda (1953–1965), der han sette emne frå bygdelivet inn i ein sosialpsykologisk samanheng. Dessutan gav han ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre, Etter stormen (1945), Trass i alt (1949) og Men ringen renn i hop (1963).

Brevkorrespondanse

Teikning av Rolv Thesen. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Rolv Thesen
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Thesen var ein aktiv brevskrivar og etterlét seg ein stor korrespondanse, tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket. Her er fleire hundre brev til og frå Johan Falkberget, Tore Ørjasæter og Inge Krokann, og ein omfattande korrespondanse med forfattarar og skribentkollegaer, til dømes Hulda Garborg, Olav Duun, Kristofer Uppdal, Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas, Aslaug Vaa, Helge Krog, Arthur Omre, Eugenia Kielland, Odd Solumsmoen, Johannes A. Dale, Francis Bull, Philip Houm og Per Amdam. Breva inneheld alt frå litterær sladder til litterære vurderingar og manuskripthjelp.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jan Olav Gatland: Det litterære liv. Rolv Thesen og hans tid. Bergen 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg