Edda er namnet på to bokverk frå norrøn tid, Den eldre Edda og Snorres Edda.

Det er berre Snorres Edda denne tittelen opphavleg er knytt til. I 1643 fann den islandske biskopen Brynjólfur Sveinsson eit pergamentshandskrift som inneheldt dikt om norrøne gudar og heltar. Innhaldet og enkelte strofer kjende han frå Snorres Edda, som mellom anna inneheld ei prosaframstilling av den norrøne mytologien. Han kalla den nyfunne skinnboka for Sæmundar Edda, fordi han gjekk ut frå at diktsamlinga var Sæmund Frodes verk. Namnet Edda har sidan følgt verket, men no vanlegvis som Den eldre Edda, fordi det ikkje er nokon grunn til å knyta det til Sæmund.

Edda blir mellom anna i Rigstula brukt i tydinga 'oldemor', men det er uvisst om det er denne tydinga av edda som ligg i tittelen. Ordet kan også vera ei avleiing av óðr ('dikting') i tyding 'poetikk', og det har også blitt forklart som ei form av latin edo ('eg gir ut, framstiller') i analogi med norrønt kredda for truvedkjenninga på latin, Credo.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg