Noregs Ungdomslag er ein landssamanslutning for det frilynte ungdomsarbeidet. Organisasjonen vart skipa i Trondheim i 1896 og har hovudkontor i Oslo. Laget hadde frå 1913 til 1956 felles sekretariat med Noregs Mållag. I 2018 hadde Noregs Ungdomslag over 12 000 medlemer, delt på om lag 328 lokallag. Torbjørn Bergwitz Lauen frå Høvåg i Agder er sidan 2019 leiar. Generalsekretær er Kai Roger Vatne.
Noregs Ungdomslag har vore ein samlings- og kulturfaktor både i bygdene og blant bygdeungdom i byane. Laget har arbeidd for målsak, folkemusikk, folkedrakt, amatørteater, bygdemuseum og internasjonalt solidaritetsarbeid. Organisasjonen arrangerer ungdomsstemne og driv publikasjonsverksemd med spreiing av litteratur på nynorsk som ei spesiell oppgåve. Mange møtehus, kaffistover og bondeheimar er bygde, og Noregs Ungdomslag har samarbeidd nært med andre ungdomsorganisasjonar, og med folkehøgskulane. I ei særstilling står arbeidet for folkedansen. Laget er partipolitisk nøytralt, men har teke opp mange samfunnsoppgåver. Ungdomslaget tok mellom anna initiativ til å skipa dei offentlege landsgymnasa og statsrealskulane.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.