I dei første årgangane dominerte skjønnlitteratur, filosofi og livssyn, men alt dei første redaktørane, Arne Garborg, Moltke Moe og Rasmus Flo var ivrige etter å krysse faggrensene mellom humanistar og naturvitskapsfolk. Utanrikspolitisk konfliktstoff og oversynsartiklar, Einsteins relativitetsteori og aktuell og klassisk filosofi vart ofte populariserte på forståeleg vis, nettopp fordi fagfolk og ekspertar måtte vere nyskapande og pedagogisk tydelege i ei språkform som tvinga dei til å vere verbale og folkemålsnære.
Namnet på bladet skulle gi assosiasjonar til ordtaket «få syn for segn», og det opphavlege programmet var nettopp å målbere syn og synsmåtar, segn og soge, historisk tradisjon og litterær nyskaping. Slik vart Syn og Segn redigert etter same mønster som andre allmennkulturelle tidsskrift i 1890-åra, til dømes Samtiden (skipa i 1890) og Kringsjaa (1893–1910). Også nynorskavisa Den 17de Mai vart skipa i 1894, og dei i hovudsak intellektuelle redaktørane i desse pionertiltaka hadde som mål å skrive forståeleg og folkeleg, også om tyngre og innfløkte emne.
Frå starten var litteraturen eit viktig felt for Syn og Segn, og tidsskriftet prenta enkeltdikt, noveller og artiklar om dikting og forfattarskap. Bokmeldingane kom under vignetten Boksjå, og medan dei fram til 1910 berre skreiv om nynorske bøker, valde skriftstyret seinare å omtale alle delar av bokhausten. I tråd med det språkpolitiske programmet for Samlaget såg skriftstyret og meldarane det som like viktig å melde fagbøker som skjønnlitteratur. Mange kjende skjønnlitterære nynorskforfattarar har gjennom åra fått enkeltdikt og gjendiktingar på trykk, og ved ulike diktarjubileum har tidsskriftet også hatt fyldige særnummer om forfattarskapar.
Om bokmeldingane i nokre tiår bar preg av ei snever nynorskintern vurdering, var dei ulike skriftstyrarane frå starten av medvitne om det viktigaste: å syne at nynorsken kunne brukast til å skrive om alle tenkjelege og utenkjelege emne. Naturleg nok har Syn og Segn ofte gitt plass til fleire målpolitiske artiklar og ordskifte, men redaksjonsprinsippet har likevel vore: ikkje om, men på målet.
Mange Syn og Segn-redaktørar har sjølve vore markante og flittige skribentar, noko som også prega tidsskriftet, og medan Halvdan Koht tidleg skreiv perspektivrikt om utanrikspolitikk, introduserte Arne Garborg Friedrich Nietzsche og Leo Tolstoj. Frå første årgang la ein vekt på at mengda av humanistiske artiklar måtte supplerast med stoff om utanrikspolitikk og fag som sosialøkonomi, psykologi, fysikk, naturvitskap, biologi, medisin og astronomi. Så lenge ein hadde ti hefte i året, var det også rom for at tidsskriftet var forum for offentleg ordskifte.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.