nynorsk

Målvedtak i kommunene (Mållova)
Målvedtak i kommunene (Mållova)
Lisens: CC BY SA 3.0
Ivar Aasen (68 år gammal)
Ivar Aasen (68 år gammal)
Av .

Nynorsk er eitt av dei to norske skriftspråka. Det andre er bokmål. Det nynorske skriftspråket vart utforma på 1800-talet av språkforskaren Ivar Aasen på grunnlag av dei norske dialektane. Nynorsk blir brukt av omtrent ti prosent av dei som skriv norsk i Noreg.

Faktaboks

Språkkoder
nn, nno (NN, NNO)
ISO-639:3
nno

Årsaka til at det finst to norske skriftspråk, er unionstida mellom Noreg og Danmark (1537–1814). I denne perioden var dansk skriftspråket i Noreg. Etter lausrivinga frå Danmark var det store diskusjonar i Noreg om korleis norsk skulle skrivast. Somme ville fornorske det danske skriftspråket gradvis. Dette vart grunnlaget for bokmål. Andre ville konstruere eit nytt skriftspråk basert på dei norske dialektane. Den som tok til med eit slikt prosjekt i praksis, var Ivar Aasen.

Den mest avgjerande delen av prosjektet til Aasen var å få ut ein felles overgripande skriftnormal basert på alle dialektane. Det første utkastet til ein slik normal la han fram i boka Prøver af Landsmaalet i Norge i 1853. Med Landsmaal meinte han eit mål for heile landet, ikkje for enkelte landsdelar eller distrikt. Dette var det vanlegaste namnet på målforma fram til 1929. Da vedtok Stortinget at det offisielle namnet på målforma skulle vere nynorsk.

Nynorsk ekspanderte i heile den første delen av 1900-talet, både politisk, i skulen og i litteraturen og kulturen. Ikkje minst kyrkja vart ein viktig arena for nynorsk, ho var blant dei første institusjonane som opna for bruk av nynorsk.

Etter andre verdskrigen skjedde det eit skifte, og det kom ein tilbakegang for nynorsk. Ein viktig faktor var sentraliseringa av busetnadsstrukturen som gjorde at mange grendeskular der nynorsk var hovudmål vart slått saman med byskulane i området, som brukte bokmål.

I dag står nynorsk sterkast på Vestlandet og tilgrensande område, i det som ofte kallast «det nynorske kjerneområdet». Det blir òg nytta i det nasjonale kulturlivet, i massemedia og i statsforvaltninga jamsides bokmål, men i mindre omfang.

Forholdet mellom bokmål og nynorsk har vore eit av dei store politiske stridsspørsmåla i Noreg heilt frå slutten av 1800-talet.

I norsk språkhistorie er nynorsk også blitt nytta synonymt med moderne norsk som ei nemning for perioden etter cirka 1525, til skilnad frå gammalnorsk og mellomnorsk.

Arbeidet til Ivar Aasen

Ivar Aasens reiser
Reisene til Ivar Aasen. 1842–1847 i blått. 1851–1858 i raudt. 1860–1868 i grønt. 1883 i lilla.
Ivar Aasens reiser
Av /Kjelder: Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet og Ivar Aasen-tunet.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ivar Aasen (1813–1896) var bondeson frå ØrstaSunnmøre, der han voks opp i eit miljø som var sterkt prega av opplysningstida og ei lesande ålmente. Alt i ungdommen var han omgangsskulelærar i lokalmiljøet. Seinare var han huslærar hos embetsmenn som kunne hjelpe han fram og styrke han i kunnskapssøkinga. Aasen var tidleg interessert i språk, ikkje minst i det nasjonale språkspørsmålet, som vart viktigare i norsk offentlegheit i 1830-åra. Det rådande skriftspråket var dansk, mens talemålet var dialektkløyvd og svært ulikt skriftspråket. Aasen kom tidleg til den erkjenninga at dialektane hadde utvikla seg frå det norrøne litteraturspråket i mellomalderen, og gav alt i 1836 – men da enno ikkje offentleg – uttrykk for den tanken at eit norsk skriftspråk kunne byggast på ei jamføring av dei ymse dialektane.

Noka systematisk gransking av dei norske dialektane var enno ikkje gjort på den tida, og Aasen kom etter kvart til at han sjølv kunne og ville gå i gang med ei slik gransking. Han byrja da med å skrive ein grammatikk over sitt eige målføre, det sunnmørske. Denne tok han med seg til biskopen i Bergen i von om å få støtte til å undersøke andre nærskylde dialektar, i første omgang på Vestlandet. Biskopen tok kontakt med Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og anbefalte arbeidet til Aasen. I dei krinsane var utforskinga av norsk språk ei sak som stod høgt på prioriteringslista, og utfallet var at Aasen fekk eit reisestipend som sette han i stand til å utføre språkeg feltarbeid over det meste av Noreg over fleire år.

Frå 1842 til 1846 reiste Aasen over heile Noreg så langt nord som til Helgeland og samla dialektmateriale, både ordtilfang og data om det grammatiske systemet. Etter denne kraftinnsatsen slo han seg ned i hovudstaden Christiania og utarbeidde ein grammatikk og ei ordbok basert på det materialet han hadde samla og systematisert. Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850) markerte grunnlegginga av norsk dialektologi og norsk språkforsking allment. Sunnmørsgrammatikken som han hadde byrja med, kom ut særskilt i 1851; det var den første djupneanalysen av ei einskilddialekt.

Med dette hadde han førebels nådd det første målet sitt: å beskrive dialektane som delar av ein systematisk heilskap. Han rekna seg rett nok ikkje som ferdig med dette arbeidet, men heldt fram med å samle dialektdata i årevis på nye reiser i alle landsdelar. Men i første omgang tok han fatt på den neste og mest avgjerande delen av prosjektet sitt, nemleg å forme ut ein felles overgripande skriftnormal basert på alle dialektane. Det første utkastet til ein slik normal la han fram i boka Prøver af Landsmaalet i Norge i 1853.

Aasens syn var at den nye norske normalen måtte bygge på mest mogleg felles trekk i dialektane. Da gjekk han tilbake til det felles utgangspunktet, det punktet da dialektane skilde seg frå kvarandre etter den gammalnorske perioden. Han baserte seg da på dei eldste formene han fann i det levande talemålet, men gjekk ikkje tilbake til gammalnorske former som var utdøydde. Det vil mellom anna seie at han ikkje prøvde å føre inn att det gammalnorske kasussystemet, som det rett nok fanst restar av i talemålet i form av dativformer i ein del dialektar, men som ingen stad var bevart som eit fullstendig system. Derimot heldt han fast på ei inndeling i tre kjønn i substantivbøyinga, i motsetning til dansk, sidan desse tre kjønna fanst i alle dialektar unntatt det bergenske bymålet. Aasen såg bort frå trekk i bymål som skilde seg frå alle bygdemål på grunn av innverknad frå dansk og tysk.

Aasen kjente seg ikkje ferdig med språkbyggingsarbeidet sitt i 1853. Han heldt fram med arbeidet sitt, no med statsstipend etter stortingsvedtak, i mange år. I 1864 gav han ut ei sterkt utvida utgåve av grammatikken sin, no kalla Norsk Grammatik. Han heldt deretter fram med å samle inn og systematisere ord frå dialektane med tydingar og bruksmåtar og presenterte resultatet i den store Norsk Ordbog med dansk Forklaring i 1873. Etter det gav han ut fleire verk med anna og meir spesialisert språkmateriale, til dømes ei namnebok og ei samling med ordtak. I tillegg var han diktar og gav ut eit spelstykke (Ervingen) og mange populære dikt og songar. Dei verka òg som ein viktig kanal å gjere det nye skriftspråket kjent gjennom.

Ekspansjon fram til 1940

Jamstillingsvedtaket 1885

Jamstillingsvedtaket er eit vedtak gjort i Stortinget 12. mai 1885. Biletet over viser representantframlegget som var grunnlaget for vedtaket.

Det endelege vedtaket i Stortinget, med 78 mot 31 stemmer var «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Folkesproget i vedtaket var landsmål, seinare omdøypt til nynorsk.

Vedtaket førte til at landsmål vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Skriftspråket som vart brukt i Noreg på 1800-tallet, vart kalla riksmål og var for det meste identisk med dansk.

Jamstillingsvedtaket 1885
Av .

Alt i Aasens levetid fekk nynorsken offisiell status som formelt likestilt med det danske skriftspråket i Noreg. I 1885 vart dette vedtaket gjort i Stortinget med 78 mot 31 røyster:

Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.

Det var regjeringspartiet Venstre som sikra fleirtalet for vedtaket, og det var dette partiet som i dei neste tiåra fekk gjennomført dei første stega i ein politikk med det siktemålet å gjere jamstillinga til røyndom.

I skulen

Den første arenaen som måtte opnast, var skulen. Alt i 1892 vedtok Stortinget at landsmålet kunne takast i bruk i folkeskulen (grunnskulen) etter vedtak i dei lokale skulestyra. Alt i 1890, før det eigentleg var lov, vedtok eit par skulestyre (Bygland, Lom) å føre inn landsmål som undervisningsspråk, og utover i 1890-åra og dei første tiåra på 1900-talet fekk dei følgje av stadig fleire skulekrinsar. Først og fremst skjedde dette i dei indre bygdene på Agder og på Vestlandet, og i fjellbygdene mellom Aust- og Vestlandet. Dette området vart etter kvart til det «nynorske kjerneområdet». Her vart nynorsken fleirtalsspråk som skriftspråk etter kvart som nye generasjonar fekk det som første skulespråk. I dei andre landsdelane og i byane fekk språket lite eller ikkje noko innpass.

Med nye folkeskulelover frå 1915 av vart det opna for lokale folkerøystingar om undervisningsspråket i skulekrinsane; skulestyra rådde altså ikkje åleine lenger. Det stimulerte eit breiare språkengasjement blant bygdefolk – det kunne sjølvsagt slå begge vegar. Midt på 1930-talet hadde knapt 20 prosent av folkeskuleelevane nynorsk som undervisningsspråk.

I kjølvatnet av denne prosessen vart det vedtatt at elevar i spesielle utdanningar skulle lærast opp i og prøvast i begge målformene bokmål og nynorsk, det eine som hovudmål og det andre som sidemål. Det gjaldt for lærarutdanninga frå 1902 og i gymnaset frå 1907.

I den offentlege forvaltninga

I den offentlege forvaltninga tok det lengre tid for nynorsken å få fotfeste. Første gong ei lov vart vedtatt i nynorsk målform, var i 1894: det var Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig. Men den lova vart lenge verande ei einsleg svale. I den meir daglege statsforvaltninga vart det først i mellomkrigstida tatt konkrete steg for å fastsette prinsippet om jamstilling mellom skriftspråka. Det skjedde i 1930, da Stortinget vedtok Lov om målbruk i statstenesta. Den slo fast at alle statstilsette som var fødd etter 1. januar 1905, hadde plikt til å bruke begge målformer i tenesta. I 1932 vart det vedtatt eit sett føresegner om korleis dette prinsippet skulle gjennomførast. Mellom anna vart det da fastsett at både enkeltpersonar og kommunar skulle ha rett til å få korrespondanse og annan informasjon frå staten på den målforma dei sjølv brukte eller uttrykte ønske om. Skjema og andre offentlege papir skulle finnast på begge målformer eller gjevast ut skiftevis på begge.

Dette var omstridde vedtak, og tautrekkinga om realiseringa av dei kom til å vare i mange tiår ned gjennom hundreåret, men styrkinga av nynorsk som offentleg administrasjonsspråk, både på statleg nivå og lokalt i dei mest nynorsktette landsdelane, var merkbar ettersom nye generasjonar som var stadig meir fortrulege med målforma, rykte inn i forvaltninga.

I kyrkja

Ein av dei første institusjonane som opna ein større plass for nynorsk, var kyrkja. Grunnlaget var omsetting av stadig fleire bibeltekster til nynorsk, fram til heile Bibelen låg føre i ein nynorsk versjon i 1921. Nye, forbetra og moderniserte versjonar følgde i dei neste tiåra. I tillegg vart det utvikla ein salmelitteratur på nynorsk, dels gjennom omsetting frå dansk og andre språk, men i stor mon òg gjennom nydikting. Grunnleggaren av den nynorske salmediktinga var Elias Blix (1836–1902), som gav ut den første samlinga si alt i 1869. Andre følgde opp utover på 1900-talet, og i 1925 vart ei omfangsrik Nynorsk Salmebok utgitt som eit alternativ til Magnus Brostrup Landstads Kirkesalmebok. Med desse tekstene, som vart mykje brukt i kyrkjelydane og i bedehusrørsla, fekk nynorsken innpass også som liturgisk språk, ofte rett nok etter hard strid i dei lokale kyrkjelydane. Det var særleg i det nynorske kjerneområdet at dette skjedde, men mange nynorske salmar fekk ein plass også i den nasjonale salmeskatten.

I pressa

I pressa fekk nynorsken først sine talerøyr i idealistiske bladtiltak av enkeltpersonar: Aasmund Olavsson Vinjes Dølen frå 1859 til 1870 og mellom anna Arne Garborgs Fedraheimen frå 1877 til 1891. Men etter kvart utvikla det seg ei nynorsk offentlegheit, ikkje minst gjennom spreiinga av desse blada gjennom abonnement rundt i landet og gjennom bygginga av ei organisert målrørsle. Det tredje nynorske bladtiltaket, Den 17de Mai, starta i 1894 og vart med tida til ei dagsavis, men gjekk inn i 1935. Det viste seg at det ikkje var grunnlag for ei permanent nynorsk dagsavis. Men på regionalt og lokalt plan i kjerneområdet fekk nynorsken ein stadig sterkare posisjon i nye lokalaviser. På denne måten vart målforma stadig meir tilvant og etter kvart tatt i bruk blant vanlege folk – sjølv om ikkje alle tiltaka overlevde. På nasjonalt plan oppstod det òg andre typar blad som viste seg å bli varige: Det kristelege Stille Stunder og barnebladet Sysvorti (seinare Norsk Barneblad) i 1887, og frå 1894 tidsskriftet Syn og Segn.

I skjønnlitteratur og teater

Ikkje minst i skjønnlitteraturen ekspanderte nynorsken, både i lyrikk og prosa, og mange av dei forfattarane som stod fram, fekk sentrale posisjonar i den nasjonale litteraturen. Namn som Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og Per Sivle markerte seg alt før 1900, og utover på 1900-talet sette produktive forfattarar som Olav Duun, Kristofer Uppdal, Sven Moren, Tore Ørjasæter, Olav Aukrust, Inge Krokann, Tarjei Vesaas og mange fleire eit sterkt preg på den norske skriftkulturen.

I 1913 vart det skipa eit nynorsk teater i Oslo, Det Norske Teatret, som vart svært viktig for utviklinga av ein nynorskspråkleg dramatikk og eit nynorsk talemål som stod over dialektane og dermed kunne settast imot det normaliserte riksmålsbaserte talemålet. Enda viktigare for utbreiinga av nynorsk som «normalt» talespråk var NRK, som var statleg driven og dermed bunden av mållova til å gi begge målformene ein plass i sendingane. Alle vart dermed etter kvart vane med å høyre nynorsk normaltalemål som ein del av kvardagen – sjølv om det hos mange skapte negative reaksjonar. Heile denne utviklinga var omstridd i store krinsar av folket, ikkje minst i byane.

Tilbakegang og ny konsolidering

Den første store ekspansjonsperioden til nynorsken var tiåra frå hundreårsskiftet og fram til den tyske okkupasjonen frå 1940 til 1945. Etter frigjeringa skjedde det eit skifte. I folkeskulen hadde da over 30 prosent av elevane nynorsk som hovudmål, men mange stader, ikkje minst i Trøndelag og Nord-Noreg, men også i andre grenseområde lengre sør mellom det nynorske kjerneområdet og bokmålsdominerte område, kom bokmålet etter kvart inn att som skulespråk, ofte etter lokale folkerøystingar. Ein viktig faktor bak denne utviklinga var ei omfattande sentralisering av busetnadsstrukturen og dermed også skulestrukturen i landet. Mange små grendeskular vart slått saman med større sentralskular i næraste by eller bygdesentrum, der bokmålet ofte rådde grunnen. Ein viktig grunn til at nynorsken fekk ei veikare stilling, var òg mangelen på nynorske lærebøker og andre læremiddel; det gjorde det vanskelegare for nynorskelevar å halde fast på nynorsken som sitt personlege bruksspråk.

Omkring 1965 var nynorskprosenten igjen cirka 20, slik som tretti år før. På 1970-talet stabiliserte han seg på litt over 15; målforma stod framleis stadig sterkt i det nynorske kjerneområdet, men var langt på veg fortrengt i «randområde» mot bokmålsdistrikt.

Tilbakegangen i skulen var eit faresignal for den langsiktige stillinga til nynorsken, men på dei ulike kulturområda der han var etablert, slik vi har skissert ovanfor, heldt han stand, både på nasjonalt plan og i kjerneområdet. På 1960- og 1970-talet utvikla det seg nye tendensar særleg i ungdomsmiljø. Det var ei tid med sterk ekspansjon i utdanningssystemet, og stadig større delar av ungdomskulla fekk høgare utdanning. I desse miljøa fekk både nynorsksaka og ein antisentralistisk distriktspolitikk ein renessanse. Ei viktig kampsak her var kravet om eit radikalt betre tilbod på nynorske læremiddel. Her viste lovgjevarane seg lydhøyre. I grunnskulelova frå 1969 og seinare i lov om vidaregåande opplæring frå 1974 vart det sett som eit vilkår for å få nye lærebøker godkjent av styresmaktene at dei skulle ligge føre på begge målformer til same tid og pris. Læreboksituasjonen betra seg seg da også, sett frå eit nynorsksynspunkt, klart utover 1970- og 1980-talet.

Også på andre område vart det vedtatt retningsliner som styrka nynorsk; såleis vedtok Stortinget i 1971 at minst 25 prosent av ordsendingane i NRK skulle vere på nynorsk. Dette vart ståande som eit siktemål i dei neste tiåra. Det vart ikkje realisert fullt ut, men det konsoliderte likevel nynorskens posisjon i etermedia.

I 1980 vedtok Stortinget ei lov om målbruk i offentleg teneste, som utfylte og forsterka føresegnene i den eksisterande mållova. På dei samfunnsområda som stod under statleg styring og kontroll, konsoliderte nynorsken såleis stillinga si. På andre område, som i det private næringslivet, i bankvesenet, i samferdsla, i forsikringsstellet, i populærkulturen og så vidare dominerte derimot bokmålet i heile perioden. I kjerneområdet hadde nynorsken likevel ein viss plass også på slike felt i lokale tiltak.

Språkleg utvikling

Kjernen i ein språknormal, i alle fall i den språktypen som er vanleg i Europa, er bøyingssystemet (morfologien).

Dei sentrale draga i Aasens landsmålsnormal frå 1853 er desse:

Substantiv

Substantiva vart delt i tre hovudgrupper kalla kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Innanfor kvart kjønn vart dei delt i to undergrupper: svake og sterke. Vi markerer her bøyingsmønsteret med eit døme frå kvar undergruppe:

Eintal ubunden form Eintal bunden form Fleirtal ubunden form Fleirtal bunden form
Sterkt hankjønn ein Arm Armen Armar Armarne
Svakt hankjønn ein Time Timen Timar Timarne
Sterkt hokjønn ei Skaal Skaali Skaaler Skaalerna
Svakt hokjønn ei Visa Visa Visor Visorna
Sterkt inkjekjønn eit Hus Huset Hus Husi
Svakt inkjekjønn eit Auga Augat Augo Augo

Aasen følgde dei vanlege konvensjonane i si tids dansk i det reint grafiske, det vil seie aa for vårt å og store førebokstavar i substantiv. På desse punkta endra begge dei norske målformene seg i tiåra rundt hundreårsskiftet (1900) utan særleg målstrid. Når det gjeld sjølve bøyingsmønstra, kom nynorsken til å endre seg på fleire punkt i løpet av 1900-talet. Vi summerer dei kort opp her:

  • Alt i den første rettskrivingsreforma for nynorsk, i 1901, vart dei bundne fleirtalsformene forenkla, så vi fekk armane, timane, skaalene (frå 1917 skålene) og visone.
  • I 1917 vart skiljet mellom sterkt og svakt hokjønn utjamna, rett nok valfritt. Ein kunne dermed velje mellom skåli og skåla, og mellom ei visa – fleire visor – alle visone og ei vise – viser – visene. Dei enklare formene, som hadde eit langt vidare grunnlag i talemålet, slo etter kvart igjennom i vanleg språkbruk og vart frå 1938 obligatoriske i lærebøker, men dei eldre formene vart verande sideformer, altså tillatne for elevar i skriftlege arbeid. I den nyaste nynorske rettskrivingsreforma, frå 2012, vart dei nyare formene obligatoriske. Parallelt med dette fekk òg sterke inkjekjønnsord, det vil seie dei aller fleste inkjekjønnsord, -a i fleirtal bunden form: husa, først valfritt jamsides husi, frå 2012 obligatorisk.
  • Svake inkjekjønnsord var det svært få av (auga, øyra og hjarta var dei viktigaste). Frå 1938 kunne dei valfritt få den same bøyinga som dei sterke, altså auge – auget – auge – auga; slik er det enno. I eintal bunden form av det tradisjonelle mønsteret vart endinga -t fjerna, så skiljet mellom ubunden og bunden form fall bort: Det skulle da heite berre auga i eintal og augo i fleirtal. Men i det nyare hovudmønsteret med endinga -e vart -t verande obligatorisk som i alle andre inkjekjønnord. Dermed har vi i dag dette mønsteret:
Eintal ubunden form Eintal bunden form Fleirtal ubunden form Fleirtal bunden form
Sterkt hankjønn ein arm armen armar armane
Svakt hankjønn ein time timen timar timane
Sterkt hokjønn ei skål skåla skåler skålene
Svakt hokjønn ei vise visa viser visene
Sterkt inkjekjønn eit hus huset hus husa
Svakt inkjekjønn eit auga / eit auge auga / auget augo / auge augo / auga

Dette er vel å merke dei regelrette mønstera. Det finst òg ein del unntaksgrupper, såleis ord med omlyd i fleirtal (ei bok – boka – bøker – bøkene) og andre.

Verb

Verba er delt i to hovudgrupper kalla svake og sterke, liksom i andre germanske språk. Det typiske for svake verb er at dei får ei ending -de eller -te i fortid (preteritum og supinum), mens sterke verb ikkje får noka ending, men skiftar vokal etter bestemte mønster. Dei svake verba kan delast inn i tre hovudgrupper: a-verb, e-verb og kortverb. Dei sterke verba er delt i fleire bøyingsklasser med ulike mønster for vokalskiftet i fortid.

Aasen sette opp desse hovudmønstera:

Infinitiv Presens eintal Presens fleirtal Preteritum eintal Preteritum fleirtal Supinum
A-verb kasta kastar kasta kastade kastade kastat
E-verb nemna nemner nemna nemnde nemnde nemnt
lysa lyser lysa lyste lyste lyst
Kortverb tru trur tru trudde trudde trutt
Sterke verb lesa les lesa las laaso leset
skriva skriv skriva skreiv skrivo skrivet
koma kjem koma kom komo komet
taka tek taka tok toko teket
finna finn finna fann funno funnet

Det finst fleire bøyingsmønster, særleg innanfor dei sterke verba; vi har ført opp døme på nokre av dei vanlegaste. Også her har nynorsken etter Aasen endra seg på viktige punkt.

Som vi ser i tabellen, førte Aasen inn særskilde fleirtalsformer i sterke verb og i presens av svake verb. Fleirtalsformene var ein rest av det gammalnorske bøyingssystemet som Aasen fann att i ein del av dialektane i dei sørnorske fjellbygdene; dei lever framleis i Hallingdal. På Aasens tid var slike former i bruk både i dansk og (særleg) i svensk. Men dei gleid etter kvart ut i alle språka, seinast i svensk, men alt før hundreårsskiftet (1900) var dei borte både i dansk (i Danmark og Noreg) og i nynorsk.

Aasen ønskte å gjennomføre former på -ade – -at i fortid av a-verb, sjølv om desse formene ikkje fanst i talemålet. Han meinte at systemet vart klarare og meir regelbunde når han fekk med desse endingane, som bygde på det norrøne systemet, og som rådde i både svensk og dansk (i dansk med endingane -ede – -et). I dialektane dominerte endinga -a (kastahar kasta), i desse formene, og etterfølgjarane til Aasen meinte det var best å tilpasse normalen til talemålet på dette punktet. Alt i 1901-rettskrivinga vart dermed endinga -a gjennomført, og desse formene slo fort heilt igjennom i bruken.

Ei anna viktig endring som vart gjennomført alt i 1901, var strykinga av endinga -t i supinum av sterke verb. For leset, skrivet, komet og så vidare skulle det frå da av skrivast lese, skrive, kome og så vidare. Endinga -i (har lesi, skrivi, komi og så vidare) vart innført som valfri i 1938 og ein god del brukt i dei følgjande tiåra, men -e slo etter kvart på nytt igjennom og vart obligatorisk att med reforma i 2012.

Infinitivsendinga er skiftande i dialektane, men Aasens metode tilsa at han gjennomførte endinga -a (lesa), sjølv om mange dialektar har -e (lese) eller inga ending (læs). Forma på -a var den opphavlege, som var nedarva frå gammalnorsk, og den var fullt levande i eit stort dialektområde (Sørvestlandet frå Indre Sogn i nord til Vest-Agder i sør).

Men det er nettopp infinitivsendinga det har vore mest ustabilitet og strid rundt seinare. Endinga -a møtte to konkurrerande system som frå 1917 òg fekk ein plass i normalen som valfrie: Det eine var gjennomført bruk av endinga -e (kaste, nemne, lese, kome); det andre var eit system med veksling mellom dei to endingane som fekk namnet kløyvd infinitiv. I dette systemet fekk dei fleste verba endinga -e, men ei mindre gruppe særs vanlege verb som hadde fått jamvekt i austnorske dialektar, fekk endinga -a. Da skulle det skrivast kaste, nemne, lyse, skrive og finne, men lesa, koma og taka. Fordelinga av verb på -a og -e måtte lærast særskilt av dei som ikkje hadde denne fordelinga i si eiga dialekt.

I dag har vi da det nedanståande mønsteret for den nynorske verbbøyinga. Merk at alle dei tre systema for infinitivsendinga no er fullt jamstilte og i aktiv bruk i samfunnet; her fører vi opp dei formene som skal brukast når ein nyttar kløyvd infinitiv:

Infinitiv Presens Preteritum Supinum
A-verb kaste kastar kasta kasta
E-verb nemne nemner nemnde nemnt
lyse lyser lyste lyst
Kortverb tru trur trudde trudd / trutt
Sterke verb lesa les las lese
skrive skriv skreiv skrive
kom(m)a kjem kom kom(m)e
taka /ta tek /tar tok teke / tatt
finne finn fann funne

Jamførande døme på endringar i nynorsk i bruk frå Aasen til i dag

Som eit døme på Aasens nynorsknormal i praktisk bruk jamført med dagens nynorsk siterer vi her eit lite stykke frå Prøver af Landsmaalet i Norge (1853), normert til dei formene Aasen landa på i Norsk Ordbog (1873):

Ein Knipar

Det var ein Mann som skulde gjera Dugnad, og han hadde ei stor Sut fyre all den Maten, som skulde ganga til; fyre han var so nauv og smaahjartad av seg. Då Gjesterne vaaro komne til bords, so aat han sjølv berre ein Grand, og so heldt han upp og tenkte, at hine skulde gjera det same; men dei gaavo seg gode Tider og heldo paa eta rett munarlege. Daa vart Mannen reint forskræmd, og so ropade han til Kjeringi: «Kom hit og et, du ogso; du ser no at det gjeng til lika vel.»

Vi ser at Aasen somme stader bruker andre ord enn dei som no er vanlege. Ein knipar ville vi kalle ein gniar, og ein slik person er nauv (gjerrig) og småhjarta (småleg). Uttrykket gjera dugnad er interessant. Dugnad bruker vi jo enno, i om lag same tyding som Aasen, men i hans tid gjekk ikkje dette ordet berre på arbeidet, men også på den sosiale plikta som låg på den som fekk dugnadshjelpa: å diske opp med eit rikeleg måltid til dei som har vore med på dugnaden. Dette er bakgrunnen for handlinga og humoren i soga. Uttrykket ganga til betyr her ’bli oppbrukt / oppete’. Verbet ganga – gjeng heiter no gå – går. Munarlege blir i dag skrive monaleg og tyder i denne samanhengen ’mykje, dugeleg’.

I vår tids mest vanlege nynorsk med moderne ordlegging vil dette stykket kunne sjå slik ut (detaljane kan varierast både i ord- og formval; her bruker vi a-ending i infinitiv):

Ein gniar

Det var ein mann som skulle skipa til ein dugnad, og han var svært bekymra for all den maten som ville gå med, for han var så gjerrig og småleg av seg. Då gjestene var komne til bords, så åt han sjølv berre eit lite grann, og så heldt han opp og tenkte at dei andre skulle gjera det same, men dei gav seg god tid og heldt fram med å eta rett monaleg. Då vart mannen reint forskremd, og så ropa han til kjerringa: «Kom hit og et, du òg; du ser no at alt blir oppete likevel.»

Nynorsken i dag

Som kulturspråk og offisielt språk har nynorsken konsolidert seg. Ei ny språklov som vart vedtatt i 2021 og gjeld frå 2022, styrkar posisjonen til språket både i den statlege og lokale forvaltninga. Viktige nasjonale institusjonar for bruk og styrking av nynorsk er forlaget Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret i Oslo, Nynorsk kultursentrum i Ørsta, Nynorsk Pressekontor og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som vart grunnlagt i 2005 i Volda. Ikkje minst er den organiserte målrørsla ein sentral pådrivar for fremming av nynorsk – og vakthund når det buttar imot. Her har sentralorganisasjonen Noregs Mållag stått i fremste line sidan skipinga i 1906.

Også nasjonale og regionale institusjonar som ikkje har nynorsk som hovudføremål, har spela ei viktig rolle i å synleggjere og innarbeide språket som bruksspråk. Det gjeld Norsk rikskringkasting – både nasjonalt og gjennom distriktskontor i sterke nynorskområde, særleg Førde i Vestland fylke. Viktige utdanningsinstitusjonar med nynorsk som sitt offisielle språk er Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet med studiestader frå Haugesund i sør til Sogndal i nord. Også ved Universitetet i Bergen, der både bokmål og nynorsk er offisielle språk, har nynorsken ei sterk stilling.

Kor mange som bruker nynorsk som sitt personlege språk (eventuelt jamsides bokmål), finst det ingen statistikk over, men det har vore vanleg å rekne med opp mot ein halv million. Dette talet er ikkje konstant; mykje tyder på at det går ned. Det er på grunn av at nynorsken er i nedgang som skulemål, ikkje så mykje i elevtal som i prosent. Dette heng særleg saman med folkeflyttingar: Tendensen til at unge menneske flyttar frå nynorskdominerte bygdesamfunn til bokmålsdominerte byar, både på grunn av utdanning, arbeidsplassar og meir livsstilsrelaterte grunnar, held fram, og mange skiftar over til bokmål, heilt eller delvis. Det er ikkje uvanleg at nynorskbrukarar som har etablert seg i bokmålsmiljø, held fram med å snakke dialekt og skrive nynorsk i kontakten med det opphavlege miljøet sitt, men bruker bokmål i det daglege arbeidslivet og sosiale livet der dei bur. Born med éin eller to nynorsktalande foreldre som veks opp i bokmålsdominerte miljø, vil ofte halde på bokmålet som hovudmål.

Framleis er Vestlandet (særleg Vestland fylke utanom Bergen og Sunnmøre) den sterkaste nynorskbastionen, ikkje berre bygdene, men òg tettstader og nye byar. Her har nynorsken ei såpass sterk stilling i det offentlege livet, ikkje minst kulturlivet og utdanningsinstitusjonane, at nye generasjonar held på språket og utviklar det vidare også i arbeidslivet og dagleglivet elles.

Normeringa av nynorsken har stabilisert seg etter den siste rettskrivingsreforma i 2012, og vi har fått ein konsolidert «midtlinenynorsk» som i hovudsak har tatt opp i seg dei tilnærmingsformene med breitt talemålsgrunnlag som vart innført på 1900-talet, men utan å gå vidare i tilnærminga. Når det gjeld ord og uttrykk (idiomatikk), blir språket konstant påverka av bokmål og engelsk, eit uttrykk for at yngre nynorskbrukarar lever i og blir påverka av det same som bokmålsbrukande ungdommar og ungdommar i grannelanda våre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg