Inge Krokann

Faktaboks

Inge Krokann
Født
19. august 1893, Oppdal, Trøndelag
Død
27. desember 1962, Gausdal, Innlandet

Gunnvor og Inge Krokann. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Inge Krokann
Av /NTB Scanpix ※.
Inge Krokann. Foto frå rundt 1930–1935.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC0 1.0

Artikkelstart

Inge Krokann var forfattar. Sentrale tema i diktinga hans er tilhøvet mellom folk i bygdesamfunna og verda utanfor, og mellom menneska og naturkreftene. Han skreiv nynorsk med sterkt innslag av oppdalsdialekt.

Krokann vart fødd i Oppdal. Han var utdanna og arbeidde ei tid som lærar. Han var målmann og venstremann – målpolitisk gjekk han inn for samnorsklinja i etterkrigstida. Frå 1945 fekk han kunstnarløn, og i 1954 vart han statsstipendiat.

Hovudverket til Krokann er den historiske romanrekkja om Lo-ætta, som omfattar I Dovre-sno (1929), Gjenom fonna (1931), På linfeksing (1934) og Under himmelteiknet (1941). Stoffet er henta frå Krokann si eiga heimbygd, Oppdal, på 1500-talet. Han tek opp møtet mellom dei norske bøndene på den eine sida og dei nye danske makthavarane på den andre, men også tema som heidenskap kontra kristendom. Romanen Blodrøter (1936) er eit stykke norsk bygdesosiologi som skildrar fattigdom, trongsyn, misunning og massepsykose. Boka tok utgangspunkt i eit justismord som var mykje omtalt i mellomkrigstida, den såkalla Hetlesaka i Sunnfjord, og er omsett til svensk.

Som forfattar har Krokann elles skrive både dikt, bokmeldingar og ymse artiklar. Han interesserte seg sterkt for historie, og det var han som introduserte uttrykket «Det store hamskiftet» i ein artikkel frå 1942. Uttrykket blir brukt om endrings- og moderniseringsprosessen i dei norske bygdene etter ca. 1850 og har blitt brukt av ei rekkje historikarar. Krokann ønskte å vise korleis bondesamfunna vart meir integrerte i storsamfunnet, og dette har seinare vore eit sentralt tema i norsk historieforsking og historiedebatt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bjørkum, Ragna Myrstad & Ingeborg Donali, red.: Augo ser så mangt : av og om Inge Krokann, 1993
  • Dalgard, Olav: Inge Krokann : liv og dikting, 1970
  • Nilsen, Helge Normann: Tinder og avgrunner : hovedlinjer i Inge Krokanns forfatterskap, [2007]

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg