Kløyvd infinitiv er eit mønster for infinitivsformer av verb i dialektar på Austlandet, Trøndelag og delar av Sverige. Infinitivsformene av verb kan ende på a eller e, avhengig av jamvektsloven.
I austnorske dialektar, som altså har kløyvd infinitiv, kan ein til dømes seie å væra og å sova, men å kjøpe og å skrive. I trøndersk vil kløyvd infinitiv få eit litt anna resultat (men same prinsippet). Det heiter til dømes i Indre Trøndelag å vårrå og såvvå, men å kjøp og å skriv (apokope). Dialektene som har to ulike endevokalar i infinitiv, høyrer til det som blir kalla jamvektsområdet, og dialektene her følgjer jamvektsloven.
Jamvektsloven går ut på at tostava ord med kort rotstaving og jamt trykk på båe stavingane i gammalnorsk (jamvektsord) har halde på den opphavlege kvaliteten av endevokalen -a i austlandsk og trøndersk. Forklaringa på dette er truleg at den jamne trykkfordelinga på rot- og endestaving i desse orda må ha halde seg i talemålet ganske lenge. Tostavingsorda med lang rotstaving og hovudtrykk på første stavinga (overvektsord) fekk kvaliteten av endevokalen svekka til ein trykklett -e (oftast -ə).
I austnorske dialekter er det 200–300 verb som vil få a-ending i systemet kløyvd infinitiv. Dei andre verba vil få e-ending. Eksempel på verb som ofte vil ha a-ending, er baka, eta, fara, flytta, gjera, gjeva, hata, klaga, kunna, lesa, lova, rydja, seia, sitja, skjera, sova, stela, tapa, telja, velja, veta, veva og andre. Dei som vil bruke kløyvd infinitiv i skrift, må helst ha dette systemet i sin eigen dialekt, eller dei må pugga verba som får ‑a (sjå nedanfor).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.