Faktaboks

Også kjend som

Lunde

Innbyggjartal
1524 (SSB, 2023)
Landareal
1,6 km²
Tettstadsnummer
3071 Bjervamoen
Bjervamoen
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY 2.0

Bjervamoen er ein tettstad i Nome kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1524 innbyggjarar (2023).

Bjervamoen ligg ved Telemarkskanalen og Sørlandsbanen, cirka 10 km vest for Ulefoss. Her låg kommunesenteret i tidlegare Lunde kommune. Sørlandsbanen kryssar Telemarkskanalen ved Bjervamoen.

Viktigaste næringsverksemder er trevare- og verkstadsindustri og eit teglverk. Tettstaden har vidaregåande skule.

Kart

Bjervamoen
Bjervamoen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg