presens

Artikkelstart

Presens er ei form av verbet som blir brukt for å uttrykkje at ei utsegn gjeld notida, som i setninga Han er sjuk i dag. Dette er i motsetnad til blant anna verbforma preteritum, som uttrykkjer at utsagnet gjeld fortida: Han var sjuk i går. Slike verbformer er eksempel på tempus.

Faktaboks

Uttale
prˈesens
Etymologi
av latin praesens ‘nærverande’

Notida inneber ei overlapping med tidspunktet då utsegna blir ytra, men kan variere sterkt i lengd, frå det som berre gjeld ein augeblink til noko bortimot uavgrensa:

  • Der headar Utland ballen frå feltet og i mål!
  • Dei sit og et middag, så vi får vente litt.
  • Det regner i dag.
  • Per og Kari er på ferie i Spania denne veka.
  • Marius arbeider som omsetjar.
  • Ali er norsk.
  • Noreg og Sverige ligg ved sida av kvarandre.
  • Kvalen er eit pattedyr.
  • Jorda er rund.
  • Universet utvidar seg.

Som i andre germanske språk kan presens også brukast om framtida:

  • Ha det, ser deg i morgon!

Historisk presens er bruk av presens om fortidige forhold, oftast for å gjere framstillinga meir levande og nær:

  • Det norske laget får nytt mot når Carew skårar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg