Nynorsk Pressekontor

Nynorsk Pressekontor (NPK) vart oppretta i 1969 i Oslo. Føremålet er å sende ut allsidig pressestoff på nynorsk til norske nyheitsmedier. Pressekontoret vart oppretta etter at Stortinget løyvde pengar til ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. NPK vert drive som ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga. NPK legg vekt på nyheiter om kultur, primærnæringar, miljø og helse. Rundt 40 norske aviser mottar meldingar frå NPK.

Faktaboks

Også kjent som

NPK

Eksterne lenker

Kommentarer (2)

skrev Berit Rekve

Under "Også kjent som" bør det stå NPK, ikkje NP. Til dømes er nettadressa npk.no og dei forkortar det NPK sjølv.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg