Torshaug bedehus i Tokke i Telemark, bygd i 1928.

.
Lisens: fri

Lauvsnes bedehus på Finnøy i Rogaland.

/Digitalt Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Barnesongkor i bedehuset i Moelv på 1940-talet.
/Digitalt Museum.
Bedehuset i Saksumdal
Bedehuset i Saksumdal blei bygd i 1909 og var i bruk fram til 1980-talet.
Bedehuset i Saksumdal
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Bedehus er kristne forsamlingshus. Dei første bedehusa blei bygde på midten av 1800-talet med utgangspunkt i pietismen. I ein lang periode fylte bedehusa mange sentrale religiøse og sosiale funksjonar i norske bygder.

Bedehus i Noreg

Tidlegare var det mange bedehus i Noreg, men talet har gått raskt nedover. Mange av forsamlingshusa er i dag anten selde, rivne eller ikkje i bruk. Andre er i aktiv bruk og er senter for kristne miljø. Talet på bedehus i Noreg er antakeleg rundt 3000, og antakeleg er rundt halvparten av desse eigde og drivne av organisasjonar med tilknyting til Den norske kyrkja.

Bedehusa har hatt mykje å seie for norsk lekmannsarbeid og for det lokale miljøet utover bygdene. Særleg har kristen misjonsverksemd fått god støtte frå bedehusmiljøet.

I dag har bedehusa mange stader blitt samlingsstader for konservative kristne. Ikkje minst gjeld dette for bedehus som har tilknyting til indremisjonen, og for kristne som opplever at Den norske kyrkja har brote med Bibelens ord.

Mange namn

Namnet bedehus er henta frå Bibelen. I Det nye testamentet, i Markusevangeliet, kapittel 11, vers 17, står dette i bibelomsetjinga til bokmål av 1930: «[…] Mitt hus skal kalles et bedehus […]». I same omsetjing av Det gamle testamentet, i Jesaja, kapittel 56, vers 7, står dette: «[…] mitt hus skal kalles et bedehus for alle folk». I nyare omsetjingar blir «bønnens hus» brukt på bokmål og «bønehus» brukt på nynorsk, men det gamle namnet blir framleis brukt om forsamlingslokala.

I Sverige og i samiske miljø som kryssar den norsk-svenske grensa, blir også ordet «bønehus» nytta. Der kyrkjelydar (menigheter) i Den norske kyrkja eig bygningane, blir husa ofte kalla «kyrkjelydshus» (menighetshus). Kvekarar kallar møtelokala sine «møtehus», og nokre innvandrarmiljø bruker det engelske namnet «meeting house». Enkelte stader bruker ein òg namna «kristeleg ungdomshus» og «misjonshus» – det siste er ofte tilfelle når husa er eigde av ei misjonsforeining.

Historie

Bedehusa har opphav i den pietistiske vekkingsrørsla og kom i stor grad til å overta funksjonen til husmøta. Det første forsamlingshuset ein slå fast at blei kalla bedehus, var «Hauges Minde» i Skien, bygd i 1850.

Bedehuset i den vesle bygda Saksumdal ved Lillehammer er eit typisk døme. Historia til dette bedehuset gir eit bilete av utviklinga av bedehusa i Noreg.

Dømet Saksumdal

Bygda fekk eit bedehus i 1909. Bakgrunnen var ei vekking i 1889 der Karoline Gundersen og Anna Eriksen var leiarane, og ei ny vekking i 1890 med Kristina Angvik og Ane Haaland som leiarar. Dei to siste reiste ut som misjonærar til Kina i 1893. Bygda fekk ei kinamisjonsforeining i 1904 og fekk også ei eiga indremisjonsforeining. Grunnen til at det blei to foreiningar, var at Kinamisjonen blei ei kvinneforeining. Indremisjonen hadde mannlege leiarar. Frå 1909 samla alle seg i éi foreining og heldt møte på bedehuset. Bedehuset blei samlingsstaden i bygda og eit av dei første husa som fekk elektrisitet.

I 1924 delte organisasjonen seg igjen, men bedehuset heldt fram med å vere møtestad og ein stad for møte med omreisande emissærar og besøkjande misjonærar. I bygdehistoria blir eit besøk av ein kinesar med tolk nemnt som eit av dei viktigaste møta. Bedehuset hadde jentegruppe og gutegruppe. Jentene dreiv med handarbeid og gutegruppa med sløyd. Det dei laga, blei selt på basarane til inntekt for bedehuset og dei to misjonane. For mange var det viktig kvalifisering og sosialt fellesskap i dei to gruppene. På bedehuset var det også basarar til inntekt for blindeforeininga og andre foreiningar, juletrefest og 17. mai-feiring.

Den siste juletrefesten blei halden i 1978, og bedehuset blei seinare selt. I dag er det feriestad for ein privatperson. Kinamisjonsforeininga finst ikkje lenger, men indremisjonen i Saksumdal har framleis medlemmer.

Kvinneforeiningar

Mange av dei aktive i bedehusmiljøa var kvinner. Mange stader blei det starta reine kvinneforeiningar, og mange av dei konsentrerte seg om ulike typar misjonstiltak, ofte også det å byggje opp skular og helsetilbod på misjonsmarka. Miljøa rundt bedehusa blei viktige arenaer for kvinneleg engasjement og kvalifisering.

Det Norske Misjonsselskap (NMS), den eldste misjonsforeininga i landet, byrja først med berre menn, men det oppstod raskt kvinneforeiningar. Den første av desse kom i Lyngdal og blei starta av Gustava Kielland. I 1882 var det 830 misjonsforeiningar for menn og 1700 for kvinner. Rundt 1900 var det rundt fire kvinneforeiningar for kvar mannsforeining. Misjonsforeiningane blei dermed viktige arenaer for kvinneleg organisasjonsarbeid, og dei la stor vekt på ulike former for diakonalt arbeid. I 1940 var det 4500 misjonsforeiningar med rundt 112 500 medlemmer i Noreg.

Interiør og utsmykking

Bedehusa var som regel ganske enkle hus med berre det aller mest nødvendige av innreiing. Det var enkle stolar og trebenkar, men etter kvart kom det òg utsmykking av møtelokala. På dei stadene der ein brukte bedehusa til sløyd og handarbeid til basarar, kom det òg sløydbenkar og utstyr. Ofte blei dette lagt til eit eige rom.

I små lokalsamfunn fungerte bedehusa nokre stader som bygda sitt samfunnshus med møte av mange slag. Ofte var det dei same som var aktive både i misjonsforeiningane, idrettslaget, skyttarlaget og 17. mai-komiteen.

Lågare tilslutning

Det er mange årsaker til at bedehusa har fått mindre å seie. Tre hovudårsaker er urbanisering, aukande mobilitet og sekularisering.

Då bedehusa blei bygde, fanst det ofte få andre sosiale tilbod enn møta på bedehuset. Fråflytting har ført til lågare innbyggjartal i mange bygder der bedehusa tidlegare har vore sentrale samlingsstader. I tillegg hadde ikkje folk bil, og dei gjekk til møta. No er folk meir mobile og i stand til å reise lenger for å samlast. Dermed samlast dei kristne på ein annan måte enn før.

Religiøse møte har òg fått mindre å seie. Med aukande sekularisering har tilslutninga til bedehusa gått ned.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aagedal, Olaf (2003). Bedehusfolket: Ein studie av bedehuskultur i tre bygder på 1980- og 1990-talet. Doktorgradsavhandling. Trondheim: Tapir.
  • Aagedal, Olaf (1988). Rapport fra Bedehusland. Oslo: Samlaget.
  • Birkedal, Erling (2012). Kirke for folk på gatenivå – Om kapellbevegelsen som kirkelig fellesskap, Kirke og Kultur, 2012 (01), side 74–86.
  • Hjortfos, Lis-Mari (2009). Laestadiankapellets/bönhusets historia i Gällivare. Drag: Árran – Lulesamisk senter.
  • Kleppa, Johannes & Rasmussen, Alf Henry (2003). Reise i bedehusland: bedehusene i Rogaland. Bergen: Sambåndet forlag.
  • Kleppa, Johannes & Rasmussen, Alf Henry (2001). Reise i bedehusland: bedehusene i Hordaland. Bergen: Sambåndet forlag.
  • Laget (1996). «Troens hus» i lokalmiljøet (Grefsen, Kjelsås, Nydalen). På Jakt og vakt. Oslo: Laget.
  • Ropeid, Andreas (1993). Bedehus i Rogaland: administrasjon og bruk. Oslo: Småskrifter i Norsk etnologisk gransking.
  • Tjeltveit, Njål (1992). Bedehus og ungdomshus: to hustypar i eit ideologiskt spenningsforhold. Ætt og heim. Stavanger: Rogaland historielag.
  • Ørbech, Kai (2006). Bedehus i Østfold. Oslo: Lunde.

Kommentarar (3)

skreiv Sverre O. Lundal

Trur nok ikkje at Norges KFUK-KFUM vil sei at dei driv bedehusarbeid.

skreiv Hans-Jørgen Wallin Weihe

Takk for godkjenning . jeg har sendt inn et bilde og jobber videre med dette. Jeg skal møte en fra den lokale indremisjonen - håper bildet er OK - Flott om jeg kan bli ført opp som forfatter

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg