Jord- og skogbruk, bygg og anlegg og transport er viktige næringar, og står for til saman kring 28 prosent (2021) av sysselsetjinga i kommunen. Drangedal Bilruter AS, som er den største private verksemda i kommunen, er ein berebjelke i det lokale næringslivet.
I 2013 var det totale jordbruksarealet på 10 246 dekar. Av dette var 8 814 dekar eng og beite. Jordbruket blir ofte drive i kombinasjon med andre næringar. I skogen vart det i femårsbolken 2017 til 2021 avverka i snitt 56 000 m3 årleg, og Drangedal er ein av dei større skogkommunane i Telemark. 45 prosent av avverka kvantum var gran og 55 prosent furu.
Offentlege tenester, mellom anna utdanning og helse, står for ca. 37 prosent av sysselsettinga. Innanfor reiseliv og turisme er vintersportstaden Gautefall mest kjend.
Drangedal er ein pendlarkommune. I 2021 hadde 35 prosent av dei yrkesaktive arbeidet sitt utanfor kommunen, dei fleste i Skien og Porsgrunn.
Drangedal er er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 33 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fem kraftverk i kommunen, høgaste fallhøgd er 98 meter.
Drangedalsposten, med hovudkontor på Prestestranda, kjem ut ein gong i veka med eit opplagstal på 1919 (2016).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.