Frå 1908 av fekk han trykkje enkeltdikt, blant dei Norrønasongen. Debutboka Himmelvarden vekte likevel sensasjon då ho kom i 1916. Diktsamlinga var på nesten 400 sider og skildrar ei religiøs erkjenningsreise gjennom eit fjell-landskap. Naturskildringane fangar opp ekko både av romantikken sine førestellingar om folkeånda, dekadansen med si vektlegging av død og undergang og trua på nasjonal og åndeleg attføding i Grundtvigs og Steiners ånd. Samtidig går dikta i dialog med nasjonale kjernetekstar som Draumkvedet og Henrik Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias.
Det nasjonale og lokalnorske er særleg framståande i Hamar i hellom (1926). Med Hamar i Hellom tek Aukrust for seg den folkelege kulturen, med humoristiske og krasse skildringar av bygdelivet, og med ein hovudtanke om at det beste i lokalkulturen skal reinsast og lyftast opp til universelle verdiar. Fleire av dikta i Norske terningar (gitt ut i 1931) knyter seg nærast til Hamar i hellom.
Då Aukrust døydde låg det att eit nesten fullført manus til Solrenning. I denne boka følgjer han opp den religiøse problematikken frå Himmelvarden, og han både presenterer og drøftar religiøse openberringsopplevingar. Ei rekkje etterlatne dikt, artiklar, talar og brev vart gitt ut i 1965 under tittelen Skaldespor.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.