Ordtak er ei fyndig og lettfatteleg setning som inneheld ein leveregel eller eit visdomsord, eller som gjev uttrykk for ei ålmenn erfaring eller observasjon.

Faktaboks

Også kjend som

ordspråk

Alder og opphav

Ein veit vanlegvis ikkje kven som har laga eit ordtak, eller når og kvar det vart laga. Difor er det vanskeleg å seie noko om opphavet til eit ordtak.

Ordtaket gjev ofte uttrykk for ei ålmenn, menneskeleg erfaring, og ein kan finne same tanke i ordtak frå fleire kulturar. Som eventyra har ordtaka også vandra frå land til land.

Dei ordtaka som ein kan føre attende til ei bestemt kjelde, kjem gjerne frå Bibelen eller andre litterære verk.

Språket i ordtak

Eit ordtak gjev gjerne uttrykk for noko med få, meiningstunge ord i ei finslipt setning. Rim og rytme er viktige språklege verkemiddel. Bokstavrim er mykje brukt, til dømes i «gamal vane, vond å vende» og «borte bra, men heime best». I det siste ordtaket har ein også ei motsetning eller kontrast (mellom «borte» og «heime»), med tilhøyrande adjektiv («bra» og «best»), eit verkemiddel som også er vanleg.

Nærskylde omgrep

Det finst fleire nærskylde sjangrar og klasser av talemåtar, til dømes bevinga ord, aforismar, munnhell og fyndord.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Almenningen, Olaf 1999: «Ordtaka våre», i Norske ordtak. Nesodden: Frifant.
  • Aasen, Ivar 1881: Norske Ordsprog. 2. utgåva. Christiania.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg